Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

onsdag 24. oktober 2007

Kristne i Tyrkia

Eg har tidlegare skrive om kristne sin situasjon i Tyrkia. Her kjem fersk informasjon, henta frå Dagen:

– De kristne i Tyrkia blir ikke utsatt for angrep, forsikret landets president, Abdullah Gul i en tale til Europarådet 3. oktober. Virkeligheten de kristne opplever er imidlertid en langt annen.

– Det siste året har det vært enormt med trusler mot de kristne menighetene og kirkene i Tyrkia, heter det i en rapport fra den tyrkiske alliansen av protestantiske kirker. (les meir)

tysdag 25. september 2007

Ei natt i Troas

Når eg les dagens bibelord, ser eg for meg eit varmt lokale med mykje folk, sterke kjensler og tett os frå mange oljelamper. Teksten gir eit uventa glimt inn i den første kristne misjonsverksemda. Me møter Paulus som forkynnar (med lange talar) og som omsorgsfull kristen leiar, på gjennomreise i Troas i dagens Tyrkia.

Teksten fortel om kor opptatt Paulus var av å forkynna Ordet og å samla sine medkristne rundt Bordet (nattverdsmåltidet). Eg trur både han og tilhøyrarane hans gløymde tid og stad den kvelden og natta. Og den unge Evtykos hadde nok funne den beste plasseringa av alle, der han sat i vindauget og trakk frisk luft. Bare så synd at han somna og fall ned tre etasjar ...

Teksten fascinerer meg. Den seier meg noko om intensitet og fellesskap blant dei første kristne. Og midt i dette får me høyra om eit fantastisk Guds under, på gata i Troas.

Her er teksten:

Første dagen i veka var vi samla for å bryta brødet. Paulus tala til dei, og han heldt på heilt til midnatt, sidan han skulle reisa dagen etter. Det var mange lamper i den salen ovanpå der vi var samla. Ein ung gut som heitte Evtykos, sat i vindauget. Då Paulus tala så lenge, fall han i djup søvn og datt ut gjennom vindauget frå tredje høgda. Han var død då dei tok han opp. Men Paulus gjekk ned, bøygde seg over han, slo armane kring han og sa: «Ver ikkje redde! Det er liv i han.» Så gjekk han opp att, braut brødet og åt, og tala endå lenge, heilt til det lysna. Då drog han av stad. Dei leidde guten heim i live, og det var til useieleg trøyst for dei. (Apg 20,7-12)

torsdag 7. juni 2007

"Eg skal i Oldkyrkja i kveld"

Denne artikkelen har eg skrive til Luthersk Kirketidende (nr 11, 2007). Avsnittet om Iznik/Nikea byggjer på det eg tidlegare har skrive om byen her på bloggen.

- ”Eg skal i Oldkyrkja i kveld”. Den dagen eg høyrde denne kommentaren frå ei kvinne i kyrkjelyden, forstod eg at studiegruppa vår rett og slett har fått namnet ”Oldkyrkja”. Dette er eit festleg namn, spesielt med tanke på at me i Bryne kyrkjelyd i over 25 år har drive eit ungdomsarbeid som heiter ”Ungkyrkja”!

Det heile begynte på ein kyrkjelydstur til Tyrkia i 2005. Hovuddelen av turen gjekk i apostlane sine fotspor i Efesos-området. Men me hadde også noko kyrkjehistorisk stoff om oldkyrkja og det bysantinske riket på programmet, med besøk i Iznik (Nikea) og Istanbul (Konstantinopel). I ettertid er det først og fremst besøket i det gamle Nikea som har skapt noko nytt i kyrkjelyden vår. Der og då kom ideen: kva om me kunne starta ei studiegruppe når me kjem heim til Bryne? Nokre av turdeltakarane hadde kome på sporet av noko dei ville vita meir om!

Då gruppa frå kyrkjelyden var i Iznik, hadde me samlingar i kyrkja Hagia Sophia og på stranda ved Izniksjøen. Hagia Sophia var samlingsstad for det sjuande og siste økumeniske konsilet i 787. Restane av kyrkja, som i si tid blei gjort om til moske, står nå som ein vakker og stille ruin i ein liten park i sentrum av byen. Og Senatspalasset, som romma det første kyrkjemøtet i 325, ligg i dag under vatn i Izniksjøen. Kultur- og naturforholda har verkeleg endra seg i løpet av ein periode på mest 1700 år, men begge stadane gav oss eit sterkt inntrykk av autentisitet.

Begge stadane las me den nikenske truvedkjenninga, vel vitande om at den ikkje blei ferdigformulert før i Konstantinopel i 381. Men eg var vel ikkje så langt frå sanninga då eg sa at kyrkjemøtet i 325 la mykje av grunnlaget for den flotte vedkjenninga? Og tankane gjekk; på den eine sida opplevde turdeltakarane at dei var i ein utkant i verda. På den andre sida sette dei ord på undringa over at denne byen var viktig nok til å vera vertskap for to av dei sju konsila i oldkyrkja! Her arbeidde høgt skolerte teologar med formuleringar om korleis kyrkja skulle forstå Bibelen, formuleringar som sidan har prega heile den verdsvide kyrkja. Me opplevde sterkt at me i vår tid er avhengige av arbeidet som desse tidlege kyrkjeleiarane gjorde. Deira finslipte formuleringar har sidan alltid vore forståingsnøkkel til inkarnasjonen sitt mysterium.

Ei tid etter turen inviterte nokre av turdeltakarane til den første samlinga i ei studiegruppe som også eg blei med i. Engasjementet deira smitta, og det blei faktisk slik at dei måtte setja grense for kor mange som kunne vera med. Gruppa arbeider med boka 21 kirkefedre av Peter Halldorf. Me har ei samling i månaden, og alle førebur seg med å lesa eit kapittel om ein av kyrkjefedrane. Ofte finn enkelte av deltakarane også fram anna stoff om den aktuelle personen. Så brukar me kvelden til å samtala om det me har lese. Me er opptekne av kyrkjefedrane sine liv og deira tankegang, og me blir også stadig fascinert av korleis Peter Halldorf trekkjer trådane til vår tid og gjer kyrkjefedrane aktuelle for oss. Samtidig er det mykje som undrar oss og som gjer at me får lyst til å finna ut meir.

Gruppa bruker Bøneboka som andaktsbok og me opnar samlingane med å lesa nokre bøner og (sjølvsagt!) den nikenske truvedkjenninga. Kveldane blir også avslutta med bøner frå Bøneboka.

Eg trur kyrkjefedrane og oldkyrkja blir opplevd som eit meir aktuelt tema i dag enn for få år sidan. Mi oppfordring til andre kyrkjelydar og andre prestar er å setja historia vår på dagsorden! Ver gjerne kreative! Det treng ikkje starta med ein kyrkjelydstur til Tyrkia, men for oss var det ein slik tur som sette det heile i gang.

Eg vil også seia noko om min rolle som prest i denne samanhengen. På turen til Tyrkia var eg ein av reiseleiarane, men i gruppa er eg nå ”bare” ein av deltakarane. Gruppa består av tolv personar med svært ulik utdannings- og yrkesbakgrunn, og eldsjelene som blei sette i brann i Nikea, har framleis både det organisatoriske og innhaldsmessige ansvaret. Alle har sitt å bidra med, og sjølvsagt har eg den faglege bakgrunnen med meg inn i fellesskapet.

Det er godt for ein kyrkjelyd å ha medlemer som har interesse for kyrkja sine røter. Og for mitt eige vedkomande vil eg seia det er eit privilegium å vera med i denne studiegruppa. Kveldane ”i Oldkyrkja” er inspirerande. Dei utfordrar meg både som prest og som menneske.

måndag 21. mai 2007

Kristne sin situasjon i Tyrkia

For eit par år sidan var eg to turar i Tyrkia for å besøka stadar knytt til Bibelen og kyrkjehistoria. Det var verkeleg interessant. Både fordi det var mykje flott å sjå og læra om det historiske stoffet, og fordi eg gjennom forskjellige kontaktar fekk eit visst innblikk i dei kristne sin situasjon i landet i dag.

Dette siste har eg vore opptatt av frå eg for nokre år sidan las William Dalrymple si bok I skyggen av Bysants (anbefales!).

Både gresk-ortodokse og armenske kristne er i ein pressa situasjon i Tyrkia. Men dei ortodokse har framleis det viktige økumeniske patriarkatet i Konstantinopel (Istanbul). Elles er det nokre få katolikkar og ein svært liten protestantisk minoritet. I juni 2005 sat eg i Tyrkia og skreiv dette her på bloggen:

"Men biletet er ikkje bare mørkt, sett frå ein kristen synsstad. Eg har denne veka møtt evangeliske kristne som er her fordi Gud har sagt at dei skal vera her! Dei arbeider i det stille med kyrkjeplantings-prosjekt, og dei håper og trur at dette arbeidet skal gje vekst i framtida gjennom huskyrkjer i tyrkiske heimar. Det er godt å vita om desse, og det er viktig at me som er kristne i vesten er med og ber for dei som slik har ei viktig og spesiell misjonsteneste." (les meir)

I dag har Erling Rimehaug ein større artikkel frå Tyrkia i Vårt Land under vignetten Tro, etikk, eksistens. Hovudperspektivet hans er spørsmålet om eit sekulært islam er mogleg. Men mykje av artikkelen handlar direkte om dei kristne sin situasjon i landet i vår tid.

Continue reading "Kristne sin situasjon i Tyrkia" »

fredag 4. mai 2007

Gladiatorar i Efesos

Teateret_i_efesos Arkeologar har funne ein gravstad for gladiatorar i Efesos. Denne byen er ein viktig by i nytestamentleg samanheng. Ein stor del av NT er anten skrive i Efesos eller skrive til kristne i dette området i det første hundreåret (les meir).

Biletet viser det store teateret i Efesos der det foregjekk gladiator-kampar. Teateret hadde plass til ca 25.000 tilskuarar. Her var det også det blei opprørsk stemning mot Paulus, slik det er skildra i Apg 19,23 ff.

Sjølv om gladiator-kampar ikkje har noko direkte med NT å gjera, tar eg likevel med ein notis om dette temaet som seier mykje om den romerske kulturen dei første kristne i Lilleasia levde i.

Skjeletta som er funne på gravstaden, kjem hovudsakleg frå menn i alderen 20-30 år og dei fortel om koss gladiatorane levde, kjempa og døydde. BBC News skriv om funnet:

Scientists believe they have for the first time identified an ancient graveyard for gladiators. Analysis of their bones and injuries has given new insight into how they lived, fought and died. The remains were found at Ephesus in Turkey, a major city of the Roman world, BBC Timewatch reports.

Gladiators were the sporting heroes of the ancient world. Archaeological records show them celebrated in everything from mosaics to graffiti. Motifs of gladiators are found on nearly a third of all oil lamps from Roman archaeological digs throughout the Empire.

But how much did they risk every time they stepped into the arena? Did they have much chance of getting out alive? The discovery of what is claimed to be the first scientifically authenticated gladiator graveyard has given researchers the opportunity to find out. (les meir)

(via Thoughts on Antiquity)

måndag 13. februar 2006

Nikea

Originalversjonen av denne artikkelen stod i papirutgåva av Jærbladet 23. desember 2005. Etter avtale med avisa publiserer eg ei bearbeidd utgåve her på bloggen. Eg har bl a endra innleiing og avslutning, slik at artikkelen ikkje lenger er knytt spesielt til julehøgtida.

Img_4555_1Biskopane som kom saman i Nikea på forsommaren 325, hadde nok mykje å snakka om! For ei kjensle av fridom dei må ha kjent på! For første gong kunne leiarane for dei kristne kyrkjelydane rundt i Romarriket samlast ope, og det til og med på invitasjon frå keisaren!

Kristendomen var på dette tidspunktet nyleg blitt lovleg religion i den austre delen av det romerske riket. Det var keisar Konstantin som hadde skapt dei grunnleggjande endringane og som nå kalla saman alle biskopane til konsil i Nikea. Forskarane fortel at det var om lag 250-300 biskopar som deltok på møtet. Dei fleste kom frå det austlege middelhavsområdet. Det var nok ei ganske spesiell forsamling. Mange av dei var prega, både med indre og ytre sår, etter tida med forfylging og undertrykking.

Img_4536Denne artikkelen vil ta deg med til den tyrkiske byen Iznik, byen som tidlegare heitte Nikea. Her blei det første økumeniske konsilet, eller kyrkjemøtet, halde i 325. Og dette møtet blei svært viktig for utviklinga av den kristne kyrkja. Den truvedkjenninga som me kallar ”den nikenske”, fekk rett nok ikkje sin ferdige form på dette møtet. Men grunnlaget blei lagt her og vedkjenninga blei endeleg vedtatt på det neste store konsilet, i Konstantinopel i 381.

Det første biletet viser stranda ved Izniksjøen. Her låg senatpalasset der kyrkjemøtet blei halde i 325. Det andre biletet viser ruinen etter kyrkja Hagia Sofia, der eit seinare konsil var samla i 787.

Continue reading "Nikea" »

laurdag 21. januar 2006

I apostlane sine fotspor rundt Efesos

I går kveld var eg ute og heldt foredrag over temaet I apostlane sine fotspor rundt Efesos. Eg hadde med ein del bilete frå Efesos og dei andre sendebrevsmenighetane, frå Kolossæ og Hierapolis (alt i dagens Tyrkia) og frå den greske øya Patmos. Bakgrunnen for foredraget var dei to turane som eg hadde i dette området i fjor og som eg har skrive ein del om her på bloggen.

Ein grovdisposisjon for foredraget var:

  • Innleiing om Efesos, ein viktig by i Romarriket, og om dei arkeologiske utgravingane der.
  • Efesos som kristen by: Byen er viktig i NT (Apostelgjerningane og breva) og viktig for den første kristne kyrkja (bl a vertskap for det økumeniske konsilet i 431).
  • Paulus i Efesos: Om Paulus som misjonær, om hans to opphald i byen og om opprøret som førte til at han forlét byen.
  • Ringverknadar av Paulus si verksemd i Tyrannusskulen. Eit eksempel: Epafras frå Kolossæ som reiser heim og planter menighetar i Kolossæ, Hierapolis og Laodikea.
  • Johannes i Efesos. Ulike tradisjonar om kva tid han kom dit. Forfølgjing under keisar Domitian. Forvisning til Patmos.
  • Johannes på Patmos. Johannes får sine openberringar som er grunnlaget for Johannes' Openberring.
  • Ein omtale av nokre av sendebrevsmenighetane: Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.
  • Johannes tilbake til Efesos etter Domitians død. Johannes-tradisjonane i Efesos. Apostelens grav i Johannesbasilikaen.

Foredraget blei halde på ei samling for personalet på Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø.

søndag 6. november 2005

Ichtys

FischDet aller eldste kristne symbolet er nok ikkje eit kors, men ein fisk! Bakgrunnen for at fisken kunne bli eit symbol på det å vera kristen, finn me i det greske språket som var det internasjonale språket i det første hundreåret e. Kr.

Det greske ordet som betyr fisk, ICHTYS, er sett saman av første bokstav i orda "Jesus Kristus Guds Son Frelsar" på gresk: Iesous CHristos Theou (H)Yios Soter.

Dei første kristne brukte, i periodar med forfølging i Romarriket, fisken som hemmeleg teikn for å gje seg til kjenne for kvarandre.

56_img_0268_efesos_ichtyssymbolI dei arkeologiske utgravingane i Efesos har ein funne denne figuren som igjen er ein kode for ordet Ichtys. I sirkelen kan du finna alle bokstavane i ordet, og når dei teikna dette, trong dei heller ikkje teikna fisken!

Fisken brukes òg i vår tid som kristent symbol. Blant anna blir det brukt som klistremerke på bilar. Då er det eit teikn på at eigaren av bilen er kristen!

fredag 4. november 2005

Johannes i Efesos

62_img_0290_efesos_johannes_grav Apostelen Johannes var ein viktig leiar for dei kristne i Efesos mot slutten av det første hundreåret. Han kom sannsynlegvis til byen etter katastrofen då Jerusalem blei øydelagt av romarane i år 70 og dei kristne blei spreidde rundt omkring.

Det er vanleg å rekna med at Johannes blei forvist frå Efesos til Patmos ca år 95 under den romerske keisar Domitian, som sette igang store forfylgjingar mot dei kristne. Dette er då bakgrunnen for orda i Johannes Openberring: "Eg, Johannes, som er bror dykkar, og har del med dykk i trengsla og riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus." (Op 1,9).

Då keisar Domitian blei drept i 96, kunne Johannes koma tilbake til kyrkjelyden sin i Efesos.

Dei skrifta i NT som er knytt til Johannes, har truleg blitt til i Efesos og på Patmos. Dette gjeld Johannesevangeliet, tre Johannesbrev og Johannes Openberring. Dei er anten skrivne av apostelen sjølv eller av disiplar i kretsen rundt han. Sjå The Johannine Literature Web.

Apostelen døydde sannsynlegvis i Efesos omkring år 100. I dag kan me sjå restane etter den store og imponerande kyrkja (Johannesbasilikaen) som blei bygd på 500-talet på staden der tradisjonen seier at Johannes blei gravlagt.

Continue reading "Johannes i Efesos" »

torsdag 3. november 2005

Paulus i Efesos

Img_4746 Paulus var i Efesos i to periodar på 50-talet. Han var misjonær der, og forkynte trua på Jesus blant folket i byen.

Den siste gongen Paulus forlot byen, var det under dramatiske omstendigheter. Det var nærast opprør i byen fordi Paulus blei oppfatta som ein trussel for det berømte Artemistempelet i byen. Det store teateret som låg midt i Efesos blei sentrum for bråket, eit teater som hadde plass til ca 25.000 menneske (sjå biletet)! Stemninga var så opprørsk at Paulus sine disiplar var redde for han og fekk forhindra at han gjekk inn i folkemassen. Du kan lesa heile historia om dette i ei levande skildring i Apg 19,23 ff.

Då dette skjedde, var det alt etablert ei kristen forsamling i byen. I Apostelgjerningane står det at Paulus, før han reiste frå byen, samla dei kristne og sette mot i dei (Apg 20,1). Det kunne nok trengast etter dei dramatiske hendingane. Seinare vaks kyrkja i Efesos, og byen blei i dei neste generasjonane ein viktig by for den kristne trua.

Men kva veit me om Paulus sitt misjonsarbeid i byen før problema tårna seg opp med uro i teateret?

Continue reading "Paulus i Efesos" »

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja