Måndag kveld kom eg meg til ein campingplass ved Nisservann. Lista meg inn på området der dei fleste hadde gått til ro. Resepsjonen var stengt, som så ofte før på mine ankomsttidspunkt. Eg møtte likevel ei dame som viste meg teltplass. Gjekk fort til ro.
Neste morgon vakna eg av plaskregn. Fekk pakka alt ferdig inni teltet før eg luska meg ut i regnet, heilt klar, iført fullt regnutstyr og hjelm. Då eg møtte den same dama som kvelden før, og ho høyrde kor langt eg hadde sykla, slapp eg å betala!
Dei første fem mila var tunge i regn. Så letta det litt etter kvart. Ettermiddags- og kveldstimane gjekk syklinga som ein leik. Då eg ankom vandrerhjemmet i Kristiansand hadde eg sykla 153 km. Nest lengste etappe på turen. Gjekk til ro og var spent på neste dags etappe - den siste.....
----målet. Var det nettopp "målet" som heldt deg på sykkelen denne dagen? Desse linjene er ganske uforståelege for oss vanlege... Seint i seng, vakna i plaskregn, få på seg alt til ytterklær inne i det vesle teltet me har sett, og så "dei fem første mila var tunge". Etterpå tek du vel 10 mil til. Tanken gjer meg ganske andpusten. Kor sterk er du eigentleg ????
Else-Marie
Posted by: Else-Marie | onsdag, 03 august 2005 at 08:35