Eg har lova dykk dette diktet av Tove Houck:
TULIPANER
når
dagen
er
fargeløs
og tung
samler
jeg
hver
god
opplevelse
og
får
en
bukett
fargerike
tulipaner
Det er ikkje få gonger eg har brukt denne blomsterplukkings-teknikken til Tove Houck. Når dagane har vore tunge har eg leita fram alt eg har å takka for, vera glad for. Eg har aldri måtta leita lenge - og med eitt er ikkje dagen så fargelaus lenger. Dette har eg også gjort på turen. Når dagane var klissvåte, kalde, bakkane bratte og sykkelen tung, var det bare å finna fram alt det som var gildt: gode varme klær, sms'ar frå vener, familien som backa meg opp, god helse, blomstene langs vegen, dei gode polarbrøda, varm sjokolade hos Statoil, gilde folk på bensinstasjonen, hensynsfulle bilistar .....
Det gjeld både å sjå det store i det små, og å sjå kor uendeleg mykje eg har å takka for sjølv om enkelte dagar også kan by på vanskar, skuffelser og motløshet. Bare prøv!
Recent Comments