I dag har det vore litt tungt å få mila unna. Hadde meg ein lang pause i Seljord og fekk både kyrkjebesøk, mat og sommarutstilling. Nå har eg klatra opp 300 meter og skal snart renna ned til Vrådal. Eg har meir krefter nå enn då eg starta klatringa, så det skal gå bra. Kor langt eg kjem, veit eg ikkje. Ville helt passert Nisservann, men .... Skal i telt i natt og på Vandrerhjem i Kristiansand siste natta.
Tove Houck har eit fint dikt om å plukka tulipaner. Det skal eg skriva til dykk når eg kjem heim. Det dreier seg om å sjå det lyse sjølv om dagen er tung. Tenkja på alt som tross alt er positivt. Det er ikkje vanskeleg når ein først går i gang. Mine lyspunkt oppover bakkane er mange: ikkje fluer, ein gild sms, midt i bakken stod modne markjordbær og venta på meg og her på rasteplassen står ei tavle med helsing frå Salme 121. Kunne fortsatt, men eg må vidare. De skal høyra meir frå meg.
Recent Comments