Velkomen!



  • Eg trivst godt på sykkelturar åleine, og her på bloggen min kan du lesa om turen min frå Nordkapp til Lindesnes denne sommaren. Eg gler meg til flotte naturopplevingar, besøk i opne vegkyrkjer og på kunstutstillinger. Samtidig gler eg meg sjølvsagt til sjølve syklinga! For tre år sidan bestemte eg meg for at dette skulle eg gjennomføra før eg blei 50 år. Det klarer eg greitt, for eg er ennå bare 48. Når eg ikkje er på sykkeltur, bur eg på Bryne saman med familien min. Eg arbeider som tekstilkunstnar og i tillegg underviser eg i piano ved Time kulturskule.

mars 2008

sø. må. ty. on. to. fr. la.
            1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31          
Blog powered by TypePad

« Tankar om turen | Main

søndag, 16 mars 2008

Eg anbefaler alle å dra nordover!

Eg møter enno folk som er innom sykkelbloggen min. Kjekt!

Eg ser tilbake på sykkelturen med stor glede! I fjor sommar var eg tilbake i Nordland saman med Arne, mannen min. Denne gongen køyrde me bil med syklar bakpå. Me fekk oss fine sykkelturar ut på øyer på Helgelandskysten og fann enno fleire skulpturar i Skulpturlandskap Nordland!  - til og med skulpturen på Vedøya utanfor Røst!! Me fekk oppleva Nordland i strålande sol!! Heilt fantastisk! No har eg bare 9 skulpturar att av dei 33, og håpar på ein sykkeltur til for å finna resten!

Om nokon ønskjer kontakt med meg og råd for sykkeltur eller anna, må de bare ta kontakt med meg på mail. Eg er ikkje så ofte innom sykkelbloggen, men vil svært gjerne anbefala andre å ta seg lange sykkelturar!! - eller andre turar nordover. For det var utan tvil dei tre nordlegaste fylka som gjorde størst inntrykk!

Mailadresse: inger_bakke_berge (at) hotmail dot com

Comments

Post a comment