Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

laurdag 15. mars 2008

Utgravingar ved Vestmuren

Img_4722 Dei siste par åra har det vore arkeologiske utgravingar på plassen framfor Vestmuren (Klagemuren) i Jerusalem. Det har ikkje vore kjent kva som er funne, men ryktet har sagt at det har vore svært interessante funn.

Tidlegare har utgravingsområdet vore heilt avsperra, men då eg var i Jerusalem i februar, var det mogleg å koma inntil sperringane og ta bilete.  Det såg svært rotete ut for meg, og det var umogleg for meg å tolka kva eg såg der og då.

Img_4723Denne veka har Israel Antiquities Authority letta på sløret og lagt ut informasjon om utgravingane på nettsida si.

A rich layer of finds from the latter part of the First Temple period (8th-6th centuries BCE) was recently discovered in archaeological salvage excavations that are being carried out in the northwestern part of the Western Wall plaza, c. 100 meters west of the Temple Mount. (les meir)

Dei fortel om funn av hus og gjenstandar, også med inskripsjon av namn, frå første tempelperiode. Dessutan har dei funne restar etter den austre romerske hovudgata frå 2. hundreår e Kr, kjent frå Madabakartet som den austre Cardo.

Oppdatering 17.03: Dr Leen Ritmeyer's blog presiserer at det ikkje er første gong at så gamle funn er gjort så nær Tempelplassen. Han har med ei skisse som viser jernaldergraver kloss inntil Tempelplassen. "As I said before, it is very exciting to read about these finds, but one could wish that the reporters would do their homework a little better. A blooper like this headline should never have been published."

onsdag 12. mars 2008

Asgeir Ueland om Midt-Austen

Eg har vore i Time Folkeakademi og høyrt foredrag av journalist Asgeir Ueland i kveld. Kvardagsliv i Jerusalem var tittelen hans, men eigentleg var foredraget meir ei vurdering av situasjonen i og rundt Israel i dag, med historiske tilbakeblikk tilbake til seksdagarskrigen i 1967. Uansett: det blei ein svært interessant kveld!

Frå forhandsomtalen av arrangementet i Jærbladet (papirutgåva 10.03):

Det er alltid dei ekstreme bileta du får frå Israel, nyansane kjem sjeldan fram. Det er ting som krev lang fartstid for å forstå, seier Asgeir Ueland.

Han har tatt Israel på pulsen i 11 år, størsteparten av tida har Asgeir Ueland (34) budd i Jerusalem. Han lærte seg hebraisk av ein gammal mann på kibbutzen der han jobba dei første to åra. Seinare vart det studiar i historia, Midtausten og islam-kunnskap, arabisk og tyrkisk som bifag på universitetet i Jerusalem ...

Asgeir Ueland kom til Israel for å bu nokre månadar i kibbutz og blei verande der i 11 år, m.a. som student på det hebraiske universitetet i Jerusalem. Mens han var der, begynte han å skriva for norske aviser (sjå for eksempel her og her). I dag er han journalist i Jærbladet her på Bryne.

Eg syns han var balansert i si framstilling. Dessverre var han meir pessimistisk enn eg likar, blant anna med tanke på den posisjonen som Hamas har fått i Gaza (og etter kvart på Vestbreidda) og med eit USA som først og fremst tenkjer på situasjonen sin i Irak. Det er bare USA som kan gjera noko med situasjonen i Israel og dei palestinske områda, meiner han. Og det har han nok rett i.

Israel er eit intenst land å bu i, ikkje minst er livet i Jerusalem intenst, fortalde han. For å seia det slik: det er få som snakkar om veret i Israel. Dei har andre og meir vesentlege ting å snakka om!

måndag 3. mars 2008

2700 år gamal segl i Jerusalem

Det er for tida stor arkeologisk aktivitet i Davidsbyen, den eldste delen av Jerusalem. Det kunne eg sjå med eigne auge då eg var i Davidsbyen sist haust (her og her). Sist veke blei nok eit interessant funn frå utgravingane offentleggjort. Det dreier seg om eit segl frå det 8. hundreåret f. Kr. Det som gjer dette seglet spesielt, er at det er gravert inn eit personnamn på det: Rephaihu (ben) Shalem.

Finds recovered from the excavations in the City of David reveal an interesting development in the ancient world: whereas during the 9th century BCE letters and goods were dispatched on behalf of their senders without names, by the 8th century BCE the clerks and merchants had already begun to add their names to the seals. (les meir og sjå bilete)

Sjå òg omtale i Jerusalem Post.

 

søndag 2. mars 2008

Kontaktar på studieturen

Studieturen til Israel var innhaldsrik. Eg har lært mykje nytt og truffe utruleg mange interessante menneske.

Me hadde mange møte med medarbeidarane våre i Israel og med kontaktar i ulike andre miljø, både i den messianske rørsla, blant dei palestinske kristne og i det israelske samfunnslivet. Me hadde også møte med den norske ambassadøren i Israel og med ein representant for den norske representasjonen i dei palestinske områda.

Her er ei oversikt over kontaktane me hadde på turen. Først tar eg med dei samanhengane der Israelsmisjonen anten driv eige arbeid eller er med i eit tett samarbeid:

Andre kontaktar me hadde møte med i løpet av veka:

onsdag 28. november 2007

Gamle Jerusalemsbilete

Ein artikkel om ein amerikansk fotoutstilling med gamle Jerusalemsbilete er illustrert med eit par interessante bilete frå tempelhøgda ca 1850. Sjå her.

Bakgrunnen for utstillinga er faktisk eit garasjesal:

Organized by the Israel Museum, Jerusalem, and featuring some of the earliest known images of Jerusalem, the exhibition is the result of discovery at a garage sale in St Paul, Minn., in 1989, when an American photographer came across some dusty boxes of glass plate negatives, silver prints, notebooks and other photographic material. This will be the first known exhibition of James Graham's work since an 1862 exhibition in London.

(via PaleoJudaica)

laurdag 17. november 2007

Romersk gate ved Vestmuren

Denne veka har israelske arkeologar offentleggjort at dei har funne ei romersk gate og eit bad i tilknyting til The Western Wall Tunnels i Jerusalem. Eg gjekk gjennom denne spennande tunnelen då eg var i byen i haustferien. Nå vil det altså bli enda meir som kan visast fram i dette omfattande tunnelsystemet som går langs Vestmuren av tempelplassen.

Arkeologane tidfestar gata til 2. hundreår e. Kr. då romarane bygde byen opp igjen under namnet Aelia Capitolina. Dei meiner at funnet av gata, som er ei tverrgate til Cardo (hovudgata nord-sør gjennom den romerske byen), viser at tempelplassen har hatt ei viktig tyding også i denne fasen av byhistoria, sjølv om tempelet var øydelagt i år 70.

Frå omtalen hos Reuters:

Israeli archaeologists have unearthed the remains of a second century terraced street and bath house which provide vital clues about the layout of Roman Jerusalem.    

The Israel Antiquities Authority said the 30-metre (90-foot) alley was used by the Romans to link the central Cardo thoroughfare with a bath house and with a bridge to the Temple Mount, once the site of Jerusalem's ancient Jewish temple.

"We find bits of Roman road all the time but this discovery helped us piece together a picture of Roman Jerusalem," Jon Seligman, Jerusalem regional archaeologist, told Reuters at the site. "It was a real Eureka moment." (les meir)

Funnet er også omtalt i Jerusalem Post (via BiblePlaces Blog).

søndag 28. oktober 2007

Ein tur i Davidsbyen, del 2

Img_3967 "Du veit, Arne har ein spesiell interesse for det underjordiske!" Det var ein av dei eg reiste saman med, som sa dette med eit smil til ein kjenning han traff under reisa heim. Ja, det kan nok vera det var deltakarar som syns eg drog dei ned i vel mange tunnelar og grotter!

Men turen gjennom Davidsbyen inneheldt sjølvsagt ei vandring gjennom den kjente underjordiske Warren's sjakt (Warren's Shaft). Sjakta har fått namn etter arkeologen Charles Warren som oppdaga den i 1867. Dei eldste delane av dette underjordiske sjakt-systemet er truleg frå ca 1800 f. Kr. og dei har heilt opplagt hatt ein funksjon når det gjaldt forsyninga av vatn til det gamle Jerusalem. Vidare veit me at systemet for tilførsel av vatn blei utvida av kong Hiskia ca år 700 f. Kr.

BiblePlaces.com skriv slik (og har også gode bilete):

The system by this name consists of four parts: the stepped tunnel, the horizontal curved tunnel, the 14 meter vertical shaft and the feeding tunnel. Scholars have long debated the date and function of this system.

What is clear is that this system was used to access the city's supply of water (the Gihon Spring) from inside the safety of the city walls.  (les meir)

Kong David og mennene hans tok byen frå jebusittane ca år 1000 f. Kr. Dei lurte innbyggjarane ved å ta seg "opp gjennom vassberarsjakta" (2. Sam. 5,8). Med dette uttrykket er det nok anten meint dei lange tunnelane eller til den 14 meter vertikale sjakta som går rett ned til Gihonkjelda.

Nå gjekk i alle høve me nedover gjennom desse underjordiske tunnelane på vår tur gjennom Davidsbyen. For meg er dette ein verkeleg spennande stad. Ein kan sjå på dette først og fremst som viktig kulturhistorie frå gamaltestamentleg tid, eller ein kan fokusera på at dette er svært gamal og imponerande ingeniørkunst.

Langt, langt nede høyrde me heile tida rennande vatn. Og me gjekk ned mange og bratte trapper, heilt ned til Gihon-kjelda. Denne kjelda har sikra livsviktig vatn til byen i krig og fred gjennom årtusenar. Kjelda har også ein plass i den bibelske historia, ved at det var her kong Salomo blei salva til konge:

Så sa kong David: «Kall presten Sadok, profeten Natan og Benaja Jojadason hit til meg!» Då dei kom fram for kongen, sa han til dei: «Ta med dykk kongsmennene! Lat Salomo, son min, ri på mitt eige muldyr og før han ned til Gihon-kjelda! Der skal presten Sadok og profeten Natan salva han til konge over Israel. Og de skal blåsa i horn og ropa: Leve kong Salomo! Så skal de fylgja han opp att. Og når han kjem hit, skal han setja seg på kongsstolen min og vera konge i min stad; for det er han eg har etla til fyrste over Israel og Juda.»

Då tok Benaja Jojadason til ords og sa til kongen: «Ja, så skal det vera! Gjev Herren din Gud må stadfesta det du seier, herre konge! Gjev Herren må vera med Salomo som han har vore med deg, og gjera hans kongsstol endå større enn din, herre konge.»

Så gjekk dei ned, presten Sadok, profeten Natan, Benaja Jojadason og livvakta. Dei lét Salomo ri på muldyret åt kong David og førte han ned til Gihon-kjelda. Presten Sadok hadde teke med seg oljehornet frå Herrens telt, og no salva han Salomo. Dei bles i horn, og alt folket ropa: «Leve kong Salomo!» Så fylgde heile hopen han opp att. Dei spela på fløyte og jubla høgt. Det var så jorda reint ville rivna av lyden. (1. Kong 1,32-40)

Sjå også

laurdag 20. oktober 2007

Gangbrua til Mughrabiporten

Rampen_opp_til_mughrabiporten_09102 Eg kom dessverre ikkje opp på tempelplassen i Jerusalem denne gongen. Staden var bare open for muslimar den veka eg var i byen, så vidt eg forstod på grunn av heilagdagar i samband med avslutninga av ramadan.

Viss tempelplassen hadde vore open, skulle me gått opp den midlertidige rampen som er vist på biletet. Den blei sett opp etter at den gamle gangbrua på staden for få år sidan blei øydelagt i uver. Brua går opp til Mughrabiporten, den einaste israelsk-kontrollerte inngangen til tempelplassen, og også den porten som er open for ikkje-muslimar.

Det er planar for ei ny permanent gangbru opp til porten. The Jerusalem Post skreiv denne veka om desse planane (her).

Utgravingar_ved_mughrabiporten_12_2 Eg har tidlegare i år skrive om uroen som har vore omkring gangbrua og om dei arkeologiske utgravingane som pågår rundt den (her og her). I forrige veke kunne eg sjølv sjå staden og tok blant anna desse bileta. Det første biletet viser den midlertidige rampen som går opp til porten. Dei arkeologiske utgravingane pågår under den mørke teltduken. Det andre biletet viser kor mykje (eller lite) det foreløpig er mulig å sjå av desse utgravingane.

fredag 19. oktober 2007

Ein tur i Davidsbyen, del 1

The_stepped_stone_structure_2 Turen rundt i Davidsbyen sist søndag var svært interessant. Eg hadde vore der ein gong før, men då gjekk eg gjennom området utan guide og utan å ha lese meg opp på staden. Nå var eg betre førebudd og hadde dessutan Birre, vår gode guide, med.

Biletet viser det som arkeologane kallar The stepped stone structure i det bratte henget på austsida av Davidsbyen. Denne enorme støttemuren er frå jebusittisk tid (truleg ca 1200 f. Kr.) og den stod altså der allereie då David inntok byen:

"Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen. (...) David slo seg ned i borga og kalla henne Davids-byen." (2. Sam 5,7 og 9).

"Veit arkeologane nå kvar kong David sitt palass låg?" spurte eg. "Ja, dei reknar med at dei har funne det", fekk eg til svar. Dei siste åra har det vore omfattande utgravingar rett ovanfor The stepped stone structure, under bygningane du ser på biletet. Eg såg så vidt inn under det brune huset, og såg rett inn i utgavingsområdet. Brosjyren over Davidsbyen fortel at desse utgravingane har pågått sidan 2005 og at dei er leia av dr. Eilat Mazar. Det går nok enda ei god tid før arkeologane er ferdige med arbeidet og kan opna området for publikum. Det faktum at det framleis bur folk i området, gjer også at ein ikkje kjem til alle stadar.

Før me begynte turen rundt i Davidsbyen, gjekk me forresten opp på utsiktspunktet på taket av Beit Hatsofeh. Her var det god oversikt. Etterpå gjekk me inn i bygningen og såg 3D-film over byen si utvikling. Fascinerande!

Davidsbyen

Jerusalemsmodellen Den eldste delen av Jerusalem blir kalla Davidsbyen. Kong David inntok byen (som alt då var fleire hundre år gamal) ca år 1000 f. Kr. og gjorde den til hovudstad i riket sitt. Jødane har altså ein 3000-årig historie i Jerusalem. I dag er det stor arkeologisk aktivitet i denne delen av byen, og det blir gjort viktige funn som viser koss byen fungerte og såg ut i gamaltestamentleg tid.

Biletet viser Jerusalemsmodellen som er plassert på Israel Museum. Modellen viser byen på Jesu tid. Davidsbyen ligg på høgdedraget som kjem mot oss, rett nedanfor tempelet som ligg sentralt i biletet. (Biletet blir større viss du klikkar på det).

Den offisielle brosjyren for Davidsbyen ønskjer velkomen til staden på denne måten:

Welcome to the City of David National Park

You are about to enter the ancient heart of Biblical Jerusalem, where the Kingdom of Israel first emerged onto the stage of history. We will roam among the walls and towers of the city of David and recall King David's exciting conquest of the city from the Jebusites. At the Gihon Spring we will see the site where the great Solomon was anointed and where Hezekiah cut the remarkable Siloam tunnel out of the rock. If you listen carefully, you may hear the words of the prophets Isaiah and Jeremiah whispered among the ruins, their ideas of justice and morality echoing through time. The area you are entering is relatively small, but remember: Biblical Jerusalem has had more impact on mankind than any other city in the world! The City of David is the place where it all began ...

Sjå òg nettstaden til The City of David.

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja