Velkomen!



  • Eg trivst godt på sykkelturar åleine, og her på bloggen min kan du lesa om turen min frå Nordkapp til Lindesnes denne sommaren. Eg gler meg til flotte naturopplevingar, besøk i opne vegkyrkjer og på kunstutstillinger. Samtidig gler eg meg sjølvsagt til sjølve syklinga! For tre år sidan bestemte eg meg for at dette skulle eg gjennomføra før eg blei 50 år. Det klarer eg greitt, for eg er ennå bare 48. Når eg ikkje er på sykkeltur, bur eg på Bryne saman med familien min. Eg arbeider som tekstilkunstnar og i tillegg underviser eg i piano ved Time kulturskule.

mars 2008

sø. må. ty. on. to. fr. la.
            1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31          
Blog powered by TypePad

laurdag, 16 juli 2005

Min bror, kavaleren!

Bilde189 I går kveld opplevde eg enno ein gong å sykla til campingplassar som ikkje fantest lenger, - bare på kartet. Derfor kom eg meg ikkje i hus før bortimot kl 23. Fordelen var at eg bare hadde 74 km att til Hønefoss. 

Bilde187 Me var flinke i dag, både Sjur og eg. Var på syklane klokka ni. Då eg hadde sykla tre mil, kom min kjære lillebror imot meg på sin nye racersykkel!  Me fann oss ein campingplass der me åt nista han hadde med. Og SÅ bytta me sykkel! Eg sykla for første gong i livet racersykkel. For ein opplevelse! Og Sjur sykla min sykkel m bagasjen + sin eigen sekk på ryggen! Me var heime hos Sjur før kl 14, så nå får eg ein lang dag her saman med familien!

Ein våt, men god dag

Bilde190 Her i ei enkel campinghytte på Sørum camping har eg det godt! Kan sitja oppreist ved eit bord og eta og skriva - og ingen jager meg i seng. Eit polarbrød med brunost, aprikosar og jordbær. Har hatt meg ein god dusj og fått varmen i meg. Sit med beina i soveposen og fyrer for kråkene for å få tørka klær. Ja, dagen blei temmeleg våt, men det gjer ingen ting. Er bare så glad for veret i går!  Då eg åt rømmegraut, var eg jo omtrent på det høgaste at Valdresflya, så det blei nokre grader varmare i låglandet. 143 km i dag. Mykje nedover. Nå er det mindre enn åtte mil til Hønefoss. Sjur kjem syklande mot meg i morgon føremiddag! Eg somnar mens eg skriv, så eg får velja meg ei av dei fire sengene. Bildet er frå Valdres i dag. God natt!

fredag, 15 juli 2005

Rømmegraut

Bilde186 10 grader og regn. DU så heldige me var med veret i går over Besseggen!! Då me vakna i dag låg skodda langt nedover fjellsidene. Trygve, som hadde lurt på enda ein fjelltur, drog tilbake til Oslo og eg fann sykkelen, som hadde hatt sin første dag i ro under turen. Er bare komen til Bygdin. Nå hadde eg behov for noko varmt og fekk anbefalt Rømmegraut av ein syklist utanfor. Og det smakte godt! Eg skal vidare til Fagernes og mot Hønefoss. Vil på langt som mulig, slik at eg ikkje har så veldig lang dag til Hønefoss i morgon. Der skal eg besøke broder Sjur m familie og håpar å få litt kveld der. Men kvelden ER lang hos Sjur! Litt søskenlikhet? På Gjendesheim stengte dei fellesrom kl 23. Eg låg på 16-mannsrom, så det var jo umulig å få skrive blogg! Eg liker IKKJE at nokon fortel meg at eg skal leggja meg. I alle fall ikkje på eit SÅ tidleg tidspunkt! Nei, nå må eg vidare. Eg er svært glad og takknemleg for å ha fått strålande sol på alle mine planlagde fotturar: Knivskjellodden, Værøy, Torghatten og Besseggen!

torsdag, 14 juli 2005

Ridderspranget

Bilde183 På veg opp hit i går tok eg ein avstikker og fekk med meg dette spesielle juvet. Sagnet om Ridderspranget finns det mange variantar av. To riddere var glad i same jenta. Ho skulle gifta seg med Ivar, men var meir glad i Sigvat. Han stal henne frå Ivar og sette garden hans i brann. Så fór han avgarde med jenta, bar henne i armane og hoppa over det drøyt to meter breie juvet. Ingen våga å hoppe etter då Sigvat stod klar på andre sida til å dytta alle i fossen. Seinare blei det forlik, men Sigvat måtte gi ifrå seg Heimdalsvatnet.

Besseggen

Bilde184 Eg går (eller syklar) frå høgdepunkt til høgdepunkt, bokstaveleg talt. Høgaste punktet i dag var 1743 meter. Eg har altså fått enno ein draum oppfyllt: Eg har gått Besseggen! Og ikkje nok med det, eg har gått turen saman med Trygve! Han ringde meg i går ettermiddag og sa han ville koma. Gjett om eg blei glad! Då gjekk resten av sykkelturen oppover som ein leik. Me møttes her på Gjendesheim turisthytte og har to netter saman her før eg syklar vidare og han køyrer tilbake til Oslo. Turen over Besseggen var ei stor oppleving! Sjølve eggen er jo bare ein liten del av turen. At det var bratt ned til dei to vatna, var eg klar over, men at det var så bratt å klatra rett opp! Det var verkeleg kjekt! Eg kraup oppover på alle fire eit stykke. Trygve hadde nok gått fortare om han ikkje hadde gått med mor, men det var veldig gildt å få denne turen saman! Dette skal du få sleppa, Arne. Det er ikkje turen for deg - sjølv om det er du som har lært meg å bli glad i fjellet. Me var veldig heldige med veret i dag. Strålande sol heilt til dei siste metrane. Då fekk me nokre dråpar. Vinden har vore sterk, men han klarte ikkje blåsa oss av eggen.

onsdag, 13 juli 2005

Dovrefjell

Bilde176 For ein dag! Bekymra var eg ikkje, men litt spent på kor hard denne overgangen ville bli. Det gjekk kjempegreitt! Bakkane opp var så slake at eg ikkje trong gå av sykkelen. Hadde meg bare små puste- og drikkepauser med jamne mellomrom. Og så fekk eg god potetsuppe på Kongsvold Fjeldstue i gamle, velholdte lokaler.

Det skjer noko med meg når eg kjem over tregrensa. Då sprudler eg heilt over! Og når eg attpåtil fekk sol! Eg hadde meg ein siesta på toppen. Låg strekk ut på ein benk i sola og nøyt livet! Eg har hatt ganske sterk vind. Forfriskande, men til tider i hardaste laget å sykla mot.

Eg var bortom Eysteinskyrkja på Hjerkinn, men fann henne dessverre stengt. Ho blir mykje brukt i forbindelse med Pilegrimsleden.

Dovregubben møtte eg og, som de ser. Bildet er frå Hjerkinn, høgaste punktet, 1026 moh. Eg fekk kjøpt meg fINGERbøl med bilde at han på.

Eg avbestilte plassen på Vandrerhjem på Dombås. Ville lenger. No ligg eg i teltet på Otta. Har hatt ein lang kveldsprat med broder Sjur. Han tenkjer på å koma mot meg på sykkel den dagen eg er på veg til Hønefoss. Så gildt! Han leste høgt bloggkommentarar for meg. 135 km i dag. Omtrent det same i går. Då blir det ikkje tid til særleg anna enn å sykla og eta,  Sist natt låg eg på fint Vandrerhjem i Oppdal. Det har vore ein strålande dag! Salma eg har sunge på i dag er: Gud, du er rik! Din godhet er stor, din miskunnhet tar ikke slutt!

Nei, nå somnar eg snart mens eg skriv. Mannen i nabo-teltet har snorka lenge:)

måndag, 11 juli 2005

Mil etter mil etter mil ...

Bilde148 På vegen att. Nå på E6. Kjenner at det er ganske anstrengande, men det går godt. Dei fem første mila ut frå Trondheim var der skilta sykkelalternativ på lite trafikkert veg eller sykkelsti. Flott! I Trondheim var det veldig gode sykkel-forhold! Sykkelstiar, skilting og til og med temmeleg fritt for fortauskantar! Ellers er sykkelstiar litt av kvart, og eg er ganske lei av dårlege utgåver av slaget. Godt dekke er faktisk enno viktigare på sykkelstiar enn i vegbanen, spør du meg. Så meld dykk inn i Syklistenes Landsforening! Dei taler syklistane si sak. Skilting er også viktig. Har vore inni eit par gardstun/blindvegar i dag og snudd. Ellers var det på sykkelstien eg punkterte i Alta....

Eg finn ut at eg har kome ganske langt. Eg har ikkje planar om så mange ekstra-mil her i sør-Norge. Då rekner eg med at eg har under 100 mil att. Og sykkelen har nå trilla 230 mil. Det er ganske mykje lenger enn eg hadde tenkt, men så har eg fått med meg mykje kjekt i nord! På forhånd trudde eg turen ville bli bortimot 300 mil, kortaste vegen er under 270 mil, men eg er veldig glad for at eg ikkje valgte den. Det har heller aldri vore vurdert.

Treng du frisør i Trondheim?

Frisr Så vil eg bare anbefale salongen til Ingunn, dattera til Per og Sølvi. Ho opna eigen salong for ei veke sidan og er i full gang. Bare eit tips til mine nieser, Lene og Guro,  som skal studere i byen til hausten. Gled dokke! Trondheim er ein aldeles nydeleg by!!

Mat, drikke og sponsing.

Sponsing Tenåringane mine meinte så absolutt at eg burde skaffa meg sponsorar til denne turen. Det er ikkje heilt meg! Men nå i ettertid ser eg nok at om eg skulle blitt sponsa av nokon, burde det vore TINE, Rannveig! Det er ikkje få go'morgen-yoghurtar og pakkar skivet brunost, som er gått med. Skjønt brunosten treivst betre i sykkeltaskene då desse hadde meir tilnærma kjøleskapstempteratur.

Ellers har eg vel aldri vore så avhengig av å eta ofte og rett og drikka mykje, som på denne turen. Når kroppen skal yta så mykje, seier den klart frå om eg ikkje behandlar han vel. For det meste blir det rundstykker med pålegg, ost eller banan. Sper på med frukt, grønnsaker og yoghurt, og kan også ha på lur litt ekstra energi i form av XL1-drikk (har bare benytta meg av det to dagar, drikk ellers bare vatn), bananar, nøtteblandinger og new-energi-sjokolade.

Eg har kjøpt få middagar, men har hatt nokon og ellers fått i meg litt fisk i form av fiskekake og makrell i tomat.

Vatn er viktig. Når dagane er varme, seier det seg sjølv, kroppen skrik etter drikke. Men på kalde og sure dagar det også viktig med drikke. Det kan lettare gløymast fordi det ikkje fristar så mykje med noko kaldt når ein frys. Sjølvsagt er varm drikke også bra, men det viktigaste er å få nok veske.

No når veret er så fint, har det bare vore ein fryd å ha matpausar på rasteplassar eller i vegkanten. Men dei to første vekene åt eg bar to gonger på rasteplass, ellers blei det for kaldt eller/og surt. Hugsar den berømmelege, verste dagan frå Andenes til Sortland. Då åt eg føremiddagsmaten min i form av to skiver, mens eg slo floke hoppande oppå benken i det einaste busskuret som finst på austsida av øya. Eg kunne ikkje stå på golvet, for då fekk eg regn og vid rett på meg. Så då blei det å slå floke mens eg hoppa på benken og åt.

Nå må eg til seng. I morgon startar ny økt sørover, på E6. Det blr litt over to dagar på sterkt traffikert veg nå, men erfaringane mine er gode så langt. Det går nok bra!

Frisk som ein fisk!

Bilde170 Den kjekke, svenske sjukepleiaren til Sølvi sjekka at nå er heilt klar til å sykla vidare! Eg var altså ikkje innlagt på hjerte/lungekirurgisk avdeling, det ser bare slik ut. Men eg var på besøk hos Sølvi i mange timar i kveldinga og blei SÅ godt motteken! Fekk både kveldsmat og ein god prat både med pasientar og sjukepleiaren på bildet. Men først og fremst var det godt å ha god tid saman med Sølvi. Takk for gilde stunder og stor gjestfrihet! Her sit eg heime hos dei i eit hus for meg sjølv og har klart å logga meg inn på rett plass!

Bilde157 Ellers var blodtrykket 110/70 og oksygenopptaket i blodet 98. Høyrest ikkje dette greitt ut, de som har greie å det!? Akkurat slikt har eg ikkje mykje peiling på, men kroppen fungerer i alle fall bra! Det har forresten vore herleg å sykla her i byen UTAN bagasje. Men sjølv om bagasjen er tung, har eg hatt bruk for det aller, aller meste av det som er med.