Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

måndag 10. september 2007

Ehud Netzer om Herodes' grav

Herodes den store si grav blei, som tidlegare omtalt, funne på Herodion tidlegare i år (sjå her). Utgangspunktet for leitinga har vore dei skriftlege kjeldene (Josefus) og det store bygningskomplekset som ligg ute i ørkenen sør for Jerusalem.

Josefus skriv:

Han sparte ingenting når det gjaldt farens begravelse. Katafalken var av gull med innlagte edelsteiner, og legemet var kledt i fiolett. En gullkrone stod på hans hode, og han hadde et septer i sin høyre hånd. Omkring katafalken marsjerte Herodes´sønner og hans tallrike slektninger. De ble fulgt av vaktene, fremmede tropper og hæren. Foran dem gikk hærførerne og offiserene. Fem hundre tjenere som bar velluktende urter, fulgte etter i toget mot Herodion der begravelsen fant sted. (Sitert frå Paul L Maier: Josefus hovedverk s 256).

Etter fleire års leiting kunne den israelske arkeologen Ehud Netzer 8. mai i år kunngjera at grava var funnen i restane av eit mausoleum i det øvre Herodion. Teamet som har arbeidd på staden, har gått ut frå at han var gravlagt ein stad på det nedre Herodion, og først for omlag eit år sidan begynte ein å sjå etter kor grava kunne liggja viss den låg i den øvre delen av det enorme anlegget.

Her kan du lesa eit ferskt intervju med Ehud Netzer om det interessante gravfunnet.

Continue reading " Ehud Netzer om Herodes' grav" »

laurdag 12. mai 2007

Herodion הרודיון

Herodion er eit av dei største byggverka som er kjent frå antikken. Det har vore i fokus i mange medier denne veka på grunn av Herodes den store si grav som nå er funnen på staden. Det er fleire år sidan eg besøkte Herodion, og eg gleder meg over å ha planar om å koma tilbake dit i haustferien i år.

Herodion er ei borg og eit slott som ligg ute i ørkenen 12 km sør for Jerusalem, nær Betlehem. Kong Herodes den store bygde anlegget ca 20 f Kr, til minne om ein militær seier han tidlegare hadde vunne her. På avstand ser det ut som ein vulkan, men det er faktisk eit kunstig fjell. På toppen finn me restane etter sjølve slottet, som var på sju etasjar. Dei to nederste etasjane var under jorda, inne i den kunstige fjellet. Her oppe er det ein fantastisk utsikt. På sletta nedanfor finn me restane etter det nedre Herodion. Her var det store bygningar, basseng, hage og ulike anlegg som egna seg for konkurranse og idrett.

Herodes den store er kjent frå NT, først og fremst for forteljinga om barnemordet i Betlehem (Matt 2,16). Han bygde mange store og imponerande bygg, f eks borga Masada ved Dødehavet og tempelet i Jerusalem. Herodes begynte som ein klok og framgangsrik leiar som gjekk i allianse med romarane og dermed kunne bli konge. Han enda opp som ein gal despot som til og med drepte fleire i sin næraste familie. Då han forstod at han kom til å døy, befalte han at fleire hundre menneske skulle drepast i dødsaugeblikket hans. Slik kunne han vera trygg på at det blei sorg i landet!

Herodes døydde i Jeriko, men blei etter eigen vilje ført til Herodion for å bli gravlagt der. Historikaren Josefus, som skreiv mykje om Herodes, fortel om koss sonen Arkelaus gjennomførte dette:

Han sparte ingenting når det gjaldt farens begravelse. Katafalken var av gull med innlagte edelsteiner, og legemet var kledt i fiolett. En gullkrone stod på hans hode, og han hadde et septer i sin høyre hånd. Omkring katafalken marsjerte Herodes´sønner og hans tallrike slektninger. De ble fulgt av vaktene, fremmede tropper og hæren. Foran dem gikk hærførerne og offiserene. Fem hundre tjenere som bar velluktende urter, fulgte etter i toget mot Herodion der begravelsen fant sted. (Sitert frå Paul L Maier: Josefus hovedverk s 256).

Arkeologar har i årevis arbeidd på Herodion og det er etterkvart blitt ein spennande stad å besøkja. Det går an å gå gjennom mange og lange ganger inne i fjellet, og det er gravd fram mykje som fortel om Herodes sitt byggverk. Men sjølve gravstaden har ein ikkje funne, ikkje før nå i april i år. Eg anbefaler denne biletserien om Herodion og funnet av Herodes si grav.

Arkeologen Ehud Netzer, som i ein årrekke har leia arbeidet på staden, ville eigentleg ha arbeidd ein stund til med gravstaden, før han offentleggjorde funnet. Men så blei det klart at journalistar hadde fått tak i nyheten og ville skriva om saka, og då tok Netzer styringa på informasjonen ved å innkalla til pressekonferanse.  Her kan du lesa den offisielle meldinga.

Dersom du vil vita meir om staden, anbefalar eg denne offisielle israelske nettsida med god og sakleg  informasjon. Du kan også lesa på Wikipedia.

Interessen for Herodes' grav

Funnet av Herodes den store si grav har blitt omtalt i medier over heile verda denne veka. Her er ein interessant artikkel der den danske arkeologen Morten Hørning Jensen omtaler og vurderer den store interessen for saka.

Herodes den Store skabte tætte forbindelser mellem Israel og Rom, men har som regel fået negativ omtale i både jødiske og kristne sammenhænge, vurderer dansk bibelarkæolog.

Først var der Judasevangeliet og Da Vinci Mysteriet. Så kom historien om, at Jesu jordiske rester var fundet. Og forleden handlede det så om Herodes den Store, hvis grav angiveligt var blevet lokaliseret af en israelsk arkæolog.

Historier om personer, der er omtalt i Bibelen i sammenhæng med Jesus, er blevet varmt nyhedsstof. Det måtte arkæolog Ehud Netzer fra Det Hebræiske Universitet i Jerusalem sande, da historien om hans arkæologiske opdagelse – resterne af en royal sarkofag i borgkomplekset Herodium – på kort tid gik medieverdenen rundt. Men også herhjemme har den store interesse for fortidens religiøse mysterier og personligheder gjort indtryk.

– Hvis vi går 10 år tilbage, ville dette bare have været en sensation i arkæologiske og historiske kredse. Men i dag er det noget helt andet, vurderer Morten Hørning Jensen fra Aarhus Universitet, som forsker i Herodes-dynastiet og selv har deltaget i flere arkæologiske udgravninger i Israel.

Og han forstår godt fascinationskraften i historien.

– Fundet er uhyre interessant. Det ser ud til, at vi her har graven for den vigtigste bygmester i Israel til alle tider og en af de vigtigste bygmestre i antikken i det hele taget. Det er og skal være markant, siger han, men tilføjer samtidig, at der er en væsentlig forskel på de to seneste historier om Jesu grav og Herodes den Stores grav. (les meir)

tysdag 8. mai 2007

Herodes den store si grav

Kong Herodes den store si grav er funnen! Dette er verkeleg ein stor arkeologisk sensasjon. Nyheten blei offentleggjort på ein pressekonferanse på det hebraiske universitetet i Jerusalem i dag.

The grave and tomb of King Herod, the legendary builder of ancient Jerusalem, have been uncovered, ending an archeological mystery that has riveted scholars for decades, an Israeli archeologist said Tuesday.

The remains of Herod's grave, sarcophagus and mausoleum were uncovered in the beginning of April on the northeastern slopes of the Herodion, a hilltop in the Judean Desert where Herod had a palace and where archeologists had long assumed he was buried, said Hebrew University archaeologist Prof. Ehud Netzer. (les meir)

Dette er interessante nyheter! Eg kjem tilbake med meir stoff om funnet og om Herodion etter kvart.

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja