Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

måndag 24. desember 2007

Gjesteskribent: Matteus

Jesus blir fødd

Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son
og dei skal gje han namnet Immanuel
– det tyder: Gud med oss.

Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si. Men han levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin, og han gav han namnet Jesus.

Vismennene hyllar Jesus

Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.» Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd. «I Betlehem i Judea,» svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:

Du Betlehem i Juda land,
blant fyrstane i Juda  er du slett ikkje den ringaste.
Frå deg skal det koma ein fyrste,
ein hyrding for mitt folk Israel.»

Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg. Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.» Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.

På flukt til Egypt

Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

Frå Egypt kalla eg son min.

Barnemordet i Betlehem

Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene. Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:

Eit rop høyrest i Rama,
gråt og høglydt klage:
Rakel græt over borna sine
og vil ikkje la seg trøysta.
For dei er ikkje meir.

Frå Egypt til Nasaret

Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israelslandet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.» Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israelslandet. Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea. Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear.

Kjelde: Evangeliet etter Matteus 1,18-2,23, omsett av Den Norske Bibelselskap på www.bibelen.no

laurdag 22. september 2007

Jom Kippur

Jødane feirar i dag Jom Kippur, den store forsoningsdagen. Dette er kanskje den aller viktigaste heilagdagen deira. Bakgrunnen finn me blant anna i 3 Mosebok 16:

Dette skal vera ei evig lov for dykk: Den tiande dagen i den sjuande månaden skal de fasta og ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd og fostra i landet, eller innflyttaren som bur mellom dykk. For den dagen skal det gjerast soning for dykk, og de skal reinsast for alle syndene dykkar, så de vert reine for Herren. (3 Mos 16,29-30)

I bibelsk tid var offertenesta svært viktig i jødisk tru. Øvstepresten gjorde daglege offer for folket, og på Jom Kippur gjekk han inn i det aller heilagste og skvetta blod på "soningsstaden". På denne dagen blei også folket sine synder lagt over på ein bukk som blei sendt ut i ørkenen som syndebukk! Sjølv om desse skikkane er borte i moderne jødedom, er Jom Kippur framleis ein svært viktig dag i jødisk tru og tradisjon, med vekt på faste og bøn.

Dei messianske jødane (jødar som trur at Jesus er Messias) markerer også den store forsoningsdagen, og dei nyttar høvet til å forkynna at forsoninga har fått ein heilt ny dimensjon gjennom Jesu død og oppstode.

Continue reading "Jom Kippur" »

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja