Det var kjekt å få så god tid denne dagen saman med familie. Sidan eg har lova å koma til Lindesnes onsdag kveld, har eg dessverre ikkje tid til å bli her to netter. Eg har to søsken på Hønefoss: Norunn og Sjur. Norunn sin familie skulle avgårde til hytta i dag. Eg traff dei alle før dei drog. Og Norunn valgte å bli her saman med meg i dag og så dra etter dei andre i morgon! Me har kost oss her og fått god pleie både eg og sykkelen. Sjur har både vaska og smurt sykkelen. Eg har klart å vaska meg sjølv, men har blitt servert masse god mat av Hege og fått vaska klær. Så nå er eg klar for ein ny dagsetappe, mot Notodden. Og Sjur slår følge 5-6 mil, så då blir det racersykkel på meg! Kan ein ha ein betre bror?!
Recent Comments