Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

fredag 28. mars 2008

Varhaug gamle kyrkjegard

Varhaug_gamle_kyrkjegard I påsken var eg ein tur i flott vinterver på Varhaug gamle kyrkjegard, heilt ute ved kysten her på Jæren. Kyrkjegarden har vore i bruk sidan mellomalderen. Her låg kyrkja for Varhaug sokn gjennom mange hundre år. Den første kyrkja på staden blei truleg bygd på 1300-talet, seinare blei det bygd nye kyrkjer på 1600-talet og 1800-talet. Den siste blei riven i 1905 då den nye Varhaugkyrkja var bygd på Odland. I dag står det eit lite kapell på staden.

"Det er sjelden vi ser evigheten. På Varhaug gamle kirkegård ser vi den." Slik skreiv journalist og forfattar Per Thomsen etter ei gravferd på staden i 1968. Eg trur eg skjønner opplevinga hans. Dette er ein fascinerande og veldig spesiell stad!

Eg føyer staden til lista over thin places.

søndag 16. mars 2008

Interesse for den koptiske kyrkja

Studieturen til Egypt (her) opna ei ny verd for meg. Landet har ei spesiell og lang kulturhistorie, og det er utruleg mykje interessant stoff å gripa fatt i. Det har eg sjølvsagt visst lenge, utan å ha særleg kunnskap ut over det eg ein gong lærte på gymnaset. Derfor var det kjekt å få eit fornya og meir direkte forhold til denne kulturhistoria gjennom å sjå og oppleva i alle høve litt av det landet har å by på.

Det som verkeleg var nytt for meg, var livet i den koptiske kyrkja, både i historisk og dagsaktuelt perspektiv. Dermed har eg fått enda ei interesse, enda nokre fleire bøker og enda eit tema som truleg vil få plass på bloggen i tida framover.

Ja, eg hadde sjølvsagt med meg ein del bøker heim. Eg har funne fram to av dei i kveld, begge gjevne ut av Gawdat Gabra, tidlegare direktør på det koptiske museet i Cairo:

Den siste av dei er ei stor praktbok, gjeven ut i samband med år 2000-jubileet. Den handlar om den egyptiske tradisjonen som byggjer på bibelforteljinga om flukta til Egypt då kong Herodes ville drepa ein eventuell utfordrar til kongekrona (Matt 2,13-15). Eit fascinerande tema, som eg vil koma tilbake til.

Når eg sit her i kveld og tenkjer desse tankane, er det fordi eg nettopp har lese ein artikkel i Al-Ahram Weekly Online med referat frå ein konferanse om koptisk klosterliv i Øvre Egypt. For eit halvt år sidan hadde eg aldri kome på å lesa noko slikt. Men nå har eg altså lese dette, og faktisk funne ting som eg fann interessant! Gawdat Gabra er elles nemnt i artikkelen, men då fordi han ikkje var til stades (og var savna).

Continue reading "Interesse for den koptiske kyrkja" »

måndag 23. juli 2007

Dønnes kyrkje

Dnnes Sommarminne frå Nordland III

Eg var innom ein heil del kyrkjer på ferien i Nordland. Den kyrkja som gjorde sterkast inntrykk, var Dønnes kyrkje, ei flott mellomalderkyrkje nord på øya Dønna. Kyrkja blei bygd på 1200-talet på storgarden Dønnes. I tidlegare tider var dette ei privatkyrkje knytt til Dønnesgodset, men nå er det ei vanleg soknekyrkje. Me fann oppslag om at me kunne få omvisning i kyrkja ved å venda oss til folket på garden. Det gjorde me, og då traff me faktisk kjentfolk som var på besøk der, og i tillegg fekk me god omvisning i kyrkja ved kona på garden!

Dnnes_kyrkje Denne kyrkja har faktisk eige mausoleum for folket på Dønnesgodset! Ein kjem inn i det gjennom ei gamal kopardør i det indre koret. På biletet ser me mausoleet som eit tilbygg som står vinkelrett på sjølve kyrkja. Her inne står det 22 kister med blant anna seks generasjonar av Tønder- og Coldevinslekta som i si tid dreiv garden. Eg syns kistene hadde halde seg forbausande godt. Den eldste kista var amtmann Peder Tønder si kiste frå 1694; den var kledd med geiteskinn. Den yngste kista var frå 1869.

Men sjølv om mausoleet var spesielt, vil eg først og fremst seia at det var sjølve kyrkja som gjorde så sterkt inntrykk. Sjølv om den var påbygd fleire gonger, var det ein fin heilskap over bygget. Og det var tatt vare på relativt mykje gamal kyrkjekunst her, for eksempel ein 1200-tals trefigur av Jomfru Maria med Jesusbarnet og ein figur av St. Laurentius frå 1400-talet.

Turistavisa Opplevelser på Helgelandskysten 2007 fortel meg at Dønnes kyrkje blir kalla den vakraste kyrkja i Nord-Norge. Eg har dessverre ikkje samanlikningsgrunnlag nok til å kunna skriva under på dette, men det var i alle høve ei flott oppleving å besøkja kyrkja.

Utsikt_fr_dnnesfjellet Etter besøket i kyrkja var me oppe på Dønnesfjellet (127 moh) og hadde fiskesuppe og fantastisk utsikt ut over havet, blant anna med øyane Lovund og Træna i det fjerne.

torsdag 7. juni 2007

"Eg skal i Oldkyrkja i kveld"

Denne artikkelen har eg skrive til Luthersk Kirketidende (nr 11, 2007). Avsnittet om Iznik/Nikea byggjer på det eg tidlegare har skrive om byen her på bloggen.

- ”Eg skal i Oldkyrkja i kveld”. Den dagen eg høyrde denne kommentaren frå ei kvinne i kyrkjelyden, forstod eg at studiegruppa vår rett og slett har fått namnet ”Oldkyrkja”. Dette er eit festleg namn, spesielt med tanke på at me i Bryne kyrkjelyd i over 25 år har drive eit ungdomsarbeid som heiter ”Ungkyrkja”!

Det heile begynte på ein kyrkjelydstur til Tyrkia i 2005. Hovuddelen av turen gjekk i apostlane sine fotspor i Efesos-området. Men me hadde også noko kyrkjehistorisk stoff om oldkyrkja og det bysantinske riket på programmet, med besøk i Iznik (Nikea) og Istanbul (Konstantinopel). I ettertid er det først og fremst besøket i det gamle Nikea som har skapt noko nytt i kyrkjelyden vår. Der og då kom ideen: kva om me kunne starta ei studiegruppe når me kjem heim til Bryne? Nokre av turdeltakarane hadde kome på sporet av noko dei ville vita meir om!

Då gruppa frå kyrkjelyden var i Iznik, hadde me samlingar i kyrkja Hagia Sophia og på stranda ved Izniksjøen. Hagia Sophia var samlingsstad for det sjuande og siste økumeniske konsilet i 787. Restane av kyrkja, som i si tid blei gjort om til moske, står nå som ein vakker og stille ruin i ein liten park i sentrum av byen. Og Senatspalasset, som romma det første kyrkjemøtet i 325, ligg i dag under vatn i Izniksjøen. Kultur- og naturforholda har verkeleg endra seg i løpet av ein periode på mest 1700 år, men begge stadane gav oss eit sterkt inntrykk av autentisitet.

Begge stadane las me den nikenske truvedkjenninga, vel vitande om at den ikkje blei ferdigformulert før i Konstantinopel i 381. Men eg var vel ikkje så langt frå sanninga då eg sa at kyrkjemøtet i 325 la mykje av grunnlaget for den flotte vedkjenninga? Og tankane gjekk; på den eine sida opplevde turdeltakarane at dei var i ein utkant i verda. På den andre sida sette dei ord på undringa over at denne byen var viktig nok til å vera vertskap for to av dei sju konsila i oldkyrkja! Her arbeidde høgt skolerte teologar med formuleringar om korleis kyrkja skulle forstå Bibelen, formuleringar som sidan har prega heile den verdsvide kyrkja. Me opplevde sterkt at me i vår tid er avhengige av arbeidet som desse tidlege kyrkjeleiarane gjorde. Deira finslipte formuleringar har sidan alltid vore forståingsnøkkel til inkarnasjonen sitt mysterium.

Ei tid etter turen inviterte nokre av turdeltakarane til den første samlinga i ei studiegruppe som også eg blei med i. Engasjementet deira smitta, og det blei faktisk slik at dei måtte setja grense for kor mange som kunne vera med. Gruppa arbeider med boka 21 kirkefedre av Peter Halldorf. Me har ei samling i månaden, og alle førebur seg med å lesa eit kapittel om ein av kyrkjefedrane. Ofte finn enkelte av deltakarane også fram anna stoff om den aktuelle personen. Så brukar me kvelden til å samtala om det me har lese. Me er opptekne av kyrkjefedrane sine liv og deira tankegang, og me blir også stadig fascinert av korleis Peter Halldorf trekkjer trådane til vår tid og gjer kyrkjefedrane aktuelle for oss. Samtidig er det mykje som undrar oss og som gjer at me får lyst til å finna ut meir.

Gruppa bruker Bøneboka som andaktsbok og me opnar samlingane med å lesa nokre bøner og (sjølvsagt!) den nikenske truvedkjenninga. Kveldane blir også avslutta med bøner frå Bøneboka.

Eg trur kyrkjefedrane og oldkyrkja blir opplevd som eit meir aktuelt tema i dag enn for få år sidan. Mi oppfordring til andre kyrkjelydar og andre prestar er å setja historia vår på dagsorden! Ver gjerne kreative! Det treng ikkje starta med ein kyrkjelydstur til Tyrkia, men for oss var det ein slik tur som sette det heile i gang.

Eg vil også seia noko om min rolle som prest i denne samanhengen. På turen til Tyrkia var eg ein av reiseleiarane, men i gruppa er eg nå ”bare” ein av deltakarane. Gruppa består av tolv personar med svært ulik utdannings- og yrkesbakgrunn, og eldsjelene som blei sette i brann i Nikea, har framleis både det organisatoriske og innhaldsmessige ansvaret. Alle har sitt å bidra med, og sjølvsagt har eg den faglege bakgrunnen med meg inn i fellesskapet.

Det er godt for ein kyrkjelyd å ha medlemer som har interesse for kyrkja sine røter. Og for mitt eige vedkomande vil eg seia det er eit privilegium å vera med i denne studiegruppa. Kveldane ”i Oldkyrkja” er inspirerande. Dei utfordrar meg både som prest og som menneske.

fredag 1. juni 2007

Justin Martyr

Den katolske kyrkja markerer i dag minnedag for Justin Martyr, ein av dei apostoliske fedrane. Justin levde på 100-talet. Han er ein av dei eldste kjente kristne forfattarane etter dei som skreiv Det nye testamentet. Les den katolske kyrkja sin biografi om Justin her.

Sjå òg teksten Jeg gav min tilslutning til de kristnes sanne lære som gjengir tradisjonen om Justins martyrdød ca 165.

søndag 20. mai 2007

Kristent ungdomsarbeid for 80 år sidan

Gabriel_olsens_bibelklasse_ca_1927 Dette biletet fortel ei historie som eg syns fortener å koma fram. Me ser her "Gabriel Olsens bibelklasse" på Storhaug i Stavanger ca 1927. Gabriel Olsen, som sit midt i biletet på fremste rad, samla denne ungdomsgruppa i heimen sin kvar laurdag kveld!

Faren min, Trygve Berge (1912-2001), gjekk i bibelklassen. Han står lengst til venstre i den midterste rekka. Han fortalde meg fleire gonger om at han hadde gått i bibelklassen då han var ungdom, og han omtalte alltid Gabriel Olsen med stor respekt.

Viss du klikker på biletet, får du sjå det i større format. Biletet har kome fram fordi eg denne våren har vore med og rydda i papir, bilete og mykje anna etter at mor døydde i vinter.

torsdag 8. mars 2007

1700 år gamalt kristent symbol?

Kan det tenkjast at kristendomen har vore kjent i Norden på 300-talet? Det høyrest heilt urimeleg ut. Men nå har altså ein dansk arkeolog, Peter Pentz, kasta fram ein slik brannfakkel tidsskriftet Sfinx. Han tolkar eit gamalt og kjent arkeologisk funn på ein ny måte ved å hevda at ein smykkestein som kan daterast til 300-talet, kan vera prega av kristen symbolikk i form av eit anker. Steinen blei funnen på Fyn i 1820.

Eg må seia at eg er skeptisk. Ein teori om eit så tidleg spor av kristen tru i nordisk samanheng oppfattar eg først og fremst som ein kuriositet. Eg lar likevel teorien få koma til orde her gjennom Kristelig Dagblad sin artikkel Er dette et spor af tidlig dansk kristendom?

Continue reading "1700 år gamalt kristent symbol?" »

onsdag 27. desember 2006

Kyrkjehistoriske tabellar

På NLA sine kyrkjehistoriske fagsider finst det bl a kyrkjehistoriske tabellar over ulike tidsperiodar og tema, f eks oversikt over oldkyrkja (30-500 e Kr)

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja