Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

måndag 18. februar 2008

Studietur til Israel

I morgon reiser eg til Israel, på studietur med landsstyret i Israelsmisjonen. Me har eit innhaldsrikt program framfor oss. Eg ser fram til ei interessant veke med mange spennande kontaktar.

Oppdatering: Eg kom heim tysdag 26.02, dessverre med influensa i kroppen. Håper det snart går over. Det blir derfor bare ein kort rapport her og nå: Landsstyret har blitt godt oppdatert på arbeidet me er involvert i og har ansvar for, me har hatt møte med mange samarbeidspartnarar og me har blitt mykje betre kjent med kvarandre! Dessutan har me fått bli godt kjent med vår fungerande generalsekretær Jorunn Andestad Langmoen, som er nytilsett, og med nokre andre medarbeidarar som var med på turen. Og det vil eg bare seia: Jorunn er kjempebra og eit funn for organisasjonen!

søndag 20. januar 2008

Oversikt over Egyptturen

Eg har i dag sett gjennom bileta mine frå studieturen til Egypt. Eg sit igjen med mange gode minne og nokre gode bilete. Eg vil nå prøva å gje ei oversikt over noko av det eg har opplevd.

Img_4320 Programmet dei første dagane var knytt til det gamle Egypt. Og her kjem verkeleg ordet gamal til sin fulle rett! Det dreier seg om 5000 års kulturhistorie! Her er ei slik mengde med arkeologiske utgravingar at det i denne samanhengen sjølvsagt bare blei snakk om ei innføring i stoffet.  Dette er historie eg har høyrt om sidan eg var liten, og det var rett og slett ei utruleg flott oppleving å koma dit og få sjå nokre av funna og bygningane.  Me besøkte gamle graver med fantastiske relieff frå dagleglivet, imponerande pyramidar i Sakkara og Giza og sjølvsagt den spesielle Sfinxen (biletet). Dessutan hadde me omvisning på det egyptiske museet med vekt på funna frå Tut-ankh-Amon si grav.

Img_4394 Dei neste dagane var knytt til det muslimske Egypt. Kairo er byen med 1000 moskear og med ein svært sentral posisjon i den islamske verda i dag. Gjennom forelesingar, byvandringar og moskebesøk lærte me om den muslimske historia i Egypt, om muslimsk arkitektur og om ulike mosketypar. Biletet er frå Sultan Hasan-moskeen. Dessutan møtte me dagens islam f eks gjennom besøk og samtale i Al-Azharmoskeen som blir rekna som det viktigaste teologiske senteret for sunnimuslimane. Ei oppvisning med intens sufidans stod forresten også på programmet!

Hovudinnhaldet i turen var likevel å bli kjent med det kristne Egypt. Det er ca 10 % kristne i landet. Dei fleste høyrer til den koptisk-ortodokse kyrkja (koptisk = egyptisk), mens ein mindre del høyrer til forskjellige katolske eller evangeliske kyrkjesamfunn. 

Img_4475 Dette blei verkeleg eit inspirerande møte med eit livskraftig kyrkjeliv, både i historisk og dagsaktuelt perspektiv. Det historiske blei ivaretatt gjennom besøk i fleire gamle kyrkjer og stadar med stor tyding for den lokale kristne tradisjonen. Dei som kjenner meg, veit at eg syns dette er svært interessant. Biletet viser fasaden i Mu'allaqa-kyrkja, kanskje den viktigaste av dei historiske kyrkjene i Kairo.

Me fekk også eit glimt inn i noko som gjorde uutsletteleg inntrykk; livet i Søppelbyen der fattige menneske bokstavleg talt lever og arbeider i søppelet. Mange av desse er kristne, og me fekk høyra om arbeidet som blir drive for dette folket i dei spesielle Holekyrkjene i området.

På flyet heim sat eg og tenkte på det eg hadde høyrt om søndagsskulerørsla som gjennom det 20. hundreåret har fornya den koptiske kyrkja radikalt. Plutseleg såg eg ein inspirerande parallell til vår trusopplæringsreform! Søndagsskulane deira har verkeleg nådd ut til breidda av den kristne befolkninga, i alle aldrar. I dag sit det barn av søndagsskulen i alle dei leiande stillingane i kyrkja. Og sjølv om dei er svartkledde og gamle, er dei framleis opptatt av barn og unge sin plass i kyrkjelivet! Ein biskop me besøkte, biskop Youannes, sa det slik: "Ei kyrkje utan ungdom er ei kyrkje utan håp. Ein ungdom utan kyrkje er ein ungdom utan håp."

Det er eigentleg dei mange møta med ulike kyrkjeleiarar som betyr mest for meg når eg nå ser tilbake på turen.  Det gjorde eit sterkt inntrykk å møta menneske med engasjement og innsikt i den kristne trua. Skal eg trekkja fram ein enkelt person framfor andre, er eg ikkje i tvil. Då vil eg nemna biskop Thomas som me traff på retreatsenteret Anafora ute i ørkenen mellom Kairo og Alexandria. Me budde der det siste døgnet. Biskopen representerer den koptiske kyrkja på ein heilt spesiell måte. Han har karismatisk utstråling, stor åndeleg innsikt og pedagogisk teft. Me får besøk av han i Stavanger bispedøme i september 2008. Det gleder eg meg til.

laurdag 19. januar 2008

Heim frå Egypt

Eg har i dag kome tilbake frå Egypt. Har deltatt på ein tur som gav enda meir inspirasjon og ny kunnskap enn eg hadde drøymt om på førehand! Eg satsar på å koma tilbake med meir stoff frå turen etter kvart, sjølv om eg dei næraste vekene vil ha mest fokus på rydding, pakking, oppussing og flytting til ny bustad her på Bryne.

laurdag 12. januar 2008

Studietur til Egypt

Eg er paa studietur i Egypt, og er innom ein pc ein liten stund.  Opplever utruleg mykje spennande. Laerar baade om faraonisk religion, islam og det kristne Egypt, med vekt paa det siste. Det blir nok lite aktivitet her paa bloggen den naeraste veka. Men eg reknar med aa koma heim med mange inntrykk. Kanskje det ogsaa vil prega bloggen ei tid framover?

laurdag 22. desember 2007

Pluss om å reisa til Det heilage landet

Då Inger og eg var reiseleiarar på tur til Jerusalem i haustferien, var jounalisten Finn Våga frå Stavanger Aftenblad med for å skriva om korfor folk drar til Det heilage landet.

I går var artikkelen hans hovudoppslag i Pluss, avisa sitt fredagsmagasin. Her er eit lite utdrag:

17 mennesker. Noen for første gang i Jerusalem, andre er tilbake med et håp om kanskje å finne svar på spørsmål de knapt våger å stille. Hva har de felles? En organist, en mild bibeloversetter, en pensjonert og nysgjerrig fysiker, en lavmælt og ung ingeniør? Presten Arne Berge kan ikke svare, men han skal lede den store flokk gjennom trange gater, støyende markeder og 3000 års fargerik og blodig historie. (Les meir i papirutgåva)

Det var flott å bli kjent med Finn og det var spennande å lesa hans refleksjonar om det å reisa til Israel og dei palestinske områda. Dessutan er han ein eminent fotograf.

tysdag 16. oktober 2007

Heime igjen

Img_3674 Eg kom i kveld heim igjen etter haustferie i Israel. Inger og eg var reiseleiarar for ei gruppe på 18. Me hadde først ei innhaldsrik veke med utgangspunkt i Jerusalem. Deretter hadde me eit par rolegare dagar ved Dødehavet. Eg sit igjen med mange opplevingar. Nokre av desse vil heilt sikkert bli utgangspunkt for innlegg her på bloggen i tida som kjem.

søndag 26. august 2007

Haustferie i Jerusalem

Israel_oktober_2006_202 I tida 6.-16. oktober skal Inger og eg vera reiseleiarar for ein tur til Israel. Nå har det kome ein heil del påmeldingar, men det er ennå plass til fleire deltakarar.

Her er eit utdrag frå brosjyren for turen:

Bli med på ”ein annleis storbyferie” i Jerusalem, ein av dei mest spennande byane i verda! Byen har ei 3000-årig historie og den har ein heilt spesiell posisjon, både religiøst, politisk og kulturelt. Vi legg hovudvekta på stadar som er viktige i ein kristen samanheng og vi skal også møta menneske som står midt i eit viktig misjons- og forsoningsarbeid i regionen i dag. Vi skal bu sentralt i det jødiske Vest-Jerusalem, i gangavstand til Gamlebyen og til hovudgatene i den moderne delen av byen, og det vil også bli noko tid til å utforska sentrale delar av byen på eiga hand. I løpet av veka skal vi dessutan dra på to dagsturar, til Jaffa/Tel Aviv og Betlehem. Mot slutten av ferien forlèt vi storbyen og reiser til ørkenområdet nede ved Dødehavet. Der skal vi oppleva fascinerande natur og historie, og dessutan få høve til å bada både i det spesielle Dødehavet og i bassenget på hotellet.

Fullstendig program for turen finn du her.

søndag 19. august 2007

Interesse for fyrtårn

Skomvr_fyr_fr_bten Har nyleg hatt kontakt med Charles, ein amerikanar som lagar ei nettside med informasjon om norske fyrtårn. Denne sida er igjen ein del av ein større nettstad med fyr frå heile (?) verda. Han ville nytta dette biletet frå Skomvær fyr ytterst i Lofoten. Sjå resultatet her.

onsdag 8. august 2007

Sju av Nordlands underverk

Lofotkatedralen Framleis ligg bunken med bøker, kart og brosjyrar frå ferien i Nordland framme her i heimen. Eg syns det er kjekt å sjå i dei og i bileta som me tok undervegs. Me kom heim med svært mange bilete på pc-en, truleg eit par tusen. Nokre av desse er nå sletta, nokre er lagt ut på flickr og der vil eg nok leggja ut nokre til.

Biletet eg tar med her, tok eg ein flott morgon i Kabelvåg. Lofotkatedralen ser fin ut på avstand. Men eg nemner bare at vedlikehaldet av den store kyrkja har vore eit hett tema denne sommaren.

Sjølv om eg framleis blar i bøker og brosjyrar, avsluttar eg med desse linjene serien Sommarminne frå Nordland. Alt har si tid, og sju er jo eit passande tal. Serien, som eg då kan kalla Sju av Nordlands underverk, består av desse innlegga: Torghatten, Vega, Dønnes kyrkje, Skulpturlandskap Nordland, Svartisen, Midnattssol og Langt til havs.

søndag 5. august 2007

Langt til havs

Sommarminne frå Nordland VII

Skyssbten_ingerhelen Røst ligg langt til havs, ytterst i Lofoten. Men me var ikkje nøgde med å koma til Røstlandet, øya der dei omlag 600 innbyggjarane i kommunen bur. Me skulle lenger ut enn som så. Målet vårt var å sjå skulpturen Il Nido (reiret) som er plassert på Vedøya, ei av fugleøyane i havet utanfor. Denne skulpturen er truleg den mest utilgjengelege i Skulpturlandskap Nordland. For å nå dette målet, sikra me oss plass på skyssbåten Inger-Helen som tar interesserte ut på Sea Bird Safari til fuglefjella og Skomvær fyr. Me rekna ikkje med å få koma i land på Vedøya, men var fornøgde om me fekk koma så nær at me i alle høve kunne ta bilete av skulpturen.

Det blei ein minnerik tur, for å nytta eit sjeldant ord som eigentleg seier ganske mykje. Guiden Finn Olav frå Kårøy var ein eminent forteljar. Han var eigentleg på verdsomseiling nokre år, men hadde tatt turen heim frå Trinidad i sommar for å vera lettmatros og guide på Inger-Helen.

Krykkjekoloni Først dreidde det seg om fugl. Me reiste utover mellom øyane og såg utruleg mykje sjøfugl; lundefugl, krykkje, skarv og havørn. Her på desse øyane held visstnok 25 % av sjøfuglane i landet til. Ei "folke-teljing" for nokre år sidan kom til over 2 millionar fuglar! Det var imponerande med dette fuglelivet som me fekk sjå på relativt nært hald.

Skomvr_fyr Så dreidde det seg om Skomvær fyr. Fyret ligg på ein holme lengst ute i havet utanfor Lofoten. Her blei me sett i land med lettbåt og fekk høyra mange gode historier frå tida då det budde folk på fyret. Om morgonen hadde det, for første gong på over ei veke, vore grått ver. Men mens me var på Skomvær, forsvann dei siste skyene og himmelen var igjen like blå som havet. Før me forlét øya fekk me også ein interessant prat med eit par kunstnarar som budde og arbeidde der ute i havgapet denne sommaren.

Deretter dreidde det seg om Pietro Querini. Denne handelsmannen frå Venezia redda seg (og følgjet sitt) i land på ei av fugleøyane her ute, ein vinterdag i 1432. Me fekk sjølvsagt historia på staden, i det me passerte Sandøy. Querini og folka hans blei på mirakuløst vis redda, og dei blei utover våren tatt godt hand om av folket på Røst. Italienaren har fått ein plass i historia, dels fordi han seinare skreiv om opplevingane sine og om koss folket på Røst levde, og dels fordi han truleg var den som først tok med seg tørrfisk frå Lofoten til Italia.

Il_nido_reiret Så kom høgdepunktet for oss. Me fekk forhandla oss fram til at me kunne bli sett i land på Vedøya og bli henta med båten seinare på kvelden. Dermed nådde me eit viktig mål for ferien, i alle høve for Inger, og det på ein enda betre måte enn me hadde tenkt oss. Det var ei flott oppleving å gå opp bakkane til skulpturen Il Nido, reiret, og vita at her kunne me vera i ro og fred eit par timar før båten kom tilbake for å henta oss. Eigentleg hadde me nok, i følgje kunstnaren Luciano Fabro, ingenting der å gjera. Han meiner at skulpturen er laga for fuglane (les meir) og ville visst helst at den skulle stått på ein enda meir utilgjengeleg stad! Det var forresten eit utruleg fugleliv på staden; det må ha vore tusenvis av krykkjer som budde i fjella like ovanfor skupturen, dessutan var her mykje ørn. Eg tok bilete av åtte på ein gong!

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja