Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

laurdag 7. april 2007

The Passion of the Christ

Seint langfredag kveld såg eg The Passion of the Christ på TV. Då filmen var ny, kjende eg ikkje noko behov for å sjå den pga det eg hadde lese av omtalar. Seinare har eg tenkt at eg likevel skulle sett filmen, ikkje minst sidan eg har arbeidd ein del med Jesu lidingsveg. Derfor passa det meg godt at TV2 sette den på programmet nå.

TV2 omtalte filmen som omstridt, og det har dei jo rett i. På nettsida skreiv dei blant anna:

Filmen gir et sterkt inntrykk av Jesu lidelse, og de mentale påkjenninger han gjennomgår under rettssaken, og på korset der han gjør bot for alle menneskers synder. (...) "The Passion of the Christ" er en svært sterk filmopplevelse, som får oss til å stille mange spørsmål om religion, menneskets evne til å tro, vår råskap, kjærlighetens styrke og om filmen i seg selv. (les meir)

Eg syns det både er positive og negative sider ved filmen. Det er positivt at Mel Gibson er trufast mot lidingshistoria slik me finn den i Bibelen, sjølv om han utbroderer råskapen i historia og legg til ein del der. Det var dessutan interessant å leggja merke til at Mel Gibson følgjer den kyrkjelege tradisjonen med 14 definerte stasjonar på korsvegen: Jesus fell tre gonger under korset, han møter mora si, Simon frå Kyrene, Veronika og dei sørgjande kvinnene, alt i den tradisjonelle rekkefølgjen frå 1-14. Vidare la eg merke til ein del interessante koplingar i dei tilbakeskuande innskota, der det som skjer med Jesus i lidingshistoria, blei knytt saman med det han sjølv hadde sagt tidlegare i livet.

Men det er også gode grunnar for å kritisera "filmen i seg selv". Her er det nærbilete av slag, vald og blod så det held, og vel så det. Nå tvilar eg ikkje på at Jesus blei utsett for grov vald både hos dei jødiske leiarane og hos dei romerske soldatane. Det kjem fram i bibelforteljinga. Men det har noko med kor detaljerte bilete me treng av dette. Langfredag morgon høyrde eg programmet Kunstreisen på radio. Der høyrde eg kunstprofessor Gunnar Danbolt fortelja om bibelhistoriske kunstverk frå middelalderen og renessansen, og eg merka meg at han i ei bisetning faktisk også sa noko om moderne bibelhistoriske filmar. Han la vekt på at den gamle kunsten, på same måte som sjølve bibelforteljinga, var tilbakehalden med å seia for mykje. På den måten kan me tenkja sjølv i møte med historia, og danna våre indre bilete. Etter å ha sett The Passion of the Christ er eg bare enda meir einig med han i desse tankane. I denne filmen er det sanneleg ikkje mykje som blir overlatt til fantasien.

fredag 6. april 2007

Korsvegen

I dag på langfredag vil eg skriva litt om Korsvegen (Via Crucis). Dette er ei vandring eller ein andaktsform med 14 stasjonar knytt til Jesu lidingshistorie. Korsvegen kan vera knytt til 14 bilete med motiv frå lidingshistoria eller den kan vera ei vandring i meir overført tyding ved at ein les og tenkjer og på den måten følgjer Jesus på lidingsvegen. Her kan du følgja ein slik korsvegandakt med korte tekstar, bilete og bøner.

Mest konkret blir korsvegen som andaktsform når me er til stades i Jerusalem, der det skjedde, og går langs vegen Via Dolorosa (lidingsvegen) i Gamlebyen i Jerusalem. Her er den andaktsvegen som har danna utgangspunkt for alle korsvegandaktar og biletserier i kristne kyrkjer verda rundt. Kvar fredag ettermiddag går det organisert vandring langs vegen, med andakt på alle dei 14 stasjonane. Langfredag er det sjølvsagt spesielt mange som er med på dette. Men dei fleste som går denne vandringa, gjer det for seg sjølv eller saman med ei gruppe, uavhengig av om det er fredag eller ein annan dag.

Ved mange av stasjonane er det små kapell, ofte godt skjult i den tette bygningsmassen rundt dei tronge gatene. Desse kapella står opne og me kan gå inn og ha ein stille stund før me går vidare.

Sjølv har eg gått langs Via Dolorosa fleire gonger, både åleine og saman med andre. Ein gong har eg, saman med familien min, vore der i påsken (2001). Då deltok me sjølvsagt på korsvandringa langfredag. Men det var rett og slett for mange som deltok til at me kunne halda kontakten med dei som gjekk først og som leia med tekstlesingar og bøner. Det enda med at me frå femte stasjon gav opp og heller gjekk i vårt eige tempo fram til Gravkyrkja. Den gong traff me forresten også nokre me såvidt kjente frå Bryne, og slo følgje med dei.

Tradisjonen med å følgja lidingshistoria langs akkurat denne vegen, går tilbake til fransiskanske munkar som tok imot pilegrimar i det 13. eller 14. hundreåret. Men heilt tilbake til bysantinsk tid (Jerusalems periode som kristen by i tre hundre år i perioden 325-638) var det tradisjon med å gå frå stad til stad til minne om Jesu lidingshistorie. Uansett kva rute ein følgte, var målet Golgata og Jesu grav i Gravkyrkja.

Dette med dei 14 stasjonane er ein tradisjon som har vakse fram gjennom kyrkjehistoria, knytt til Via Dolorosa i Jerusalem:

  1. Jesus blir dømd til døden
  2. Jesus tar korset på skuldrane sine
  3. Jesus fell første gong under korset
  4. Jesus møter mor si
  5. Simon frå Kyrene blir tvunge til å bera Jesu kors
  6. Veronikas svetteduk
  7. Jesus fell andre gong under korset
  8. Jesus taler til dei sørgjande kvinnene
  9. Jesus fell tredje gong under korset
  10. Kleda blir tatt frå Jesus
  11. Jesus blir nagla til korset
  12. Jesus døyr på korset
  13. Jesus blir tatt ned frå korset
  14. Jesus blir lagd i grava

Dei fire siste av desse stasjonane er ved eller i Gravkyrkja.

Eg syns det er fint å bruka tradisjonen med desse stasjonane for å leva meg inn i lidingshistoria, både i ei kyrkje og når eg er i Jerusalem. Når Inger og eg er reiseleiarar og tar andre med til Jerusalem (sjå info om neste tur i høgre marg), brukar me eit forkorta opplegg der me går Via Dolorosa og stoppar på nokre av stasjonane.

Og i dag var det flott å sitja i kyrkjebenken og delta på ein korsvegandakt i eigen kyrkjelyd her på Bryne. Me nytta eit opplegg av den svenske biskopen Martin Lønnebo, omsett og tilrettelagt for bruk i norske kyrkjer.

onsdag 12. april 2006

Detaljar i Jesu lidingshistorie

Raymond E. Brown har sett opp ein detaljert inndeling av Jesu lidingshistorie i boka The Death of the Messiah. From Gethsemane to the Grave. Inndelinga gir ei god oversikt over dei enkelte delane av lidingshistoria, og kan vera nyttig for andre som ønskjer å setja seg inn i denne viktige delen av Det nye testamentet.

For eit år sidan skreiv eg her på bloggen ein serie artiklar om stadane som er omtalt i lidingshistoria og om dei kyrkjebygga og stadane som det er mogleg å besøka i Jerusalem i dag. Du finn linkar til dette stoffet i artikkelen Jesu lidingsveg i Jerusalem.

Raymond E. Brown deler lidingshistoria opp i fire akter som igjen blir delt i ulike scener og vidare i små avsnitt. For alle avsnitta blir det vist til dei aktuelle tekstane i dei fire evangelia Matteus, Markus, Lukas og Johannes.

Continue reading "Detaljar i Jesu lidingshistorie" »

fredag 10. mars 2006

Jesu lidingsveg i Jerusalem

Jesu lidingsveg handlar om Jesu veg mot kors og død i påskehøgtida i Jerusalem. Historia om dette kan delast inn i fire avsnitt:

  • Jesus i Getsemane
  • Jesus i møte med dei jødiske leiarane
  • Jesus i møte med dei romerske leiarane
  • Jesu død på Golgata

I fjor skreiv eg ein serie artiklar her på bloggen der eg gjekk gjennom denne historia og knytta den til ulike stadar som ein kan finna fram til i Jerusalem i dag. Her er ei oversikt over dette stoffet med lenker til dei ulike artiklane.

I artikkelen Via Dolorosa  skriv eg meir generelt om lidingshistoria og om koss eg har fått ein spesiell interesse for studiet av Jesu lidingsveg, og spesielt av lokaliseringa av denne vegen i Jerusalem.

Den delen av lidingshistoria som handlar om Jesus i Getsemane skildrar eg i dei tre artiklane Getsemane, Alle Nasjonars kyrkje og Grotta i Getsemane.

Etter bønekampen og arrestasjonen i Getsemane blei Jesus ført til dei jødiske leiarane, der det blei halde ei rettssak mot han. Dette skildrar eg i artiklane Jesus i møte med dei jødiske leiarane, Peters fall og Kaifas' hus.

Vidare blei Jesus ført til det romerske hovudkvarteret der han møtte den romerske leiaren Pontius Pilatus. Dette skriv eg om i artiklane Pilatus og Pilatus si borg.

Etter dette fortel lidingshistoria om Jesu død på korset. Dette kan du lesa om i artiklane Langfredag, Døden på korset og Golgata og Jesu grav.

Men Det nye testamentet sluttar ikkje forteljinga med at Jesus døde på korset. Det som er enda meir grensesprengjande, er bodskapen om Jesu oppstode frå dei døde. Den kristne påskefeiringa er ikkje minst fokusert omkring dette. Les om påskefeiring og trua på Jesu oppstode i artiklane Påskenatt og Jesus lever! Artikkelen Golgata og Jesu grav er også aktuell i denne samanhengen. Der skriv eg bl a om historia til den staden der Jesu oppstode ifølgje kristen tru skjedde.

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja