På desse tre vekene har eg bare truffe kjentfolk i Alta (dei eg budde hos) og på Vikten i Lofoten, i glaskunstnaren sitt hus. Som du mor har kommentert, møtte eg der Ove og Bjørg. Gildt! Ove Jølbo er ein god barndomsven. Om me aldri har vore naboar og leikt saman til dagleg, har me hatt mange gilde treff då me var små, sidan foreldrene våre var og er så gode vener. Eg høyrde plutseleg ein Stavangerstemme, titta ut i naborommet, og så var det ikkje lenge før eg fekk ein god klem av Ove!
Her i Trondheim har det vore mange kjende fjes på generalforsamlinga. Eg har hatt gode måltid og pratar både med den eine og den andre, blitt spandert mat på så eg nesten burde skjemmast.... Men eg gjer ikkje det, bare takkar!! - både Else-Marie, Oddny, Reidun Jane og Sølvi!
Då Else-Marie og eg skulle ha oss middag i dag, møtte me tre generasjonar Matre på spinnesida og slo oss til ved bordet deira. Anne Lise med datter og mor. Koseleg! Me hadde god fiskesuppe med blåskjell. Desserten tok me på torget i form av softis med lakris! Prøv det!
Eg har dessverre ikkje foto av foreningsvenninnene, for eg hadde lagt att mobilen på hotellrommet deira då me gjekk ut.
Recent Comments