Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

søndag 23. mars 2008

Bakgrunnsstoff om påsken

Påsken er slett ikkje over ennå! I kyrkjeåret varer påsketida heilt fram til pinse, og det er Jesu oppstode som er det store og viktige tema i denne utvida påskefeiringa.

Påsken er den eldste kristne høgtida og heile kyrkjeåret er bygd opp med utgangspunkt i påsken. Den første kristne påskedagen var den dagen då Jesus stod opp av grava og dette gav den første vekedagen ei unik tyding for dei første kristne. Kvar søndag er eigentleg ein påskedag. (les meir)

Ei bøn på påskedagen

Lova vere du, vår Gud og Far! Himmelen og jorda syng av glede denne morgonen då lyset sprengde seg veg inn i gravmørket og Kristus stod opp av døden som den første av mange. Vi fattar det ikkje, det er for underfullt for oss at det som skjedde den morgonen i gravhagen, også kan skje for oss. Derfor ber vi deg: Kom til oss, Herre Jesus! Gjev deg til kjenne for oss og tak redsla vår bort! For berre då kan vi tru det som ikkje skjer og håpa det som ingen ser: at som du lever, skal også vi leva. I denne levande vona vil vi lova og prisa deg, du livsens sigerherre, frå æve til æve.

Denne kollektbøna for påskedagen er skriven av den danske presten Holger Lissner og er tatt med i Bøneboka (bøn nr 332).

God påske!

Eg ønskjer alle lesarar ein god påske!

Her er evangeliet for påskedag:

Tidleg om morgonen første dagen i veka, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava. Då får ho sjå at steinen er teken bort frå grava. 2 Ho spring av stad og kjem til Simon Peter og den andre disippelen, han som Jesus hadde kjær, og seier til dei: «Dei har teke Herren ut av grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.» 3 Då tok Peter og den andre disippelen ut og kom til grava. 4 Dei sprang saman, men den andre disippelen sprang fortare enn Peter og kom først til grava. 5 Han bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava. 6 Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der, 7 og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg. 8 Då gjekk den andre disippelen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde. 9 For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde. 10 Så gjekk disiplane heim. (Joh 20,1-10)

laurdag 22. mars 2008

Påskeaftan

Eg har vore på ferie på Sørlandet nokre dagar og har kome heim nå i kveld for å feira påskehelga i eigen kyrkjelyd. I kveld kl 23 skal eg på påskenattmesse i Time kyrkje. I morgon på høgtidsgudsteneste i Bryne kyrkje.

Påske er ei flott høgtid som rommar så mykje. Det dreier seg både om smerte og om glede. Eg vil likevel seia at Guds frelseshandlingar og håpet om det evige liv er det sentrale av påskebodskapen.

fredag 21. mars 2008

Langfredag

Det er langfredag i dag, ein spesiell heilagdag. Jesu død på korset står i sentrum. (les meir)

Men han vart såra for våre brot
og sundbroten for våre synder.
Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
og ved hans sår har vi fått lækjedom.
(Jes 53,5)

torsdag 20. mars 2008

Skjærtorsdag

Det er Skjærtorsdag i dag. Her har eg samla nokre linkar til tidlegare artiklar på bloggen, knytt til Jesu lidingshistorie i Jerusalem:

måndag 17. mars 2008

Den stille veka

Denne veka blir ofte omtalt som påskeveka, noko som rett og slett er feil! Påskeveka begynner med første påskedag. Den veka som begynner med palmesøndag, heiter frå gamalt av Den stille veka.

Vil du ha ein god gjennomgang av kva kristen påske er, kan du lesa artikkelen Påskens overlevelseskraft.

Tilbake til uttrykket Den stille veka. Tore Kopperud, som eg hadde som lærar på praktikum på MF, skriv i boka På vandring gjennom kirkeåret (s 80):

... Sjeldent innholdsrik som denne uke er, har den gjennom tidene hatt flere navn: Den store uke, den hellige uke, den mørke uke, den sorte uke (i motsetning til "den hvite uke" etter påske) og sorgens uke. I "sorgens uke" klaget man over Jesu lidelse, mens man i "gledens uke" (første uke etter påske) jublet over hans oppstandelse.

Navnet "den stille uke" går helt tilbake til keiser Konstantin den stores tid (ca 325), da alt som kunne forstyrre helgefreden ble forbudt.

I den stille uke har man gjennom tidene lest beretningene om Jesu lidelse i utdrag eller de forskjellige evangeliene i rekkefølge. I vår tid kan i kanskje anbefale følgende:
Mandag: Matt 26-27
Tirsdag: Mark 14-15
Onsdag: Luk 22-23
Torsdag: Joh 18-19

Da har man hele lidelseshistorien  med seg når man kommer så langt som til Langfredag, og vi igjen skal være stille innfor en av disse beretningene ...

Prost Birger Foseide på www.orkdalsmenighetene.no skriv:

Frå gammalt av har veka mellom Palmesøndag og Påskedag vore kalla Den stille veka. Maria kan lære oss litt om å vere hos Jesus i stille tilbeding og undring. Kristen livsholdning er ikkje berre ord, aktivitetar og møtegang og liturgiar. Maria kan lære oss at det går an å hylle og tilbe Jesus som konge utan å bruke ord.

søndag 16. mars 2008

Påskepynt

Me har ikkje funne all påskepynten etter flyttinga. Dessverre. Påskeegg frå Praha, kyllingar og annan påskepynt får anten koma på plass seinare i den stille veka eller før påske neste år. Heldigvis fann me eska med Påls påskefigurar, som han laga då han var tretten år. Dei har nå kome på plass i den nye stua vår. Sjå Påls omtale med bilete her.

søndag 9. mars 2008

Maria Bodskapsdag

Det er Maria Bodskapsdag i dag. Eg viser til artikkelen her på bloggen på dagen i fjor, som inneheld preika mi for dagen og ein heil del stoff knytt til forteljinga om Maria som skulle bli Jesu mor. Sjå her.

Preiketekst i år er Marias lovsong, den såkalla Magnificat, frå Luk 1,46-55:

46 Då sa Maria:
        «Mi sjel høglovar Herren,
   
47 og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
   
48 For han har sett til si ringe tenestekvinne.
        Og sjå, frå no av skal alle ætter prisa meg sæl,
   
49 for store ting har han gjort mot meg,
        han, den mektige; heilagt er hans namn.
   
50 Frå ætt til ætt varer hans miskunn
        for dei som ottast han.
   
51 Han gjorde storverk med sin sterke arm;
        han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.
   
52 Han støytte stormenn ned frå trona
        og lyfte opp dei låge.
   
53 Han metta dei svoltne med gode gåver,
        men sende dei rike tomhendte frå seg.
   
54 Han tok seg av Israel, sin tenar,
        og kom i hug si miskunn
   
55 slik han lova  våre fedrar,
        Abraham og hans ætt, til evig tid.»

søndag 6. januar 2008

Kristi openberringsdag

Den første søndagen i det nye året heiter Kristi openberringsdag og den har fokus på Jesu universelle tyding. Dagen har på ein spesiell måte blitt misjonssøndagen i Den norske kyrkja. Teksten for dagen er kort:

Igjen tala Jesus til folket og sa: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.» (Joh 8,12)

Uavhengig av at det er Kristi openberringsdag, er også dagen spesiell sidan det er 6. januar. Dei ortodokse kristne nyttar ein annan kalender og feirer i dag julaftan (les meir). Hos oss er trettande dag jul tradisjonelt dagen for å rydda etter jul. Så langt har ikkje eg kome denne helga!

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja