Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

måndag 23. april 2007

Kamp mot atomvåpen

I dag er det femti år sidan Albert Schweitzer (m.a. medisinar og teolog) heldt ein historisk appell mot atomvåpen i NRK under slagordet Ærefrykt for livet. Dette blir i desse dagar markert med at Norske leger mot atomvåpen (NLA) set igang ein norsk del av ein internasjonal kampanje mot atomvåpen. Eldsteson i familien, Trygve, er leiar for den norske kampanjen. Bra, Trygve! Dette støttar eg. Eg har i dag underteikna oppropet.

Utdrag frå NLA sin informasjon om kampanjen:

Atomvåpen er de verste av alle våpen. Kombinasjonen ekstrem sprengkraft, varme og stråling vil i begrensede mengder kunne ødelegge hele byer – i verste fall hele livsgrunnlaget på jorda. (Les meir)

Dette er ei viktig sak. Me treng engasjement og tenkning omkring slike tema. Eg trur på ein Gud som har skapt alt og som står bak alt liv. Om eg ikkje følgjer Albert Schweitzer i heile hans tenkning på dette området, har eg ingen problem med å støtta ein kamp mot atomvåpen i hans ånd. Og kampen for skaparverket er ikkje mindre viktig i dag enn for femti år sidan!

fredag 30. mars 2007

Innsikt i sorga og livet etterpå

Eit stort intervju med sonen til den drepte politimannen Arne Klungland. Det er kva Stavanger Aftenblad vartar opp med i dag, og eg nøler ikkje med å seia at dette er viktig og flott journalistikk. Kjetil Klungland svarar reflektert om koss han opplevde det som skjedde og om koss han har hatt det sidan. Han fortel også om si kristne tru. Og det er viktig for han å få fram at han ikkje hatar Nokas-ranarane.

Continue reading "Innsikt i sorga og livet etterpå" »

søndag 11. mars 2007

Blogge-tikken

Sukk, kjedebreva eksisterer også i bloggeverda, i denne omgang i form av tikken. Eg blei nyleg tikka av Bjørnar, som heller ikkje likar denslags, men som til nøds sender leiken vidare pga det positive trekket at den som deltar, skal skriva seks rare ting om seg sjølv. Eller for å bruka hans formulering: "juicy historier om sine merkelige og ofte skjulte sider."

Eg likar ikkje kjedebrev og har ikkje lyst til å senda slikt vidare til mine kontaktar på nettet. Det har eg felles med Bjørnar. Eg vel derimot ei anna løysing på saka: Eg deler gjerne nokre historier, men lar dette vera eit sidespor og sender derfor ikkje tikken vidare frå denne bloggen!

Continue reading "Blogge-tikken" »

fredag 24. november 2006

Til fridom har Kristus frigjort oss

Å vera kristen er å vera eit fritt menneske. Trua på Jesus skaper frie menneske, ikkje bundne menneske. Han sa sjølv: "Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie." (Joh 8,36)

Likevel finst det dessverre miljø der forkynning og leiarskap blir brukt til å binda menneske. Eg har denne veka lese sterke ord om dette frå ein tidlegare ungdomsleiar i ein "trosmenighet".

Først skreiv han ein kommentar på ein blogg for å hjelpa ein som hadde opplevd det svært vanskeleg å tilhøyra ein slik menighet. Så blei det avisskriving om saka, blant anna i Vårt Land og Dagen. Det gjer vondt å lesa dette. Samtidig er det viktig at det blir sett søkjelys på ei slik verksemd.

Her er eit utdrag frå ungdomsleiaren sin blogg-kommentar:

"Som ledere i Trosbevegelsen ble vi opplært til å trakke inn i menneskers personlige liv, og skulle forandre alt. Vi elsket å se på oss selv som helter. Dette har ført til mange falske profetier, mange griske offertaler, og tydeligvis en rekke liksom demon utdrivelser i din menighet. Noen ganger blir jeg svært fortvilet med tanken på de menneskene som er blitt utsatt for menighets systemet jeg var leder i. Tror det er mange av de som var dine ledere da du var ung, som i dag har det som jeg, som angrer på at de ikke sa i fra om de tingene de reagerte på. Mange ganger har jeg reagert på voldsomme overtramp, men jeg turde ikke gjøre noe med det. Tenkte at det var jeg som var lite åndelig, og ikke forstod hva mine ledere gjorde.

Har opplevd ledere som har talt direkte til meg, i Jesu navn, og bare løyet. Har sett ungdomsledere som var veldig dømmende og streng med ungdommer, uten sann kjærlighet. De hadde veldig ofte personlige problemer. Til slutt måtte jeg ut for å puste. Kunne ikke lenger være inne i denne falske verden. Derfor sluttet jeg. Ønsket ikke å være med i en organsisasjon som kontrollerer og ødelegger mennesker." (Les meir her)

Som sagt: det er vondt å lesa slike skildringar. Allereie Paulus kjente problematikken og han brukte mykje energi på å bevisstgjera dei kristne på kor farleg dette er. Han skriv: "Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under slaveåket." (Gal 5,1)

laurdag 4. november 2006

Sorg

P1030827 Sorg er ein svært sunn reaksjon på å mista nokon du er glad i. Der kjærleiken er sterk, vil sorga også vera sterk. Sorga er derfor ikkje farleg, sjølv om det gjer vondt å sørgja. Det som kan vera farleg, er å oversjå sorga eller å prøva å skjula den.

I tidlegare tider gjekk gjerne folk med sørgjeband for å visa andre at dei var i sorg. Dette er ikkje vanleg lenger. Men i dag melder Vårt Land (papirutgåva) om ein ny form for sørgjeband: armband med teksten love hurts. Eg trur dette kan ha noko for seg! Ved å bera eit slikt armband, viser du at du er i sorg. Og du opnar for å snakka om dette med andre.

Les meir om armbanda og om sorg på nettsida lovehurts.no. Sida er laga spesielt for unge, men har mykje fornuftig å seia for folk i alle aldrar.

torsdag 14. september 2006

Ungdom, kultur og tro

– Vi ønsker å lære om ungdommens kontekst, deres hverdag og deres helligdommer. På den måten håper vi at vi kan tolke vår tro og de gode nyheter om Guds rike inn i deres sammenheng.

Det er Morten Holmqvist, lærar ved studiet Ungdom, kultur og tro på MF som seier dette i samband med ei undersøking om ungdoms forhold til kristen tru.

– Jeg tror at funnene vil utfordre hvordan vi tradisjonelt har drevet og tenkt kristent ungdomsarbeid. De vil også utfordre hvordan vi tenker innenfor og utenfor. Det er interessant å se hvor få som velger å gå på kristne møter, samtidig som det er mye tro der ute, sier Holmqvist.

Les meir i Dagen.

torsdag 13. juli 2006

Filosofi og fotball-VM

Eg hadde eigentleg tenkt at bloggen skulle vera ein fotballfri sone. Og eg har framleis ingen planar om å la dette bli staden der du finn hurtig oppdaterte kampreferat og ukvalifiserte vurderingar etter meir eller mindre viktige fotballkampar. Men litt refleksjon omkring det som skjer under ein fotballkamp, kan vel ikkje vera av vegen?

En hvilken som helst fotballkamp inneholder episoder hvor menneskers holdninger settes på prøve. Aktørene - både spillere, trenere og dommere - må i løpet av brøkdelen av et sekund ta en beslutning. (...) Fotballspillere deltar i et moralsk drama hvor eldgamle, klassiske spenninger i omgangen mellom mennesker stadig kommer til overflaten. Selv er nok spillerne i liten grad oppmerksomme på dette.

Slik skriv filosofen Øivind Kvalnes i kronikken Filosofi på fotballbanen i Aftenposten i dag. Han karakteriserer fotball-VM som eit "moralsk drama" og i artikkelen kan du lesa koss han vurderer det me har vore vitne til, f eks Zidanes skalling, den ukontrollerte kamputviklinga mellom Nederland og Portugal, Ronaldos påvirkning av dommaren og Rooneys stempling. Kvalnes set søkjelyset på desse hendingane og set dei inn i ein større samanheng.

Filosofen hevdar også at italiensk fotball lenge har vore påverka av Machiavellis tenkning. Viss dette er rett (og det er dessverre ikkje så usannsynleg), vil eg seia at det var trist at Italia vann VM!

De italienske verdensmesterne har gjennom årtier utviklet en fotball tuftet på ideene til renessansetenkeren Niccolo Machiavelli. Han hevdet at "den som i all sin ferd bare ønsker å gjøre det gode, vil måtte gå under blant alle dem som ikke er gode" og at "den som overser det som gjøres til fordel for det som burde vært gjort, fremmer sin egen undergang mer enn sin egen opprettholdelse".

Med andre ord, innrett deg etter hvordan verden er, ikke hvordan den burde være, og la de andre kjempe om medaljen for god moral og fair play .

Italiensk fotball har lenge vært tuftet på disse pragmatiske grunnideene. Den har vært kynisk og resultatorientert. Zidane kan regnes som det siste offeret for denne tradisjonen. Han ble utvilsomt utsatt for nesten to timer med hån og provokasjoner fra sine italienske motspillere, frem til det klikket for ham. Det unnskylder ikke handlingen hans, men plasserer den inn i en idéhistorisk sammenheng.

måndag 24. april 2006

Armenarane

Eg blei i kveld gjort merksam på at dagen i dag, 24. april, er internasjonal minnedag for folkemordet på armenarane i 1915. Armenarane hevdar at det blei drept 1,5 millionar armenarar og dei nyttar omgrepet genocide (folkemord) om denne delen av historia si.

Continue reading "Armenarane" »

søndag 23. april 2006

St. Georgsdagen

Den internasjonale speidardagen skal også få sin omtale her på bloggen. Eg begynte som speidar i 25. Stavanger KFUM då eg var åtte år gamal. Frå då av var eg meir eller mindre aktiv speidar i ca 30 år, og har vore med på markering av mange St. Georgsdagar. Den gamle legenda om St. Georg og draken la me ikkje så stor vekt på, men den var der som bakgrunn for dagen.

Slik blir dagen forklart: St. Georgsdagen er 23. april. På denne dagen fornyer speiderne sitt speiderløfte. Dagen feires til minne om helgenridderen St. Georg. Et gammelt sagn forteller at han kjempet mot en ildsprutende drage for å redde livet til en vakker prinsesse. Dette er symbolet på St. Georgs kamp mot det som er dårlig og ondt (dragen), og for det som er godt, edelt og sant (prinsessen).

Nå ser eg at dagen i år blir markert felles av Norges KFUK-KFUM speidere og Norges Speiderforbund, og at organisasjonane presenterer ein St. Georgsdags-bodskap om å bry seg om medmenneske og om å vera ein god venn. Det er bra!

Men sjølv om årets bodskap til speidarane handlar om noko viktigare og meir aktuelt enn gamle helgensagn, så la oss ikkje heilt gløyma St. Georg. Den som er interessert, kan finna ein meir omfattande helgenbiografi på Den katolske kyrkja sine nettsider. Her les eg blant anna at St. Georg ikkje bare er viktig for den internasjonale speidarrørsla. Han blir nemleg presentert slik:

"Englands og Georgias nasjonalhelgen, skytshelgen for Venezia, Genova, Portugal, Hellas, Russland og Katalonia; for soldater, riddere, bueskyttere, våpensmeder, bønder, slaktere, salmakere, bøttkere, bergverksarbeidere, kunstnere, vandringsmenn, sykehus og fanger, guttespeidere og speiderbevegelsen, for Georgsridderordener; for hester og kveg; mot pest, spedalskhet, feber, hudsykdommer og syfilis; i alle slags kamper, mot krigsfare, mot fristelser, for været. En av de fjorten nødhjelperne." 

Slett ikkje dårleg!

måndag 17. april 2006

Den beste kunsten

Michelangelo6 Langfredag har fått den beste kunsten - dette slår Andreas Skartveit fast i ein artikkel i Stavanger Aftenblad (papirutgåva) 12. april, altså onsdag i den stille veka.

Eg har brukt dagen i dag, andre påskedag, til å summa meg etter ein fin kyrkjepåske. Det var nødvendig, for det er klart at den stille veka har, for meg som prest, ikkje vore fullt så stille som idealet mitt tilseier! Det betyr blant anna at eg først i dag har funne fram igjen denne avisartikkelen. Eg har nå lyst til å ta med eit utdrag frå den her på bloggen.

Skartveit skriv om koss mykje av den største kunsten i verda er inspirert av dei kristne høgtidene. Og i den samanhengen er det han peikar ut langfredagen som den klare vinnaren blant heilagdagane i påsken.

Han peikar vidare ut sine to favorittar i kunsthistoria: Matteuspasjonen av Bach og skulpturen Pieta (biletet) av Michelangelo. Eg har i fastetida høyrt mykje på Markuspasjonen med Svein Tindberg som tekstlesar, men fann i dag fram Matteuspasjonen som eg (ennå) ikkje har i hylla mi og som eg derfor "måtte" låna i familieselskapet søndag ettermiddag. Det var flott å høyra det store musikkverket! Skulpturen Pietà har vel dei fleste som har vore i Peterskyrkja eit forhold til. Eg syns i alle høve det er ei sterk oppleving å sjå denne skulpturen.

Men nå vil eg heller gje ordet til ordkunstnaren Andreas Skartveit:

"Vinnaren er langfredag. Langfredag krev ikkje tru, slik påskedagen gjer det. Langfredagen handlar om liding. Golgata har vi alle sett og opplevd, krossen er reist på kvar einaste side i historieboka. Vi ser det kvar dag på Dagsrevyen. Langfredag er kvardag, annleis alle dei andre kristne høgtidsdagane.

Dette såg menneska med ein gong, kunstnarane også. Vi har alle sett krusifiksa, lidinga, men også triumfen, kongen på krossen. Vi har sett det folkelege og enkle, for ikkje å seie det fattigslege, men også det rike og pompøse. Komposisjonane er utan tal, men høgdepunktet i det største mennesket har skapt: Bachs pasjonar. Sviket, døden og nederlaget blir borne fram av den vakraste musikken som er laga. Det er ei fysisk påkjenning å sitje i kyrkjebenken og oppleve Bachs livsskildring, og eg - ein vantru - vil gå langt for å få med ei slik oppleving.

For min eigen del har eg berre plass til eitt kunstverk ved sida av Mattheuspasjonen. Det er Michelangelos Pietà, slik ho står i Peterskyrkja i Roma. Maria sit med den døde sonen sin på fanget. Ho er ung, han har gjort henne yngre enn ho var, ho må ha vore nær femti, og då var kvinner gamle den gongen. Ho er rank, det er ein styrke i kroppen hennar. Andletet fortel kva ho opplever: Botnlaus sorg. Men det er ein uforklarleg triumf over henne der ho sit og har tapt alt. Det er ufatteleg, bokstaveleg tala, ikkje til å fatta. 

For meg vart ho, mora med den døde sonen på fanget, hovudpersonen i verdshistoria. Same kvar vi veder oss, til ein krig, til ei naturkatastrofe, til slum og kriminalitet, til narko og til vanleg fattig daglegliv, så finn vi ei mor med ein død son på fanget. Der eg stod og såg på henne, vart ho meir verdshistorie for meg enn eit heilt bibliotek. Eg skal tilbake til henne."

Dette var bare eit utdrag av den interessante artikkelen. Hadde Aftenbladet lagt den ut på nettavisa, skulle eg sjølvsagt hatt med ein link så du kunne få lesa meir!

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja