Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

torsdag 13. mars 2008

Julius Paltiel (1924-2008)

Den norske jøden Julius Paltiel døde 7. mars og blei bisatt i går i Trondheim. Han var ein av dei norske jødane som overlevde opphald i Auschwitz. Dei siste åra har han brukt mykje tid og krefter på å fortelja skuleelevar og andre om kva han opplevde under krigen. Han var svært tydeleg på å formidla at dette aldri må få skje igjen.

Eg møtte Julius Paltiel sist sommar. Han tok imot utsendingar til Israelsmisjonen sitt landsmøte i det jødiske museet i Trondheim (som han har vore med og bygd opp) og viste oss rundt der. Seinare same dag hadde han ei helsing til landsmøtet.  Det gjorde inntrykk å møta denne mannen!

I 2004 blei han utnemnt til ridder av St. Olavs orden for innsatsen han har gjort. I går var fleire representantar for det offisielle Norge, mellom andre kongen, til stades i bisetjinga hans (sjå bilete).

onsdag 12. desember 2007

Mosaisk???

Veit du kva Det Mosaiske Trossamfund er? Namnet på det jødiske fellesskapet i Norge er nok ikkje særleg godt kjent. Den danske avisa Kristeligt Dagblad fortel at jødane der planlegg ei namneendring. Forslaget går ut på å endra namnet til Det jødiske Samfund i Danmark:

– For nogle jøder er det en hindring, at ordet trossamfund indgår i navnet, og spørger man almindelige mennesker på gaden, er jeg sikker på, at mange ikke aner, hvad Mosaisk Troessamfund er, siger han. (les meir)

onsdag 5. desember 2007

Chanukka

I dag har den jødiske lysfesten Chanukka begynt. Den jødiske kalenderen viser 25. kislev. Festen er ei feiring av makkabérane si erobring og gjenvigsling av tempelet i Jerusalem i 165/164 f.Kr. På 160-talet hadde syrarane vanhelga tempelet med å setja opp ein statue av den greske guden Zevs. Makkabéarane reinska tempelet for dette heidenske overtrampet, og i samband med dette skjedde det i følgje tradisjonen eit under ("oljeunderet").

Festen varer i åtte dagar. Kvar dag tenner ein eit lys på den åttearma chanukkastaken. Lyset blir tent med eit niande lys, tenarlyset. Det er vanleg å gje kvarandre gåver i denne høgtida, tilsvarande våre julegåver.

Det er ikkje nokon direkte linje til vår julefeiring, sjølv om det er visse likskapar. Men som kristne kan me tenkja på at Jesus kom som "det sanne lyset som lyser for kvart menneske" (Joh 1,9).

Continue reading "Chanukka" »

fredag 23. november 2007

Norsk doktorgrad om Dødehavsrullane

The_shrine_of_the_book Ein norsk teologisk doktorgrad om Dødehavsrullane, - det er ganske sjeldan kost! Årstein Justnes disputerer 30. november på MF med ei avhandling der han tolkar tre av tekstane frå Qumran.

Elles skriv denne forskaren óg blogg, og eg vil gjerne anbefala innlegget Om å ta doktorgrad, der han har ei tilnærming til temaet som ikkje akkurat er vitskapleg.

Biletet viser The Shrine of the Book, museet for Dødehavsrullane i Jerusalem.

Eg er ikkje spesialist på Dødehavsrullane, men eg har vore ein del gonger i Qumran og eg er fascinert av staden og historia om dei viktige funna (sjå tidlegare relatert stoff på bloggen her). Derfor syns eg det er flott at forskarar studerer dette materialet. På den måten kan me blant anna få meir kunnskap om jødedomen på Jesu tid. For sjølv om ei doktorgradsavhandling ofte bare er lesbar for dei som har mykje kunnskap om emnet frå før, vil den på sikt kunna generera ny kunnskap ut til oss vanlege interesserte lesarar.

Avhandlinga har dessverre ein tittel som ikkje akkurat inviterer til å få fleire lesarar: The Time of Salvation: An Analysis of 4QApocryphon of Daniel ar (4Q246),4QMessianic Apocalypse (4Q521 2), and 4QTime of Righteousness (4Q215a). 

Continue reading "Norsk doktorgrad om Dødehavsrullane" »

laurdag 22. september 2007

Jom Kippur

Jødane feirar i dag Jom Kippur, den store forsoningsdagen. Dette er kanskje den aller viktigaste heilagdagen deira. Bakgrunnen finn me blant anna i 3 Mosebok 16:

Dette skal vera ei evig lov for dykk: Den tiande dagen i den sjuande månaden skal de fasta og ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd og fostra i landet, eller innflyttaren som bur mellom dykk. For den dagen skal det gjerast soning for dykk, og de skal reinsast for alle syndene dykkar, så de vert reine for Herren. (3 Mos 16,29-30)

I bibelsk tid var offertenesta svært viktig i jødisk tru. Øvstepresten gjorde daglege offer for folket, og på Jom Kippur gjekk han inn i det aller heilagste og skvetta blod på "soningsstaden". På denne dagen blei også folket sine synder lagt over på ein bukk som blei sendt ut i ørkenen som syndebukk! Sjølv om desse skikkane er borte i moderne jødedom, er Jom Kippur framleis ein svært viktig dag i jødisk tru og tradisjon, med vekt på faste og bøn.

Dei messianske jødane (jødar som trur at Jesus er Messias) markerer også den store forsoningsdagen, og dei nyttar høvet til å forkynna at forsoninga har fått ein heilt ny dimensjon gjennom Jesu død og oppstode.

Continue reading "Jom Kippur" »

onsdag 29. august 2007

Vern av Oljeberget

Oljeberget_oktober_2006 Biletet viser ein del av dei store områda med jødiske graver på Oljeberget i Jerusalem. Knesset arbeider for tida med tanken på å verna området, ikkje minst på grunn av alle gravene. Dette er ein tanke eg forstår godt; gamle gravstadar er viktige minnesmerke, både religiøst og kulturelt. Men eg reknar likevel med at prosjektet kan bli kontroversielt i dagens Israel sidan Oljeberget ligg i det arabiske Aust-Jerusalem.

Arutz-7 skriv:

The Knesset has taken the first step towards legislating the establishment of a new national authority that will preserve, rebuild and protect the ancient Mt. of Olives cemetery.  The bill has passed its preliminary reading, and is being prepared for its additional readings.

The legislation is sponsored by MK Aryeh Eldad (National Union). "Mt. of Olives has been a national site of the Jewish People since the days of the First Holy Temple [which was destroyed 2,500 years ago - ed.]," Eldad explained, "and continues now to be a historic and holy site of primary importance."

Without a national body coordinating efforts on the site's behalf, "there is no one to preserve it, and no one to prevent illegal construction and vandalism there." 

Mt. of Olives overlooks the Old City of Jerusalem and the Temple Mount, and its summit is crowned by the Intercontinental Hotel. An estimated 20,000 gravesites remain in the ancient cemetery, out of some 70,000 - according to the lower estimates - that were there before the Jordanians took control of the site in 1948. 

Continue reading "Vern av Oljeberget" »

tysdag 22. mai 2007

Shavuot - den jødiske pinsen

Den jødiske pinsehøgtida (Shavuot) begynner i kveld ved solnedgang. Jødane feirar pinse til minne om lovgjevinga på Sinai. I gamal tid var det dessutan ein innhaustingsfest. I vår tid fungerer den som ein vårfest og synagogane blir pynta med blomster og grønt.

Shavuot blir feira sju veker (50 dagar) etter påske, og er kalla vekefesten. Ordet pinse kjem frå det greske ordet pentekosté som betyr den femtiande. Les meir om jødisk pinse her.

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja