Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

fredag 28. mars 2008

Varhaug gamle kyrkjegard

Varhaug_gamle_kyrkjegard I påsken var eg ein tur i flott vinterver på Varhaug gamle kyrkjegard, heilt ute ved kysten her på Jæren. Kyrkjegarden har vore i bruk sidan mellomalderen. Her låg kyrkja for Varhaug sokn gjennom mange hundre år. Den første kyrkja på staden blei truleg bygd på 1300-talet, seinare blei det bygd nye kyrkjer på 1600-talet og 1800-talet. Den siste blei riven i 1905 då den nye Varhaugkyrkja var bygd på Odland. I dag står det eit lite kapell på staden.

"Det er sjelden vi ser evigheten. På Varhaug gamle kirkegård ser vi den." Slik skreiv journalist og forfattar Per Thomsen etter ei gravferd på staden i 1968. Eg trur eg skjønner opplevinga hans. Dette er ein fascinerande og veldig spesiell stad!

Eg føyer staden til lista over thin places.

laurdag 8. mars 2008

Grunnleggjande einskap

Fr Arnfinn Haram, ein av dei to norske katolske bloggarprestane (her og her), er for tida i Roma og skriv i dag om betydninga av økumenisk tilnærming mellom katolske og ortodokse kristne:

Det er verdt å merke seg at den ortodokse, ekumeniske patriarken i Konstantinopel/Istanbul, Bartolomeos, er i byen! For å treffe pave Benedikt. Det er eit svært god tilhøve mellom dei, noko som i høg grad påverkar det ekumeniske arbeidet. Bartolomeos er svært positiv til tilnærminga mellom den katolske og den ortodokse kyrkja. Ikkje alle ortodokse er samde med han i dette, men eg trur det går den rette vegen – for den katolske kyrkja, er relasjonen til dei ortodokse høgste ekumeniske prioritet. Sett frå katolsk synsstad, er det ein grunnleggjande einskap mellom desse systerkyrkjene, trass det som er ulikt, og trass at den fulle fellesskapen ikkje er på plass. ”Katolsk” og ”ortodoks” er jo på sett og vis to ord for det same. Kyrkja kan eigentleg ikkje vere anten ‘katolsk’ eller ‘ortodoks’ - ho må vere begge deler. (les meir)

I 2003 var patriark Bartolomeus i Norge, på generalforsamling i Konferansen av Europeiske Kirker. Han talte då i Nidarosdomen. Den økumeniske patriarken har altså kontaktar i mange samanhengar:

I dagene 25. juni – 2. juli kommer over 700 utsendinger fra hela Europa til Trondheim. Konferansen av Europeiske Kirker (KEK) arrangerer sin 12. generalforsamling med temaet "Jesus Kristus helbreder og forsoner - Vårt vitnesbyrd i Europa".

Nidarosdomen er stedet for den innledende gudstjenesten torsdag 26. juni. Der deltar Hans Majestet Kong Harald V sammen med statsminister Kjell Magne Bondevik. Predikant er den økumeniske patriarken av Konstantinopel, Bartholomeos. (les meir)

Det er flott å lesa at den katolske Fr Arnfinn Haram, som tidlegare var luthersk prest, reknar med ein grunnleggjande einskap mellom kristne sysken i ulike kyrkjesamfunn. For å seia det med den nikenske truvedkjenninga: Vi trur på éi heilag, allmenn og apostolisk kyrkje!

måndag 28. januar 2008

Liturgisk skattejakt

Heidi er denne veka så raus at ho tar oss inn i den liturgiske verkstaden sin:

Men nå sit eg nå her og leiker meg med å formulera nye bøner. Det er ei stor utfordring å bevara formen og samtidig utfordra formen. Det er reine skattejakta å prøva å finna formuleringar som er gode, og som har spenst, samtidig som dei skal vera slitesterke nok til å kunna brukast over tid. Dei skal vera så personlege at dei kjennest personlege, og samtidig så allmenne at folk kan leggja sitt eige liv og sine eigne erfaringar inn i dei.

Dei må heller ikkje vera så runde at dei ikkje lenger utfordrar oss, språket og trua vår.

So help me God... (les meir)

tysdag 20. november 2007

Knud Jørgensen om misjon

Smm_logos_07_web2 Knud Jørgensen er ein interessant dansk-norsk misjonsleiar. Den danske Folkekirkens Mission har samla ein del lenker til artiklar og foredrag om og av han her. Knud Jørgensen er leiar for  Areopagos som igjen er del av nettverket Samarbeidsråd for Menighet og Misjon.

Her er eit utdrag frå eit intervju med Knud Jørgensen:

- Kirken driver ikke misjon. Den er misjon, i ord og gjerning, i livsstil og tiltrekningskraft. Kirken og menigheten er evangeliets middel for at den treenige Gud kan bli kjent, tolket og vitnet om i den verden hvor han allerede finns, noen ganger som en ukjent Gud.

For Gud er ukjent for stadig flere i den vestlige verden, er Knud Jørgensens erfaring. Vi befinner oss i et paradigmeskifte der de gamle velbrukte svarene ikke lenger er gangbare. Dette skyldes sekularisering og økende pluralisme, en grenseløs religiøsitet på vandring i en folkereligiøs forbrukerkultur. I dette samfunnet skal vi være kirke.

- Vi utfordres til å være det kirken alltid har vært: mennesker av kjøtt og blod som bærer evangeliet i seg og formidler det gjennom sitt liv. Det er sannsynlig at det berømte, men sjelden realiserte ”almene prestedømme” vil bli den grunnleggende kirke- og misjonsstruktur, sier Knud Jørgensen.

Areopagos har tatt initiativ for å skape misjonerende menigheter i Norge og Danmark. I Danmark skjer det i samarbeid med Folkekirkens Mission, mens man i Norge er blitt en aktiv partner i et prosjekt som kalles Menighet i bevegelse, i regi av Samarbeidsråd for Menighet og Misjon. Målet her er å bidra til å forstå og svare på de utfordringer det er å være misjonerende kirke i en ny tid. Menighet i bevegelse spiller på en dobbelthet: en menighet må etter sitt vesen være i aktiv, misjonerende bevegelse og må, ettersom samfunnet endrer seg, bevege seg i forhold til tidligere tiders tenkning, praksis og organisering.

- Prosjektet ønsker å bære med seg og formidle sentrale verdier som medvandring, og dialog, bevissthet om kontekstualitet, ungt engasjement, det almene prestedømme og Sør som kilde og kraft, avslutter han. (les meir)

måndag 3. september 2007

Pilegrimsseminar

I morgon skal eg delta på eit kveldsseminar om pilegrimsvandring, arrangert av Frøyland og Orstad kyrkjelyd. Eg skal presentera bakgrunn og erfaringar frå pilegrimsprosjektet i Jæren prosti, elles er det andre som skal ha innlegg med andre vinklingar.

Her er programmet for kvelden:

  • Arkeolog Margareth Buer Søiland - Perspektiv på pilegrimsvandringar i fortid - kva innebar det å vera pilegrim?
  • Musikalsk leiar Hilde Svela - ”Må din vei komme deg i møte …” – keltisk songtradisjon, også ein pilegrimstradisjon for i dag?
  • Rådgjevar Asbjørn Finnbakk - Om å ta i bruk pilegrimsvandring i formidlinga av evangeliet til menneske i vår tid
  • Sokneprest Arne Berge - "Pilegrimsvandring langs Kongevegen på Jæren” - om pilegrimsprosjektet i Jæren prosti

Etter innleiingar og orienteringar blir det samtale om pilegrimsvandring og korleis dette eventuelt kan og bør arbeidast vidare med i Frøyland og Orstad kyrkjelyd.

fredag 31. august 2007

Ord

"- Det er ingen som skriv som Heidi!"

Det var konklusjonen her i stova då Inger og eg las hennar siste innlegg på Andedräkt. Og det er vel nettopp derfor Heidi er henta inn som språkleg medarbeidar i gudstenestereforma i kyrkja.

Eg tillet meg å sitera noko av det ho skriv:

Nå sit eg her og prøvar å laga liturgiske bøner. Det er vanskeleg og arbeidskrevjande. Eg filer på orda. Eg stryk ut og skriv på ny. Eg flytter på eit ord og les det hundre gonger før eg skiftar det ut med eit heilt anna ord.

Orda blir så tunge når dei skal stå i ein slik samanhang. Dei blir så annleis enn dei fjørlette orda eg slynger ut frå andedrakt i store mengdar i løpet av nokre minutt.

Ord som skal talast på vegne av mange andre, og vurderast eitt for eitt av ein gjeng eksperter. Det er litt skremmande. Samtidig som det er heilt ufarleg for ord er jo til sjuande og sist ikkje meir enn ord. Og får eg ikkje til det eg prøver å få til så har eg likevel prøvd og lært... (les meir)

søndag 29. juli 2007

Pilegrimsvandring

I dag skal eg leia ei pilegrimsvandring langs Kongevegen på Jæren. Det er eit enkelt og lite krevjande opplegg. Eit par timars vandring langs strendene, med fleire små stopp. Når me stoppar opp, samlar me oss om eit salmevers, ein bibeltekst, tid for stillhet og ei bøn. Undervegs går gjerne folk i smågrupper og slepp den gode praten laus. Eller ein kan velja å gå stille for seg sjølv.

Turen går frå Tusenårsstaden ved Obrestad hamn til Varhaug gamle kyrkjegard. Når me kjem fram, blir me med på Olsokgudstenesta ute på kyrkjegarden, som ligg heilt ute i havgapet.

Frammøte ved Tusenårsstaden søndag kl 16. Gudstenesta på Varhaug begynner kl 19. Turen går sjølvsagt uansett ver, så sant det møter fram folk som vil vera med. Kjem du?

Eg syns naturen er flott langs jærkysten. Her er det mykje hav og mykje himmel. Og det er flott å bruka naturen som samlingsstad i ein kristen samanheng.

Oppdatering søndag kveld: Joda, det blei pilegrimsvandring. Me var 20 personar som trassa vind og kraftige regnbyger, - og som fekk ein fin tur saman.

fredag 29. juni 2007

Eyvind Skeie gir ut salmebok

Salmediktar, forfattar, prest og bloggar Eyvind Skeie er i gang med å gje ut si eiga salmebok: 316 salmer og sanger. Eg ser fram til å kunna skaffa meg den boka. Han har skrive mange flotte salmetekstar og det skal bli spennande å sjå samlinga han har sett saman.

Produksjonen av boka har kome langt, og han omtaler prosjektet sitt slik på bloggen:

Det er jo galskap å utgi sin egen salmebok i vår tid. Men i eldre tider var det ikke så uvanlig. Både Dass, Kingo, Brorson, Gundtvig og andre av de store salmehelter utga egne salmebøker, som de delvis bekostet selv. Også prost Hauge (sønn av legmannshøvdingen), Wexels og de nynorske salmedikterne med Blix i spissen publiserte egne salmesamlinger eller bøker. Cathinka Guldberg har også navnet sitt på en salmebok. Med andre ord: jeg er i meget godt selskap. Så godt at det er litt skremmende og skummelt. (les meir)

tysdag 19. juni 2007

Sommartips

Eg er i ferd med å gå inn i sommarmodus. Det vil også bloggen bera preg av i tida framover. Kanskje vil eg skriva ting i seine kveldsstundar, kanskje ikkje. Time will show.

I mellomtida kan eg jo bringa vidare nokre sommartips frå den danske sida kristendom.dk.

"De fleste mennesker har en indre liste over ting, de gerne vil nå, steder, de gerne vil besøge og horisonter, de gerne vil have udvidet. Men i en travl og fyldt hverdag kan det være svært at få afprøvet nye oplevelser, tillagt sig nye vaner, læse meningsfyldte bøger eller dyrke naturen på nye måder. Dette er der i højere grad tid til i ferien, og for de fleste står afslapning, oplevelser og fællesskab øverst på listen over sommerferieønskerne.

Kristendom.dk har indsamlet ti gode sommertips til en inspirerende, udfordrende og horisontudvidende ferie. Læs listen som inspiration og vælg eventuelt én eller to idéer, som du vil fokusere på i din ferie. Klik videre på artiklens mange hyperlinks for uddybende inspiration. Du kan også finde på din helt egen overskrift for sommeren 2007."

Her er dei 10 tipsa til ein inspirerande sommar:

  1. Slap helt af
  2. Ud i naturen
  3. Nye toner
  4. Fokuser på Gud
  5. Gå off-line
  6. Dyr og annet kravl
  7. Opmuntringer
  8. Gode bøger til kufferten
  9. Turist i kirkelandskabet
  10. Under åben himmel

Den som vil ta med seg dei danske tipsa i fullstendig form, kan lesa meir her.

søndag 10. juni 2007

Skaparverkets dag

I dag har me markert Skaparverkets dag i kyrkjelyden vår, i tilknyting til FN sin miljøverndag som var tidlegare denne veka. Me let trua på at Gud er skaparen stå i sentrum og kom også inn på kva konsekvensar denne trua får når skaparverket er truga.

Me markerte dagen med å ha kyrkjelydstur til Friluftstunet Brekko, der Jæren Friluftsråd faktisk har bygd eit nydeleg kapell. Men denne gongen valde me å ha friluftsgudsteneste i tunet utanfor kapellet, med påfølgjande grilling, leik og god tid til drøs.

Me nytta mellom anna ei forbøn som er formulert av Ray Simpson. Han er leiar for det keltiske pilegrimsfellesskapet på Lindisfarne. Den keltiske tradisjonen legg stor vekt på skapartrua, og omsorg for skaparverket er eit av vegmerkene for det kristne livet i følgje Ray Simpson (les meir).

Her er forbøna:

Gud, du sår dine gåver over skaparverket med raus hand. Takk for blomstrane og det vedunderlege planteriket, for dyra med sitt rikelege mangfald, for sjøane, årstidene og alle dufter. La også oss med livet vårt få spegle noko av din herlegdom og di gåvmilde hand.

Vi ber at skaparverket blir halde oppe, at lufta får vere frisk og rein, at rikdommane på jorda ikkje blir øydelagde, og at heile verda framleis får vere vakker.

Evige Skapar, gjer oss til dine medarbeidarar, så jorda kan blomstre og alle som bur her, får hauste rikeleg. Vis oss korleis vi skal følgje din rytme i liv og arbeid, så vi tek vare på dei rike ressursane jorda eig. Hjelp oss å vise respekt for all skapning, behandle buskap og avling med varsemd.

Gi visdom og råd til alle som styrer og må ta viktige avgjerder, så vi tek vare på det sårbare miljøet.

Gode Skapar, høyr oss i din nåde.

Fred til landjorda og alt som veks der. Fred til havet og alt som sym der. Fred til lufta og alt som flyg der. Fred med Gud, han som kallar oss til teneste.

Gud og Skapar, du som lagar orden av kaos, gi oss fred. Frelsar, du som stilte stormen på sjøen, gi oss fred. Ande, du som sveiv over djupa, gi oss fred.

(Ray Simpson, Din rytme, di bøn, omsett av O.S. Bjørlykke, Verbum 2007. Omsett til nynorsk av Norunn Stendal Aksnes 2007)

Du finn meir stoff om Skaparverkets dag her.

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja