Her hadde eg kombinert frokost og formiddagsmat i dag. Måtte ut å handla litt før eg kunne eta. Eg kjenner så mange som har hatt eit år på denne folkehøgskulen, og alle har hatt det gildt - så langt eg veit. Nydelege omgivelser for ein matpause!
Nå er det kanskje siste gong eg skriv blogg før eg er heime. Dvs eg skriv nok meir, men det blir ikkje lagt ut. Guttane mine dreg nemleg frå Solgården tidleg i morgon og kan nok ikkje gjera meir med bloggen før me er heime. Eg vil skriva ei form for oppsummering - om det går an.... I alle fall reflektera litt.
Recent Comments