Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

søndag 9. desember 2007

Fest i Guds hus

Det har vore ein spesiell dag for meg. Kyrkjelyden hadde invitert til avskjedsgudsteneste sidan eg har slutta som prest her på Bryne. Me feira adventsmessa Fest i Guds hus av Eyvind Skeie og Geir Knutson. Kyrkja var full av folk og vel så det. Mange barn, unge og vaksne hadde øvd inn musikk, songar og drama som høyrer med i denne flotte messa. Her er eit av versa i opningssongen. Den blei sungen av juniorkonfirmantane i kyrkja:

Advent er lilla, advent gir ro.
Advent har lengsel. Advent har tro.
Advent er veien, fram mot et sted
der vi skal knele i glede og fred, glede og fred.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi med talar og helsingar med mange gode ord. Det blei helst ei sterk oppleving. Då eg kom heim, sov eg middag i over to timar. Det var både nødvendig og godt!

laurdag 3. november 2007

Alt har si tid

Denne veka har eg begynt som avdelingsleiar på Stavanger bispedømekontor. Dermed er fjorten års presteteneste i Bryne kyrkjelyd slutt. Det er med blanda kjensler eg skriv dette. Trivselen har vore stor og eg har opplevd at eg var på rett stad. Eg har hatt gleda av å samarbeida med utruleg mange gode medarbeidarar. Eg har fått gå nokre skritt saman med mange flotte medmenneske i ulike situasjonar i livet, både i glede og sorg. Og eg har fått vera med i eit levande gudstenestefellesskap søndag etter søndag i kyrkja vår. Det har vore ”ei rik tid”, for å bruka eit litt gamaldags, men innhaldsrikt og fint kristeleg uttrykk!

Men alt har si tid, står det i Bibelen (Fork 3). Nå kjenner eg at det er tid for endring og for å gå over i ei ny teneste. Derfor har eg søkt, blitt tilsett og har tatt imot stillinga som avdelingsleiar for menighetsutvikling. Og eg har gjort det med glede, trass i dei vemodige kjenslene. Eg har nå i nokre veker vore i eit vikariat som rådgjevar i avdelinga, så eg har kunna lukta litt på kva det dreier seg om. Og eg trur eg kjem til å trivast godt, også i den nye samanhengen.

Eg har mykje å takka min himmelske Far for. Dessutan har eg mykje å takka Bryne kyrkjelyd for; fellesskap og forbøn, latter og tårer, vennskap og godt samarbeid.

onsdag 12. september 2007

Stiftskapellan/rådgjevar

Eg har denne veka begynt i vikariatet som stiftskapellan/rådgjevar i Stavanger bispedøme. Dei næraste dagane skal eg vera med på visitas i Dalane prosti. Vikariatet varer i fem månadar og eg har permisjon frå soknepreststillinga på Bryne i denne perioden.

måndag 3. september 2007

Hein

Nå i sommar har Hein Steinskog slutta som prest i Klepp prestegjeld her på Jæren. Han har vore residerande kapellan i Klepp sidan 1974 (!), og var nå den siste med denne gamle tittelen, i alle høve i vårt bispedøme. Eg blei kjent med han i 1975 då eg kom som eittåring til KFUK/KFUM-arbeidet på Klepp. Seinare kom eg tilbake til Klepp sokn for å arbeida som barne- og ungdomssekretær. Og dei siste fjorten åra har Hein og eg vore prestar i same prostiet. Så me har faktisk hatt ganske mange treffpunkt opp gjennom åra!

Hein kan utruleg mykje om GT. Eg kjenner ikkje nokon prest som på same måten som han, kan gå i djupna i GT-tekstane når det skal forkynnast over dei i kyrkja. Derfor har me i prestefellesskapet vårt ofte brukt hans kompetanse når me arbeidde med GT-tekstar. Dette kjem eg til å sakna nå når Hein har blitt pensjonist.

Nå har han, saman med kona, starta opp Bokstovå te Steinskog.

Menighetsbladet for Klepp (nr 4/2007) har eit godt avskjedsintervju med han. Eg saksar litt frå dette:

(...)

- Fleire gonger har du i talane dine teke oppatt setninga: Gud er meir nådig enn menneske. Kan du seie litt om trua di og kva den betyr for deg i kvardagen?

- Mi tru er dei tre trusartiklane: Gud Fader, Sonen og Den Heilage Ande. Trua er ikkje noko eg kan gripe med handa. Eg er samd med Luther som seier at tvil og tru er tvillingar. Trua mi er der og har vore der, eg har ikkje noko historie som er knytt til ei spesiell hending eller tid i livet mitt. Trua får konsekvensar for livet eg lever. Jærbuen snakkar ikkje så høgt om trua si, dei held seg til dei tre trusartiklane. Me har mykje å læra av vår Herre og sonen hans om korleis behandle menneske. Som menneske vert me både skuffa og kan kjenna på vanskelege følelsar, som gjer at me ikkje alltid er så nådige mot kvarandre. Me må sjå på menneske som det dei er og ikkje slik vi ønsker dei skal vere. For Gud har me alle lik verdi. Gud er nådig og kan frelse alle!

(...)

- Får me sjå deg att eller korleis vert det med pensjonisten Steinskog?

- Som sagt vert eg dreng for kona. Det er ho som er ansvarleg for antikvariatet som me opnar i Kleppekrossen. Der kan eg studere Jærsk kyrkjehistorie og Det Gamle Testamentet. Eg skal sjå nærare på om israelittane sin lærdom frå tida i Babylon og Egypt har kome med inn i Det Gamle Testamentet. Dette gjer eg for å kose meg og av eiga interesse. Samtidig er eg klar for å slå av ein prat når nokon stikk innom. Kontakt med menneske er viktig for meg, det er så mange møtestadar som er på veg ut i vår tid.

(...)

- Er det noko du har lyst å seie til folket i Klepp prestegjeld?

- Ja! Takk for alt godt!

Pilegrimsseminar

I morgon skal eg delta på eit kveldsseminar om pilegrimsvandring, arrangert av Frøyland og Orstad kyrkjelyd. Eg skal presentera bakgrunn og erfaringar frå pilegrimsprosjektet i Jæren prosti, elles er det andre som skal ha innlegg med andre vinklingar.

Her er programmet for kvelden:

  • Arkeolog Margareth Buer Søiland - Perspektiv på pilegrimsvandringar i fortid - kva innebar det å vera pilegrim?
  • Musikalsk leiar Hilde Svela - ”Må din vei komme deg i møte …” – keltisk songtradisjon, også ein pilegrimstradisjon for i dag?
  • Rådgjevar Asbjørn Finnbakk - Om å ta i bruk pilegrimsvandring i formidlinga av evangeliet til menneske i vår tid
  • Sokneprest Arne Berge - "Pilegrimsvandring langs Kongevegen på Jæren” - om pilegrimsprosjektet i Jæren prosti

Etter innleiingar og orienteringar blir det samtale om pilegrimsvandring og korleis dette eventuelt kan og bør arbeidast vidare med i Frøyland og Orstad kyrkjelyd.

søndag 2. september 2007

Konfirmasjon

Idag på hadde me konfirmasjon for 17 ungdomar her på Bryne, dei me kallar sommarkonfirmantane. I tillegg var det dåp av tre barn. Ein flott festdag med god stemning, ekstra song- og musikk-krefter og svært mykje folk i kyrkja. Gudstenesta hadde i overkant av 500 deltakarar, dvs 100 meir enn me hadde berekna! Me kunne dessverre ikkje by på anna enn ståplass til dei som kom sist. Og når eg først har nemnt solosongen, må eg få seia at Hege song heilt fantastisk!

Les meir om konfirmasjon på bloggen i samband med konfirmasjonsdagen i vår.   

søndag 26. august 2007

Konfirmantsvar til ettertanke

Sommarkonfirmantane i Bryne kyrkjelyd deltok i gudstenesta i dag, i samband med konfirmasjonen neste sundag. Desse konfirmantane har hatt mykje av opplegget sitt på KonfCampSkjærgårds i sommar. I denne samanheng må det nemnast at vêret på KonfCamp dessverre var svært dårleg, dei opplevde flaum i og rundt telta den første natta og blei derfor evakuerte til ein skule eit stykke frå festivalområdet.

Ungdomane har nå i august arbeidd skriftleg med å svara på mange spørsmål knytt til konfirmanttida og den kristne trua. Ut frå svara deira var det sett saman eit program som konfirmantane framførte i dag. Her skal eg ikkje gjengje alt det som blei sagt, bare ta med tre eksempel på svar som sette tankane i sving hos både meg og andre.

Kva var det viktigaste du lærte på KonfCamp?

- At du kan gå tusen skritt vekk frå Jesus, men det trengs bare et skritt for å koma tilbake. Og ein kan alltid få tilgivelse.

Førte det dårlege vêret til noko positivt?

- Ja, at folk fekk visa nestekjærleik!

Korleis kan me få hjelp til å leva som kristne?

- Me kan snakka med andre kristne folk og få høyra deira synspunkt og erfaringar. Me kan også få hjelp av kyrkja og Bibelen.

torsdag 23. august 2007

Vikariat

Eg skal om ikkje lenge inn i eit vikariat som stiftskapellan/rådgjevar i Stavanger bispedøme. Det vil bli spennande og interessant å arbeida i ein ny samanheng og med andre oppgåver enn dei eg har til vanleg. Vikariatet varer i fem månadar. (Les meir)

søndag 24. juni 2007

Ordinasjonsdagen

Før eg går til sengs her på hytta, vil eg ta med ein kort notis om at dagen i dag, Jonsok, er ordinasjonsdagen min. Eg blei ordinert i Hinna kyrkje 24. juni 1984 av biskop Sigurd Lunde. Ein viktig dag i livet mitt. Les meir her.

torsdag 7. juni 2007

"Eg skal i Oldkyrkja i kveld"

Denne artikkelen har eg skrive til Luthersk Kirketidende (nr 11, 2007). Avsnittet om Iznik/Nikea byggjer på det eg tidlegare har skrive om byen her på bloggen.

- ”Eg skal i Oldkyrkja i kveld”. Den dagen eg høyrde denne kommentaren frå ei kvinne i kyrkjelyden, forstod eg at studiegruppa vår rett og slett har fått namnet ”Oldkyrkja”. Dette er eit festleg namn, spesielt med tanke på at me i Bryne kyrkjelyd i over 25 år har drive eit ungdomsarbeid som heiter ”Ungkyrkja”!

Det heile begynte på ein kyrkjelydstur til Tyrkia i 2005. Hovuddelen av turen gjekk i apostlane sine fotspor i Efesos-området. Men me hadde også noko kyrkjehistorisk stoff om oldkyrkja og det bysantinske riket på programmet, med besøk i Iznik (Nikea) og Istanbul (Konstantinopel). I ettertid er det først og fremst besøket i det gamle Nikea som har skapt noko nytt i kyrkjelyden vår. Der og då kom ideen: kva om me kunne starta ei studiegruppe når me kjem heim til Bryne? Nokre av turdeltakarane hadde kome på sporet av noko dei ville vita meir om!

Då gruppa frå kyrkjelyden var i Iznik, hadde me samlingar i kyrkja Hagia Sophia og på stranda ved Izniksjøen. Hagia Sophia var samlingsstad for det sjuande og siste økumeniske konsilet i 787. Restane av kyrkja, som i si tid blei gjort om til moske, står nå som ein vakker og stille ruin i ein liten park i sentrum av byen. Og Senatspalasset, som romma det første kyrkjemøtet i 325, ligg i dag under vatn i Izniksjøen. Kultur- og naturforholda har verkeleg endra seg i løpet av ein periode på mest 1700 år, men begge stadane gav oss eit sterkt inntrykk av autentisitet.

Begge stadane las me den nikenske truvedkjenninga, vel vitande om at den ikkje blei ferdigformulert før i Konstantinopel i 381. Men eg var vel ikkje så langt frå sanninga då eg sa at kyrkjemøtet i 325 la mykje av grunnlaget for den flotte vedkjenninga? Og tankane gjekk; på den eine sida opplevde turdeltakarane at dei var i ein utkant i verda. På den andre sida sette dei ord på undringa over at denne byen var viktig nok til å vera vertskap for to av dei sju konsila i oldkyrkja! Her arbeidde høgt skolerte teologar med formuleringar om korleis kyrkja skulle forstå Bibelen, formuleringar som sidan har prega heile den verdsvide kyrkja. Me opplevde sterkt at me i vår tid er avhengige av arbeidet som desse tidlege kyrkjeleiarane gjorde. Deira finslipte formuleringar har sidan alltid vore forståingsnøkkel til inkarnasjonen sitt mysterium.

Ei tid etter turen inviterte nokre av turdeltakarane til den første samlinga i ei studiegruppe som også eg blei med i. Engasjementet deira smitta, og det blei faktisk slik at dei måtte setja grense for kor mange som kunne vera med. Gruppa arbeider med boka 21 kirkefedre av Peter Halldorf. Me har ei samling i månaden, og alle førebur seg med å lesa eit kapittel om ein av kyrkjefedrane. Ofte finn enkelte av deltakarane også fram anna stoff om den aktuelle personen. Så brukar me kvelden til å samtala om det me har lese. Me er opptekne av kyrkjefedrane sine liv og deira tankegang, og me blir også stadig fascinert av korleis Peter Halldorf trekkjer trådane til vår tid og gjer kyrkjefedrane aktuelle for oss. Samtidig er det mykje som undrar oss og som gjer at me får lyst til å finna ut meir.

Gruppa bruker Bøneboka som andaktsbok og me opnar samlingane med å lesa nokre bøner og (sjølvsagt!) den nikenske truvedkjenninga. Kveldane blir også avslutta med bøner frå Bøneboka.

Eg trur kyrkjefedrane og oldkyrkja blir opplevd som eit meir aktuelt tema i dag enn for få år sidan. Mi oppfordring til andre kyrkjelydar og andre prestar er å setja historia vår på dagsorden! Ver gjerne kreative! Det treng ikkje starta med ein kyrkjelydstur til Tyrkia, men for oss var det ein slik tur som sette det heile i gang.

Eg vil også seia noko om min rolle som prest i denne samanhengen. På turen til Tyrkia var eg ein av reiseleiarane, men i gruppa er eg nå ”bare” ein av deltakarane. Gruppa består av tolv personar med svært ulik utdannings- og yrkesbakgrunn, og eldsjelene som blei sette i brann i Nikea, har framleis både det organisatoriske og innhaldsmessige ansvaret. Alle har sitt å bidra med, og sjølvsagt har eg den faglege bakgrunnen med meg inn i fellesskapet.

Det er godt for ein kyrkjelyd å ha medlemer som har interesse for kyrkja sine røter. Og for mitt eige vedkomande vil eg seia det er eit privilegium å vera med i denne studiegruppa. Kveldane ”i Oldkyrkja” er inspirerande. Dei utfordrar meg både som prest og som menneske.

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja