Ja, her sit eg på ein bar, godt og varmt med eit stort krus varm sjokolade med krem. Må få varmen før eg sykler "heim" til Kabelvåg . Eg sit og ser opp på Svolværgeita. Er imponert over at eg fann henne utan å spør om hjelp. Ho er mykje mindre imponerande herifrå enn Preikestolen er sett frå båt på Lysefjorden.
Eg har hatt ein flott dag i området her. Vil illustrere dagen med ein del foto. Det har vore ein kald dag, men eg er storleg nøgd bare eg får opphald.
Starta dagen med besøk i Lofotkatedralen. Kyrkja med plass til 1200, ligg i Kabelvåg. Vågan kirke er det korrekte namnet på den vakre kors-kirka som er den største trekirka i Nord-Norge. Eg fotograferte tekstiler og fann Salmer-97 og:
Jeg til gi deg, o Herre, min lovsang,
jeg vil takke deg med mine ord,
for din nåde som er uten grenser,
og for godhet og kjærlighet stor.
Jeg vil gjøre mitt liv til en lovsang for deg,
la hver tone en hyllest til deg være,
og i dag dager med gleder og dager med sorg
vil jeg leve hver dag til din ære!
Recent Comments