Det er vanskeleg å beskriva kva eg følte då eg rann ned siste vegstubben til Lindesnes og såg ca 30 kjende (og nokre ukjende) stå å venta på meg med norske flag, applaus og jubel!
Eg hadde mange tankar undervegs denne siste dagen. Gledde meg veldig til å møta dei som stod på Lindesnes, samtidig som det var litt vemodig at turen var over. Det er turen i seg sjølv som har vore målet, ikkje å ha turen unnagjort. Eg har drøymt om denne turen, om alt det flotte eg skulle få sjå og oppleve, i tre år. Kva nå? Eg var usikker på korleis eg kom til å reagera når eg kom i mål. Det blei ingen tårer, bare glede over å sjå att alle desse som gjorde velkomsten til ei stor oppleving for meg!
Den første eg sprang bort til var Arne! Han kom, saman med Eirik og Pål, direkte frå ferie på Solgården i Spania.
Fotografane var mange og eg blei fotografert i det vide og det breie, fekk blomster av Andrea og marsipankake av Rannveig og Leiv Roald, Solfrid og Tor, med teksten: Frå Nordkapp til Lindesnes. Og klemmane var mange og gode!! Mor og far tok turen frå Sandnes bare for å oppleva meg koma i mål. Sprekt!
Gode vener som var på ferie på Sørlandet, stilte mannsterkt opp. Eg blei fotografert ved skiltet med Nordkapp 2518 km (eg har sykla ca 3300 km). Men seremonien var ikkje slutt med det! Eg skulle innom fyrvaktaren og skriva i hans spesielle bok for dei som tek denne turen på sykkel. Eg skreiv ei side der og blei fotografert til boka og til Lindesnes fyr si heimeside.
Så var det å koma seg med sykkelen heilt opp til fyret for vidare fotografering. Flaget blafra godt i den sterke vinden og det var godt å få hjelp med å få sykkelen opp.
Me invterte dei frammøtte til kaker og fest på hytta til svoger Ole og svigerinne Marit. Veldig kjekt å få vera litt meir saman med familie og vener som hadde møtt fram! Takk til Ole og Marit! 19 stk fekk god plass i hytta.
Eg hadde lova å innfinna meg på fyret klokka 18 og klarte det nesten. Men det var ikkje så greitt å berekna tida pga alle stoppa undervegs. For alle som skulle til fyret måtte jo passera meg på veg utover. Allereie på E39 møtte eg familien Kvilhaug. På Reme stod familien Berg Hersdal med utvida familie og store flag i vegkanten. Dei hadde også fletta blomsterkrans eg skulle ha i håret - eller oppå hjelmen. Rundt neste sving stod Rannveig og Leiv Roald klar med fotoapparat og gode klemmar. Lenger framme blei eg filma av Ole då eg passerte. Neste stopp var då Arne og gutane passerte meg i den blå golfen vår. Dei tok også eit stopp lenger framme og klemmane blei ikkje mindre her! Mor og far passerte utan å stansa og eg var glad nokon kjørte vidare, for eg hadde knapt med tid etter kvart. Det eg ikkje visste, var at Sissel låg skjult i baksetet! Ho hadde starta å jobba klokka 6 den morgonen for å få bli med!
Ein stor TAKK til alle som kom til Lindesnes og gjorde denne dagen så fantastisk for meg!!
Me kom ikkje heim til Bryne før langt over midnatt, så det blei ikkje bloggskriving i går.
Takk til alle som har fulgt med meg på bloggen! Eg kjem nok til å skriva nokre ord til om kva turen har betydd for meg, men må få summa meg litt først. I dag har eg ikkje sykla, men det blir nok ikkje så lenge til eg tek meg ein tur - utan bagasje! Ellers ventar veven og jobben, men eg håpar på 2-3 dagar til fjells i august, bare Arne og eg!
Fortsatt god sommar til alle!!
Hei Inger og GRATULERER !!! Det høres helt fantastisk ut å gjennomføre en slik tur!!
Og så vil jeg bare si at det står mye bedre til med Sølvi. Hun kom hjem på tirsdag. Igjen gratulerer (men ingen Champagne, sant?). Per
Posted by: Per | fredag, 22 juli 2005 at 22:17
Hei Per!
Så godt å høyra at det går betre med Sølvi! Eg slår på tråden i morgon. Takk for gratulasjonar! Du kjenner meg du, ja. Her feires det med Farris! Ellers takk.... Hels alle jentene dine!
Posted by: Inger | fredag, 22 juli 2005 at 22:46
Store gratulasjoner frå heile familien min. Det har vore flott å følge med deg heile tida sørover. Ha ein velfortent feire vidare nå!!!
Helsing Astrid med familie
Posted by: Astrid | fredag, 22 juli 2005 at 23:17
Gratulera!! Eg er imponert! Både av sykling og blogging! Kjekt å lesa om turen og kjekt at du delte Arne med oss som var i Spania. Ynskjer dykk begge ein fin fjelltur!
Posted by: Kitty | laurdag, 23 juli 2005 at 23:03
Gratulera med vel gjennomført tur! Har fulgt turen din meir eller mindre heile vegen, og er mektig imponert! WOW! :)
Posted by: Ingeborg Dyrøy Lotsberg | tysdag, 26 juli 2005 at 00:22