Dei gamle salmesyklane forsvinn meir og meir. Sjølv om Kaizers prisverdig nok har fått det gamle trø-orgelet fram i lyset, er det vel kanskje ikkje først og fremst for å spela salmar?
Men sykkelen min er ein salmesykkel i ordets beste forstand! I alle fall på langturar. Eg syng salmar på både tørre og våte dagar, men lite i tunge motbakkar.... Der er det betre å "plukka tulipanar!" (sjå Tove Houck sitt dikt).
Me har i fleire år snakka om at eg burde hatt salmebok-stativ på sykkelen. Njål har tilbudt seg å laga eit, men eg har takka nei av trafikksikkerhets-grunnar. Men salmeboka er med! Gløymde henne på sykkelturen i fjor. Krise! Eg syng helst salmar eg kan får før, men det er godt å kunna slå opp når eg står fast. Og godt var det å ha henne då eg fekk salmehelsing frå Else-Marie, med den fine salmen på nr 686. Har lese og sunge han mange gonger på turen.
Eg er glad for alle salmane og songane me måtte lera utanat i Ganddal Pikekor! Ein av dei eg syng mest av desse, er "O store Gud, når jeg i undring aner, hva du har skapt ..." og refrenget: " Da bryter lovsang i fra sjelen ut: o/takk store Gud!" Denne lærte me også på engelsk før USA-turen. Hugsar lite av den versjonen.
Eg har mange songar å variera mellom:
- Gud, du er rik, din godhet er stor!
- Bred dina vida vingar
- Blott en dag
- Deg å få skode
- Påskesalmar
- Tante Anna sin godnattsong: Styr du min vandring, Frelser så kjær!
- Herre signe du og råde
- Jeg er i Herrens hender
- Lær meg å kjenne dine veie(!)
- - og mange andre!
Ein dag song eg kun barnesongar. Takk min Gud for hele meg! Hjertet, håret, HODET mitt, føttene som du har gitt....
Elles vil eg anbefala sang i tunnelar! Akustikken er fantastisk! Og ved å syngja kan eg få bort litt av redselen for det ubehagelege med å vera syklist i tunnel. Eg har ei lang rekke gode tunnel-songar på repertoaret. Lovsongar er flotte! Som :
- Navnet Jesus blekner aldri!
- Store Gud, vi lover deg!
- Lov Jesu namn og Herredom! (omsett av Garborg!)
- Din rikssak, Jesus, være skal..
- Salige visshet
Eg kjem på eit fint minne frå dei vekene me budde i Jerusalem. Me var på besøk i St. Helena-cisterna nær Gravkyrkja, både Pål, Eirik, Arne og eg. Då stemde Arne og eg i Fader vår, tostemt. Akustikken gjorde det til noko verkeleg flott og andre turistar stansa opp. Me fullførte bøna og har dette som eit gyllent minne. Aldri har me vel sunge så fint!
Recent Comments