Eg møter enno folk som er innom sykkelbloggen min. Kjekt!
Eg ser tilbake på sykkelturen med stor glede! I fjor sommar var eg tilbake i Nordland saman med Arne, mannen min. Denne gongen køyrde me bil med syklar bakpå. Me fekk oss fine sykkelturar ut på øyer på Helgelandskysten og fann enno fleire skulpturar i Skulpturlandskap Nordland! - til og med skulpturen på Vedøya utanfor Røst!! Me fekk oppleva Nordland i strålande sol!! Heilt fantastisk! No har eg bare 9 skulpturar att av dei 33, og håpar på ein sykkeltur til for å finna resten!
Om nokon ønskjer kontakt med meg og råd for sykkeltur eller anna, må de bare ta kontakt med meg på mail. Eg er ikkje så ofte innom sykkelbloggen, men vil svært gjerne anbefala andre å ta seg lange sykkelturar!! - eller andre turar nordover. For det var utan tvil dei tre nordlegaste fylka som gjorde størst inntrykk!
Mailadresse oppdatert juni 2014: ingerbberge (at) gmail dot com
Recent Comments