Eg begynner kanskje å landa nå, fem dagar etter turen. I morges starta eg med ein god morgontur på sykkel. Hadde yndlingsrunden min til Undheim, Sælandskogen, Melsvatnet, Lye og heim. Ca tre mil, med ny pers i tid. Eg er i god form! Skulle turen i dag vore heilt vellukka, hadde eg hatt eit bad i Melsvatnet. Det får eg ta ein annan dag.
Eg er veldig takknemleg for at alt gjekk så godt på turen min! Det hadde vore hardt å ikkje kunne fullføra. Eg har aldri vore i tvil om at eg ville klara det, om det ikkje skjedde eit uhell av eit eller anna slag. At eg kom til å følgje reiseruta mi så direkte som eg gjorde, hadde eg ikkje forventa. Eg var borte i fem veker. 33 dagar frå eg var på Nordkapp til eg fekk den flotte mottakinga på Lindesnes. Av desse dagane har eg hatt 25 sykkeldagar, tre dagar med fjellturer (Torghatten var bare ein avstikkar på ein lang sykkeldag) og fem kviledagar/korte sykkeldagar.
Litt meir statistikk: Eg har sykla 3300 km. Kortaste vegen mellom desse to punkta er 2518 km. Dei heile sykkeldagane sykla eg mellom 87 og 154 km. Snitt pr dag: 110 km.
Eg har overnatta fem netter privat, ei natt på Hurtigruta, tre netter på hotell/rom, elleve netter på vandrerhjem, to netter på turistforeningshytte, to i campinghytte og ti netter i telt.
Eg har reist med 20 ferjer og sykla gjennom ca 40 tunnelar. Tunnelar kunne nok blitt eit kapittel for seg. På Helgelandskysten er det mange av dei, og fleire av dei er tre km lange. Det går faktisk ganske greitt å sykla gjennom desse. Dei lengste er som regel ikkje dei verste. Der er det godt med både lys og vifter. Som syklist gjeld det å bli sett. Eg har utstyrt meg med refleksvest, blinkande lys foran og bak på sykkelen i tillegg til lykt foran og bak + refleks på klær. På denne turen var det ingen farlege situasjonar for meg i tunnelar, men eg har hatt ein svært farleg situasjon i ein lang tunnel på E39 for nokre år sidan. Ein trailer presterte å køyra forbi ein annan trailer inni tunnelen! Eg fekk dei begge to imot meg og han som kom i mitt køyrefelt såg meg ikkje, i alle fall ikkje tidsnok. Då var det bare å hoppa av sykkelen og få både seg sjølv og sykkelen utanfor køyrebanen. Ganske nifst!
Eg får spørsmål om snitt-fart på turen. Eg har ikkje notert det denne gongen, men det ligg stort sett på ca 15 km/t på lange dagsetappar. Ikkje noko fort, men det har heller ikkje vore viktig. Eg var også oppi over 19, og i dag var farten 22.6! Men det er jo utan bagasje! Då Sjur fulgte meg var me over 20 km i timen.
Eit anna spørsmål eg får, er om turen blei som forventa. Vanskeleg å svara på. Det går ikkje an å sjå for seg korleis ein slik tur vil bli, uansett kor mykje ein forbereder seg. Det blei nok noko mykje meir og gildare enn forventa! Eg har hatt det fantastisk kjekt! Har fått sjå veldig mykje av den flotte og varierte naturen i landet vårt! Sjå, høyra og lukta. Eg gledde meg mest til dei tre nordlegaste fylkene og det var nok der eg hadde dei største naturopplevingane. Dit skal eg tilbake, enten i bil, på sykkel, til fots eller med båt! Helst ein kombinasjon. Eg har møtt mange gilde folk! Hadde nok på førehand ikkje trudd eg ville koma i kontakt med så mange, men då eg kom med ein fullasta sykkel, fekk eg raskt spørsmål om eg hadde sykla langt, og så var praten i gang. Mot slutten av turen var folk så imponerte at eg fekk gratis både overnatting på campingplass og mat på bensinstasjonen!
Eg har ikkje gløymt dei våte og kalde dagane. Det var hardt med sju dagar i strekk med regn, tildels sterk vind og ein temperatur som låg på 8-10 grader! Då fekk eg ikkje konsentrert meg om så mykje anna enn å halda meg varm, skifta klær, få i meg nok og rett mat og å finna overnattingar i hus. Eg må også innrømma at eg var skuffa over tidspunktet for styggeveret. Eg hadde gledd meg til å sjå både Senja og Andøya, men det får eg ha tilgode. Har forresten vore på Andøya før, men det var vinterstid. Då var det storm og mange naust blåste på sjøen!
Men så kom finveret!! Eg hadde stort sett sol frå ytterst i Lofoten til og med Besseggen! Og eg fekk jo også sol på alle dei fire fjellturane eg hadde planlagt. Det treng forrresten ikkje vera sol når eg syklar. Overskya ver kan ofte vera like godt. Men når det er regn og samtidig kaldt, krev det ganske mykje av meg.
Eg har fått med meg så uendeleg mykje på denne turen! Ein del dagar har det vore stort sett bare sykling, men dei fleste dagane fekk eg gilde stopp eller avstikkarar til kyrkjer eller kunst av ulikt slag. Skulpturlandskap Nordland var spennande! Takk til deg, Liv, som gjorde meg merksam på dette. Ein del av skulpturane låg rett ved vegen, men dei fleste krevde ein liten avstikkar til fots eller på sykkel. Dei opne vegkyrkjene kunne det godt vore fleire av for meg. Eg har hatt mange gode, rolege stunder i ulike kyrkjer. Gode rasteplassar!
Så har eg jo fått besøkt familie og vener og vore med på eit par arrangement på generalforsamlinga for Misjonsselskapet i Trondheim! Gildt med både arrangementa og å treffa gode vener! I Lofoten tok eg meg god tid og fekk med meg mange avstikkarar. Glad eg tok meg tid til dette.
Eg har hatt god tid til å syngja salmer og songar og til å be og prata med Gud undervegs. Det har vore viktig for meg. Å ha fleire slike veker åleine med Gud har vore heilt flott! Eg håpar å ha lært kor godt det kan vera i kvardagen også her heime. I kristen samanheng dreg mange på retreat, stille dagar i eit kloster eller andre avsidesliggjande stader. Eg kunne nok ha tenkt meg det også, men føler eg har funne mi form for retreat på sykkelen. Ordet retreat betyr fristad, eller stad der ein kan trekkja seg tilbake og vera i fred. Stillheten og tausheten er retreatens tydelegaste kjenneteikn og viktigaste verkemiddel. Retreat er bøn, den indre samtale med Gud. Ein trekkjer seg tilbake frå kvardagens impulser, krav og gjeremål. Jesus sa til disiplane sine: "Kom med meg til ein øydestad, der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt." (Mark.6,31) Om det har vore mykje sykling, har det samtidig vore ei kvile frå alt det daglege. Og kyrkjene har hjulpe meg til å finna denne roen.
Det har vore kjekt å kunna meddela seg på bloggen og veta at mange hadde glede av å fylgja meg på vegen. Eg har somna mange gonger i skrivinga seine kveldar, men ville ikkje vore dette forutan.
Eg er bare full av takk for å ha fått denne sommaren! Har sagt før at det var turen i seg sjølv som var målet, ikkje å koma til Lindesnes. Eg gledde meg veldig til å treffa mann, barn, foreldre og vener på Lindesnes, samtidig var det litt vemodig og nesten som eit antiklimaks å sykla dei siste mila. Nå var turen over! Det eg hadde gledd meg til, planlagt og kost meg med i tre år, låg nå bak meg.
Men nå skal eg kosa meg med å laga eit fint album og leva på alle dei gode minnene - og kosa meg med familie og vener!
Og kor går neste tur? Eg har ingen konkrete planar om ny sykkeltur. Turar blir det nok, men eg har ingen tankar om å slå denne rekorden. Eg ynskjer først og fremst å ha ferieopplevelser saman med Arne. Nå kan me kanskje begynna å drøyma meir konkret om pilegrimsvandring i Spania, til Santiago de Compostella? Det har me i alle fall lyst til. Me får sjå.... Det er lov å drøyma.
Eg håpar eg har inspirert andre til å sykla på tur i stor eller liten målestokk! Det er fantastisk å oppleva naturen frå sykkelsetet! Eller kanskje dette kan vera ein inspirasjon til å realisera heilt andre draumar. Gjer alvor av det de drøymer om!
Eg er full av takk! Det er vanskeleg å få takka alle som burde hatt ein takk. Men takken går i alle fall til
- Gud, som har verna meg og vore nær meg i smått og stort, som har gitt meg ei helse som har gjort turen mogleg!
- Arne, som har latt meg få desse fem vekene åleine, har backa meg opp og oppmuntra meg i årevis, og teke ansvar for alt her heime imens.
- Pål, som har gjort ein kjempejobb med å redigera bloggen.
- Trygve, som kom og gjekk Besseggen saman med meg.
- Familien elles som bare har oppmuntra meg!
- Gode vener og familie som har kome med helsinger, kommentarar, sms'ar, telefonar, gåver - og har vore med meg med si forbøn.
- Alle eg har fått overnatta hos.
- Alle gilde folk eg har møtt undervegs!!
- Takk til alle som gjorde velkomsten på Lindesnes så flott!
Her runder eg av tur-bloggen min! Om nokon treng råd om sykkelturar, ruter eller utstyrsliste eller anna, er det bare å ta kontakt.
Eg vil oppfordra alle til å sjå meir av vårt eige land! - spesielt i nord!
Takk for fylgje!
Mange helsingar frå ei Inger full av takk!
Recent Comments