Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

torsdag 27. desember 2007

Hieronymus om Jesu fødestad

024_hieronymus_skulptur Hieronymus (331-419), ein av kyrkjefedrane, levde den siste delen av livet sitt i ei grotte nær Fødselsgrotta. Han var kritisk til utviklinga på staden, og sa i ei julepreike:

Hvor jeg ønsker jeg kunne fått se den krybbe der vår Herre en gang lå! Nå har vi kristne fjernet krybben av leire, og vi har erstattet den med en av sølv, angivelig for å ære ham som ble lagt der. Men for meg er den som er fjernet av større verd. For den hedenske verden samler seg gull og sølv. Men den kristne tro fortjener krybben av leire. For han som lå der forsmådde gull og sølv. Jeg forakter ikke dem som har villet ære ham og har satt opp sølvkrybben, slik jeg heller ikke har noen forakt for dem som laget gullkar til templet. Men jeg beundrer vår Herre – han som er verdens skaper, og som ikke ble født mellom sølv og gull, men som ble lagt i en krybbe av leire.

Skulpturen av Hieronymus står ved Fødselskyrkja i Betlehem.  Utdraget frå julepreika hans er sitert frå boka Barnet og byen av Ole Christian Kvarme.

 

laurdag 25. august 2007

Utgravingar i Tiberias

Tiberias er i dag den største byen ved Gennesaretsjøen. Byen blei grunnlagt av Herodes Antipas ca år 20 og var hovudstad i riket hans på den tid Jesus verka i området. Byen er nemnt i NT (sjå Joh 6,23), men det blir aldri sagt direkte at Jesus besøkte staden. Byen blei øydelagt i jordskjelv i 1033.

Tiberias var frå ca 235 eit viktig senter for utviklinga av rabbinsk litteratur. Men det var også kristne i byen. Eg skulle gjerne visst meir om forholdet mellom jødisk og kristen tru i byen på denne tida!

Eg syns derfor det er interessant at det nå i sommar har vore arkeologiske utgravingar i Tiberias, blant anna med funn av ei kyrkje som kan daterast til tida då den rabbinske skulen stod så sterkt i byen. Rapporten frå arkeologane hevdar at kyrkja, på grunn av korsa i mosaikken, må vera frå før år 427.

Her er ein omtale av funnet:

Three dedicatory inscriptions written in ancient Greek are incorporated in the mosaics. In one of the inscriptions, which were deciphered by Dr. Leah Di Signi of the Hebrew University of Jerusalem, is the line: "Our Lord, protect the soul of your servant..." [Our Lord=Jesus]

One of the mosaics is adorned with a medallion in which there is a large cross flanked by the letters alpha and omega, which are one of the monograms for Jesus (alpha to omega meaning from A to Z in Greek).

The church's remains were discovered adjacent to ancient public buildings among them a basilica, bathhouse, streets and shops that were exposed at the site in the past. Dr. Moshe Hartal and Edna Amos, the directors of the excavation on behalf of the Antiquities Authority, stated that this is the most ancient church to be uncovered in Tiberias and the only one that has been found in the center of the city.

According to Dr. Hartal, from the year 427 CE the Church issued a decree prohibiting the placement of crosses in mosaic floors in order to prevent them from being stepped on. "The presence of so many crosses in the floors of the church that was exposed here thus confirms the church dates to the period prior to the ban," he said.

Dei israelske arkeologane trekk også inn forholdet mellom jødisk og kristen tru i tolkinga av funna:

"The discovery of the church in the heart of the Jewish quarter disproves the theory that the Jews prevented the Christians from establishing prayer halls in the middle of the city," they added. (les meir)

Les offisiell israelsk informasjon (med eit par gode bilete) her.

Todd Bolen skriv om funnet i BiblePlaces Blog og han fortel at staden ligg sør for den moderne byen, like nord for Hammath Tiberias. Eg håper utgravingsområdet blir gjort ope og tilgjengeleg. I så fall satsar eg på å besøkja staden neste gong eg er i Tiberias!

torsdag 7. juni 2007

"Eg skal i Oldkyrkja i kveld"

Denne artikkelen har eg skrive til Luthersk Kirketidende (nr 11, 2007). Avsnittet om Iznik/Nikea byggjer på det eg tidlegare har skrive om byen her på bloggen.

- ”Eg skal i Oldkyrkja i kveld”. Den dagen eg høyrde denne kommentaren frå ei kvinne i kyrkjelyden, forstod eg at studiegruppa vår rett og slett har fått namnet ”Oldkyrkja”. Dette er eit festleg namn, spesielt med tanke på at me i Bryne kyrkjelyd i over 25 år har drive eit ungdomsarbeid som heiter ”Ungkyrkja”!

Det heile begynte på ein kyrkjelydstur til Tyrkia i 2005. Hovuddelen av turen gjekk i apostlane sine fotspor i Efesos-området. Men me hadde også noko kyrkjehistorisk stoff om oldkyrkja og det bysantinske riket på programmet, med besøk i Iznik (Nikea) og Istanbul (Konstantinopel). I ettertid er det først og fremst besøket i det gamle Nikea som har skapt noko nytt i kyrkjelyden vår. Der og då kom ideen: kva om me kunne starta ei studiegruppe når me kjem heim til Bryne? Nokre av turdeltakarane hadde kome på sporet av noko dei ville vita meir om!

Då gruppa frå kyrkjelyden var i Iznik, hadde me samlingar i kyrkja Hagia Sophia og på stranda ved Izniksjøen. Hagia Sophia var samlingsstad for det sjuande og siste økumeniske konsilet i 787. Restane av kyrkja, som i si tid blei gjort om til moske, står nå som ein vakker og stille ruin i ein liten park i sentrum av byen. Og Senatspalasset, som romma det første kyrkjemøtet i 325, ligg i dag under vatn i Izniksjøen. Kultur- og naturforholda har verkeleg endra seg i løpet av ein periode på mest 1700 år, men begge stadane gav oss eit sterkt inntrykk av autentisitet.

Begge stadane las me den nikenske truvedkjenninga, vel vitande om at den ikkje blei ferdigformulert før i Konstantinopel i 381. Men eg var vel ikkje så langt frå sanninga då eg sa at kyrkjemøtet i 325 la mykje av grunnlaget for den flotte vedkjenninga? Og tankane gjekk; på den eine sida opplevde turdeltakarane at dei var i ein utkant i verda. På den andre sida sette dei ord på undringa over at denne byen var viktig nok til å vera vertskap for to av dei sju konsila i oldkyrkja! Her arbeidde høgt skolerte teologar med formuleringar om korleis kyrkja skulle forstå Bibelen, formuleringar som sidan har prega heile den verdsvide kyrkja. Me opplevde sterkt at me i vår tid er avhengige av arbeidet som desse tidlege kyrkjeleiarane gjorde. Deira finslipte formuleringar har sidan alltid vore forståingsnøkkel til inkarnasjonen sitt mysterium.

Ei tid etter turen inviterte nokre av turdeltakarane til den første samlinga i ei studiegruppe som også eg blei med i. Engasjementet deira smitta, og det blei faktisk slik at dei måtte setja grense for kor mange som kunne vera med. Gruppa arbeider med boka 21 kirkefedre av Peter Halldorf. Me har ei samling i månaden, og alle førebur seg med å lesa eit kapittel om ein av kyrkjefedrane. Ofte finn enkelte av deltakarane også fram anna stoff om den aktuelle personen. Så brukar me kvelden til å samtala om det me har lese. Me er opptekne av kyrkjefedrane sine liv og deira tankegang, og me blir også stadig fascinert av korleis Peter Halldorf trekkjer trådane til vår tid og gjer kyrkjefedrane aktuelle for oss. Samtidig er det mykje som undrar oss og som gjer at me får lyst til å finna ut meir.

Gruppa bruker Bøneboka som andaktsbok og me opnar samlingane med å lesa nokre bøner og (sjølvsagt!) den nikenske truvedkjenninga. Kveldane blir også avslutta med bøner frå Bøneboka.

Eg trur kyrkjefedrane og oldkyrkja blir opplevd som eit meir aktuelt tema i dag enn for få år sidan. Mi oppfordring til andre kyrkjelydar og andre prestar er å setja historia vår på dagsorden! Ver gjerne kreative! Det treng ikkje starta med ein kyrkjelydstur til Tyrkia, men for oss var det ein slik tur som sette det heile i gang.

Eg vil også seia noko om min rolle som prest i denne samanhengen. På turen til Tyrkia var eg ein av reiseleiarane, men i gruppa er eg nå ”bare” ein av deltakarane. Gruppa består av tolv personar med svært ulik utdannings- og yrkesbakgrunn, og eldsjelene som blei sette i brann i Nikea, har framleis både det organisatoriske og innhaldsmessige ansvaret. Alle har sitt å bidra med, og sjølvsagt har eg den faglege bakgrunnen med meg inn i fellesskapet.

Det er godt for ein kyrkjelyd å ha medlemer som har interesse for kyrkja sine røter. Og for mitt eige vedkomande vil eg seia det er eit privilegium å vera med i denne studiegruppa. Kveldane ”i Oldkyrkja” er inspirerande. Dei utfordrar meg både som prest og som menneske.

fredag 1. juni 2007

Justin Martyr

Den katolske kyrkja markerer i dag minnedag for Justin Martyr, ein av dei apostoliske fedrane. Justin levde på 100-talet. Han er ein av dei eldste kjente kristne forfattarane etter dei som skreiv Det nye testamentet. Les den katolske kyrkja sin biografi om Justin her.

Sjå òg teksten Jeg gav min tilslutning til de kristnes sanne lære som gjengir tradisjonen om Justins martyrdød ca 165.

onsdag 27. desember 2006

Ignatius om Betlehemsstjerna

Forteljinga om "Betlehemsstjerna" har nok alltid fascinert menneske som har lese Matteusevangeliet. Den eldste kjente refleksjonen over stjerna finn me i Ignatius sitt brev til efesarane kap 19, skrive ca 110 e Kr.   

Marias jomfrustand og hennes nedkomst var skjult for denne verdens fyrste, Herrens død likeså. Det er de tre hemmeligheter som roper høyt og som ble satt i verk under Guds taushet. (19,1)

Hvordan ble de så åpenbart for verden? En stjerne på himmelen overstrålte alle stjernene, og dens lys var ubeskrivelig. Den var noe helt nytt som skapte undring. Og alle de andre stjerner sammen med sol og måne dannet et kor omkring denne stjernen, men selv overstrålte den alle med sitt lys. Det oppstod bestyrtelse: Dette nye, så ulikt dem selv, hvor kom det fra? (19,2)

Resultatet ble at alle svartekunster gikk i oppløsning, og alle ondskapens lenker ble tilintetgjort. Uvitenhet ble utryddet, og det gamle herreveldet ble tilintetgjort da Gud ble åpenbart i menneskelig skikkelse for å bringe det nye som gir evig liv. Og det som var gjort ferdig hos Gud fikk sin begynnelse. Fra da av kom alle ting i bevegelse fordi tilintetgjørelsen av døden nå ble iverksatt. (19,3)

Ignatius er ein av dei apostoliske fedrane, og hans sju brev er blant dei eldste kristne skriftene som ikkje står i NT. Ignatius var biskop i Antiokia, og breva hans blei skrivne då han blei ført som fange til Roma under keisar Trajan (98-117).

Den norske omsetjinga (ved Martin Synnes) finn me i De apostoliske fedre, redigert av Ernst Baasland og Reidar Hvalvik, Luther forlag 1984.

Kyrkjehistoriske tabellar

På NLA sine kyrkjehistoriske fagsider finst det bl a kyrkjehistoriske tabellar over ulike tidsperiodar og tema, f eks oversikt over oldkyrkja (30-500 e Kr)

fredag 8. desember 2006

Kyrkjefedrane

Kyrkjefedrane var viktige teologar frå den kristne kyrkja si første tid. Det er i dag ein aukande interesse for kyrkjefedrane i ulike kristne miljø. Eg er visst også ein del av den trenden. Då eg var teologistudent, var Teologins historia av Bengt Hägglund ein tungt fordøyeleg murstein som eg streva meg gjennom. Denne hausten har eg tatt meg sjølv i å finna boka fram frå bokhylla (og lesa i den) bare fordi eg hadde lyst!

Denne delen av kyrkjehistoria blir kalla patristikk, dvs læra om kyrkjefedrane, deira liv, skrifter og lære. Nå kan interesserte få hjelp til å orientera seg i bloggar som tar opp patristiske tema gjennom Patristics Carnival. Førsteutgåva av Patristics Carnival, som nyleg er publisert på bloggen hyperekperisou, tar for seg bloggartiklar frå perioden september - november i år.

Continue reading "Kyrkjefedrane" »

laurdag 15. april 2006

Det indre menneske

For oss som lever i vår kultur, er det heilt naturleg å skilja mellom det indre og det ytre menneske. Me opplever at me har eit indre liv med sjølvstendige tankar, kjensler og eit intellekt. Dette er ein tankegang som i stor grad har kome inn i vår bevissthet gjennom den kristne trua.

Helge Salemonsen hadde eit interessant foredrag om dette i P2-akademiet i dag. NRK omtalar foredraget Under kunnskapens tre. Om selvbevisstheten slik:

"Det moderne menneske roser seg av sin selvstendighet. Vi roser hverandre for individualitet og orginalitet. Men denne erfaringen av det indre menneske skilt fra det ytre, kom først med kristendommen. Mennesket erfaring av seg selv var en helt annen i middelalderen eller i det gamle Hellas. Homer's Illiaden er full av gode eksempler, andre finner vi i nedtegnelser fra livet i klostrene i gammel tid." Les eit utdrag av foredraget her.

Augustin (354-430), ein av kyrkjefedrane, er viktig for forståinga av "det indre mennesket". Men tankegangen går tilbake til NT. Ein fin tekst som forutset denne tanken, er Paulus si bøn om styrke og innsikt i Ef 3,14-21. Gjer gjerne denne bøna til ei bøn for deg sjølv og for dine næraste!

   
   
Difor bøyer eg mine kne for Far,
            
   
han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord.
         
   
Må han som er så rik på herlegdom,
    styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.
         
   
Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua,
    og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.
         
   
Må de saman med alle dei heilage
    få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,
            
   
ja, kjenna Kristi kjærleik som er større enn nokon kan forstå.
    Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!
         
   
Han som verkar i oss med si kraft
    og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar,
            
   
han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus
    gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

tysdag 11. april 2006

Kva skjedde "eigentleg"?

Det er nettopp opna ei nettside med namnet Da Vinci - koden. Det er ikkje ei nettutgåve av den berømte boka, men ei side som vil vera ein "ressurs for alle som er interessert i å lære mer om de spørsmålene som Da Vinci-koden reiser."

Nettsida presenterer seg sjølv slik: "Artiklene på dette nettstedet er skrevet av folk som baserer sin forskning og sine synspunkter på solide historiske kilder, - og ikke på legender, konspirasjonsteorier, oppdiktede kilder og fri fantasi."

Om redaktøren står det: "Ansvarlig redaktør for nettstedet er Bjørn Are Davidsen. Han har i mer enn 30 år elsket science fiction-bøker, konspirasjonsteorier og alt som kan pirre fantasien. Samtidig har han spesialisert seg på falsk vitenskap og historisk mytedannelse. En del av kunnskapen hans på dette området får du del i ved å lese boka hans Da kvinnen fikk sjel  - og andre historier fra 1998."

I omtalen av sida i Vårt Land, står det m.a.:

"– Det handler ikke om å finne feilene i Da Vinci-koden, men om å være til stede i møte med de spørsmålene som reises mot kirken og historien fra antikken.
Behovet for denne informasjonen synes stort. Bjørn Are Davidsen jobber nå med et tredje revidert opplag av boka Da Vinci dekodet, og Oskar Skarsaunes bok Den ukjente Jesus er allerede ute i sitt tredje opplag.
– Mange har savnet en fornuftsbasert framstilling av hva som foregikk i tidlig kirkehistorie. Hva skjedde egentlig ved det berømte kirkemøtet i Nikea? Hvordan foregikk utvelgelsen av skriftene til Det nye testamentet? Det finnes mange vandrehistorier og myter. Dan Brown har vært med på å spre disse mytene til et bredt publikum. På dette området er det et gap mellom en faglig og folkelig forståelse av tingene. Vi vil gi folk en saklig og forståelig framstilling av de historiske hendelsene."

Ja, ein første besøk på sida tilseier at her er det mykje bra stoff. Og det skulle bare mangle, for Oskar Skarsaune og Bjørn Are Davidsen, som står bak sida, er folk som verkeleg har greie på dette. Eg ser fram til å følgja med på sida deira!

måndag 10. april 2006

Judasevangeliet

Kor viktig er det eigentleg at det nå er funne eit gamalt manuskript med Judasevangeliet? Mange medier har omtalt dette funnet dei siste dagane, eit konkret eksempel frå i dag er artikkelen Judas betre enn sitt rykteStartsida sitt magasin. Det er National Geographic som har sikra seg rettane til publiseringa, og dei har spelt sine kort godt. Forrige veke blei teksten gjort kjent, og i går sendte TV-kanalen deira eit dokumentarprogram om funnet av Judasevangeliet (NT Gateway Weblog kommenterer programmet med "live-blogging" her).

Judas Iskariot var ein av dei tolv disiplane til Jesus. NT fortel at han i Jesu siste påske blei ein forrædar som sveik Jesus ved å hjelpa dei som tok Jesus til fange. Sidan har han blitt omtalt som svikaren, og han har hatt eit svært negativt omdøme i den kristne tradisjonen.

Judasevangeliet er eit gamalt skrift som fortel denne historia på ein heilt annan måte. Her er det Judas den disippelen som har best kontakt med Jesus, mens dei andre ikkje forstår kva som skjer. Skriftet er ekte nok, det stammar frå dei gnostiske religionane som oppstod i Romarriket i dei første hundreåra etter Jesus. Men koss skal me vurdera betydninga av det som står der?

Det var mykje interessant i programmet på National Geographic Channel, i alle høve for meg med mine interesser for bibelsk arkeologi og historie. Men det slår meg at kanalen i sin presentasjon heile tida veksla mellom

  • på den eine sida å presentera forskning og å intervjua forskarar om deira tankar, og
  • på den andre sida å gjengje usikre rekonstruksjonar av koss Judasevangeliet blei funne og å antyda synspunkt som at kanskje dette forandrar vårt syn på kva som skjedde ved Jesu død .....?

Ein skal sjølvsagt vera forsiktig med å uttala seg for sterkt om eit dokument som har vore offentleg publisert bare i nokre få dagar. Men gnostiske evangelier er slett ikkje noko nytt. Det finst fleire av dei. Mi vurdering er at slike skrift er interessante i ein kyrkjehistorisk og religionshistorisk samanheng, men at dei ikkje endrar nokonting av vår kunnskap om Jesus og disiplane hans!

Continue reading "Judasevangeliet" »

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja