Tenåringane mine meinte så absolutt at eg burde skaffa meg sponsorar til denne turen. Det er ikkje heilt meg! Men nå i ettertid ser eg nok at om eg skulle blitt sponsa av nokon, burde det vore TINE, Rannveig! Det er ikkje få go'morgen-yoghurtar og pakkar skivet brunost, som er gått med. Skjønt brunosten treivst betre i sykkeltaskene då desse hadde meir tilnærma kjøleskapstempteratur.
Ellers har eg vel aldri vore så avhengig av å eta ofte og rett og drikka mykje, som på denne turen. Når kroppen skal yta så mykje, seier den klart frå om eg ikkje behandlar han vel. For det meste blir det rundstykker med pålegg, ost eller banan. Sper på med frukt, grønnsaker og yoghurt, og kan også ha på lur litt ekstra energi i form av XL1-drikk (har bare benytta meg av det to dagar, drikk ellers bare vatn), bananar, nøtteblandinger og new-energi-sjokolade.
Eg har kjøpt få middagar, men har hatt nokon og ellers fått i meg litt fisk i form av fiskekake og makrell i tomat.
Vatn er viktig. Når dagane er varme, seier det seg sjølv, kroppen skrik etter drikke. Men på kalde og sure dagar det også viktig med drikke. Det kan lettare gløymast fordi det ikkje fristar så mykje med noko kaldt når ein frys. Sjølvsagt er varm drikke også bra, men det viktigaste er å få nok veske.
No når veret er så fint, har det bare vore ein fryd å ha matpausar på rasteplassar eller i vegkanten. Men dei to første vekene åt eg bar to gonger på rasteplass, ellers blei det for kaldt eller/og surt. Hugsar den berømmelege, verste dagan frå Andenes til Sortland. Då åt eg føremiddagsmaten min i form av to skiver, mens eg slo floke hoppande oppå benken i det einaste busskuret som finst på austsida av øya. Eg kunne ikkje stå på golvet, for då fekk eg regn og vid rett på meg. Så då blei det å slå floke mens eg hoppa på benken og åt.
Nå må eg til seng. I morgon startar ny økt sørover, på E6. Det blr litt over to dagar på sterkt traffikert veg nå, men erfaringane mine er gode så langt. Det går nok bra!
Recent Comments