Ein betre vår ein gong
Anders Aschim, som eg har mykje felles med (gamal speidar, prest og bloggar på BlixBlog), har nå fått ferdig Blixbiografien sin, Ein betre vår ein gong. Eg er litt seint ute med å gratulera, men gjer det likevel.
Gratulerer så mykje, Anders!
Det er flott at boka har fått strålande omtale, sjå f eks Bjørn Kvalsvik Nicolaysen si melding i Dag og Tid:
Meisterleg om salmemeisteren
God sakprosa, eller litteratur i det heile, får vi når den som skriv, orkar å tenkje og skjønar at tenking er arbeid. Biografien om Elias Blix (1836–1902) er resultatet av hardt arbeid, men framlagt på ein leikande lett måte som gjer boka kjekk å lese, og svært opplysande, både for næmingar og dei som kjenner perioden godt. Her er det ei mengd nytt stoff, som vert sett inn i ei forklårande forteljing så det vert greitt å forstå både kva inntrykk Blix tok av omveltingane i samtida, og kva for påverknader han sjølv stod for. Det er meisterleg gjort, ikkje mindre enn eit kunststykke, å få den store mengda av nye opplysningar til å føye seg inn i eit stort heilskapsbilete, utan at framstillinga løyser seg opp i fragment og digresjonar og utan at det kjem trøyttande oppattakingar. (les meir)
Dagbladet har også melding av boka, sjå her.
Recent Comments