Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

fredag 4. februar 2005

Athen

Viss du kjem til Athen i dag, kan du ikkje unngå å bli fascinert av Akropolis. Eit fjellplatå midt i sentrum, med fleire gigantiske tempel (foto: Bjarne Saltveit). Nokre av dei er relativt godt bevarte. Templa er 2400 år gamle; dei blei bygde mellom år 448 og 406 f Kr!

Dscn0598_akropolis Det betyr at templa var over 400 år gamle då Paulus kom til Athen. Då var byen, som 400 år tidlegare hadde vore så mektig, ein liten avsides by. Framleis var filosofane viktige i denne byen som ikkje heilt hadde greidd å følgja med i tida. Nå var det Korint som var ein raskt veksande og viktig storby med handel og internasjonale kontaktar rundt i Romarriket. Kanskje det var derfor Paulus ikkje stifta nokon menighet i Athen? Han ville nok heller satsa på Korint!

Når eg kjem til Athen, er eg først og fremst turist. Ein kulturinteressert turist. Eg lar meg fascinera og imponera. Eg studerer templa og andre bygningar og ser på dette som kunst og kultur. Og for meg er det heilt ok å sjå slik på dette. Men me kan jo merka oss at Paulus reagerte på ein heilt annan måte. Han blei først og fremst provosert. Kraftig provosert! Lukas fortel i Apostelgjerningane at Paulus blei harm i hugen då han såg at byen var full av gudebilete (Apgj 17,16).

Paulus nytta ventetida i Athen til å snakka med folk. Det vil seia at han vitna om trua på Jesus så snart han fekk ein sjanse. Dette gjorde han blant jødane i synagoga og blant dei filosofisk interesserte athenarane, som hadde samlingsplassen sin på Agora (det greske ordet for torget). I dag er Agora utgraven av arkeologane, og me får ganske godt inntrykk av koss det såg ut i gamal tid. Frå dette gamle torget kan me gå ein sti opp til Areopagos, ei lita høgd som var møtestad for domsstolen i byen. Dit opp blei Paulus ført. Der er det ein fantastisk utsikt; ned på byen og opp på templa på Akropolis, som ligg like ved.

På Areopagos talte Paulus på oppfordring. Han var blitt utfordra til å seia meir om kva han var så opptatt av. Og den anledningen brukte han på ein glimrande måte:

Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. For då eg gjekk ikring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: "For ein ukjend Gud". Det som de tilbed utan å kjenna det, det er det eg forkynner dykk.

Innhaldet i talen (som du finn i Apgj 17,22 ff):

  • Innleiinga der han fanga interessa hos tilhøyrarane med å seia at dei var svært religiøse. Dette likte dei nok å høyra!
  • Klage over avgudsdyrkinga i byen
  • Tale om rett og feil gudsdyrking
  • Kristen forkynning om Jesus, om omvending og om oppstode frå dei døde

Resultatet av talen var at nokre spotta og lo mens andre var interesserte og sa dei ville høyra meir ein annan gong. Men nokre heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei som kom til tru, var ein av domarane på Areopagos, Dionysios, og ei kvinne som heitte Damaris.

Begge desse namna gir meg forresten gode assosiasjonar. Dionysios er namnet på ein gresk prest og munk som eg har møtt og som gjorde eit sterkt inntrykk. Han leier eit gresk-ortodokst kloster eg har besøkt eit par gonger. Og Damaris er namnet på eit interessant senter som er opptatt av å visa at kristendomen er aktuell for samtidskulturen vår.

Biletet er tatt ved Areopagos, og eg les og fortel her om Paulus sitt opphald i Athen (foto: Bjarne Saltveit). Dscn0601_arne_fortel_ved_areopagos Me kan merka oss eit par interessante ting ved innhaldet i Paulus sin tale på Areopagos.

A. Paulus hadde eit altomfattande perspektiv då han talte til athenarane, og han var krass i kritikken av gudebileta på Akropolis: For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: "For vi er hans ætt". Er vi då Guds ætt, så må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein, som menneskekunst eller mennesketanke har forma.

B. Paulus forkynte her direkte for heidningar. Dette er ikkje tale til jødar eller til "dei som trudde på Israels Gud". Derfor tok han ikkje utgangspunkt i GT og forkynte Jesus inn i den profetiske samanhengen, slik han ofte gjorde andre stadar. Nei, her tok han utgangspunkt i den religiøsiteten som var aktuell for tilhøyrarane, og det var den greske gudeverda!

For Paulus var templa på Akropolis provoserande, for meg er dei interessant og spanande kulturhistorie. Eg lever i ei anna tid, og me ser på templa meir som historiske monument enn som religiøse symbol. Men sjølv om eg lever i ei anna tid, gir Paulus meg viktige impulsar i talen på Areopagos. Han lærar meg noko om å ha eit bevisst forhold til samtidskulturen og om å gjera den kristne trua aktuell og levande for dei som har ei anna tru.

Tidlegare artiklar:

søndag 23. januar 2005

I Paulus' fotspor i Hellas

Det var på den andre misjonsreisa Paulus reiste over frå Lilleasia til Makedonia, som nå er ein del av Hellas. Dermed var evangeliet for første gong brakt til Europa. Paulus blei kalla over til vår verdsdel gjennom eit syn, fortel Lukas i Apostelgjerningane. Etter dette var Paulus i Hellas i ca 3 år i tida omkring år 50.

Kart_paulus_1 Denne delen av Paulus si misjonsverksemd er omtalt i Apgj 16,11 - 18,18. Les me denne teksten kan me følgja Paulus frå by til by. Det ser ut som om han stadig er på reisefot, men går ein djupare inn i teksten og samanliknar med Paulus sine eigne brev, ser me at han fleire stadar stoppa over lengre tid.

Reiseruta ser slik ut, med tilvising til bibelteksten:

  • overnatting ved øya Samotrake (16,11)
  • Neapolis, idag: Kavalla (16,11)
  • Filippi (16,12-50), truleg opphald på fleire månadar
  • Amfipolis (17,1)
  • Apollonia (17,1)
  • Tessalonika, idag: Thessaloniki (17,1-10), truleg opphald på ca 1 år
  • Berøa, idag: Veria (17,10-14)
  • Athen (17,15-34)
  • Korint (18,1-18), opphald på 18 månadar
  • Kenkreæ (18,18)

Den eldste delen av Det nye testamentet er skrive under denne reisa. Forskarane reknar med at Paulus skreiv 1. Tessalonikarbrev mens han var i Korint ca år 50.

Paulus kom tilbake til Hellas på den tredje misjonsreisa i tida omkring år 55 (Apgj 20,1-9). Ut frå Paulus sine eigne brev forstår me at han kom tilbake til Hellas etter dette òg, sjølv om Apostelgjerningane ikkje omtalar dette.

Koss tenkte eigentleg Paulus når han kom til ein by og ville forkynna evangeliet der? Me får eit lite inntrykk av dette når me les dette som han skreiv til dei kristne i Korint etter at han hadde budd der eit og eit halvt år:

Då eg kom til dykk, sysken, forkynte eg ikkje Guds mysterium med meisterskap i talekunst eller visdom. For eg ville ikkje vita av noko anna hos dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. Og eg bar ikkje fram bodskapen min med overtydande visdomsord, men med Ande og kraft som prov. For trua dykkar skulle ikkje byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft. (1. kor 2,1-5)

Relaterte artiklar:

Filippi

Byen

Filippi er i dag ein spanande ruinby. Det er mykje å sjå, og det utgravne området gir eit inntrykk av koss byen såg ut i romersk tid. Byen blei første gong utbygd av kong Filip II av Makedonia, far til Alexander den store.

I år 42 f.Kr. blei Filippi staden der to mektige fraksjonar i maktkampen i Romarriket tørna saman i eit av verdshistorias største slag. I følgje ein romersk historikar var det 100.000 soldatar involvert i slaget! Vinnarane var Antonius og Octavianus, den siste blei seinare kjent som keisar Augustus. Etter dette blei Filippi ein romersk koloniby med stor betydning.

Den første dåp i Europa

Då Paulus kom til Filippi, var han opptatt av å knyta kontakt med menneske som han kunne forkynna for, og som han kunne satsa på i det vidare misjonsarbeidet. I Filippi blei det kvinna Lydia som blei den lokale leiaren, og Paulus starta ei huskyrkje heime hos henne.

Paulus ville alltid først forkynna for jødane når han kom ein ny stad. Men saman med jødane trefte han òg menneske som trudde på Israels Gud, eller  ”dei gudfryktige heidningar” som dei ofte blir kalla. Dette var heidningar som på ein eller annan måte var knytt til jødane og til synagogen. Nokre av dei var vel det me i dag kunne kalla sympatisørar. Andre var direkte tilhengarar av jødane si gudstru. Desse var ei viktig målgruppe for Paulus sin misjon.

Dscn0557_altaret_ved_lydias_dpsstad_2 I Filippi var det så få jødar at dei ikkje hadde eigen synagoge. Derfor hadde jødane ein bønestad ved ei elv rett utanfor byen. Der trefte Paulus Lydia, ei rik forretningskvinne som var ei av dei som trudde på Israels Gud. Lydia begynte å tru på Jesus, og ho og familien hennar blei døypt der i elva. Dette var den første kristne dåpen i Europa. Seinare inviterte Lydia Paulus til å driva si verksemd i heimen hennar.

Bønestaden med Lydia sin dåpsplass er ein flott plass å koma til i dag. Den greske kyrkja har laga eit fint amfi ved elva, som etter norsk målestokk er omtrent som ein stor bekk. Ute i elva er det laga ein platting med eit altar (foto: Bjarne Saltveit). Me samla oss på dåpsplassen og las tekstane som handla om denne staden og om Lydias dåp. Ved sidan av elva er det òg bygd ei dåpskyrkje. Det er nok mange grekarar som ønskjer å feira dåp på denne staden, anten inne i kyrkja eller ute i elva. For oss blei det ein fin andaktsstad.

Forum

Midt inne i ruinbyen er Forum, det gamle romerske torget, godt bevart. Her blei Paulus og Silas ført fram for byretten då dei blei arrestert på grunn av verksemda si. Dei blei piska og sett i fengsel. Me las resten av forteljinga om Paulus i Filippi her på Forum, under nokre av dei store romerske søylene.

Paulus blei arrestert fordi det var nokon som meinte at han skapte uro i byen med forkynninga si. Det dei ikkje visste då dei piska han og sette han i fengsel, var at Paulus var romersk borgar og hadde krav på eit betre rettsvern og ei anna behandling.  Dette kom fram då Paulus seinare skulle reisa vidare, og det blei eit pinleg problem for leiarane i byen.

Paulus blei sett i fengsel. Eg veit ikkje om arkeologane nokon gong kan seia sikkert akkurat kvar dette fengselet låg, men me fekk sjå ei hole som blir rekna for å vera ein del av dette fengselet. I fengselet i Filippi skjedde det eit stort under:

"Midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane lydde på dei. Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen under fengslet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lekkjene losna av alle fangane."

Bibelteksten fortel vidare at Paulus og Silas gjennom dette blei frie, og at fangevaktaren og familien hans begynte å tru og blei døypt. Det er elles slik at òg andre historiske kjelder fortel om eit jordskjev i området rundt Filippi ca år 50.

Heile historia om den første dåpen i Europa og om Paulus i Filippi står i Apgj 16,12-40.

Paulus og filipparane

Paulus fekk eit heilt spesielt forhold til dei kristne i Filippi. Dei støtta han i det vidare misjonsarbeidet i Makedonia og Hellas, og dei blei ein ”mønster-kyrkjelyd” som kunne vera forbilde for andre. Paulus sitt brev til filipparane kan eigentleg kallast eit vennskapsbrev. Høyr kor fint Paulus skriv då han ei tid seinare sit i fengsel i ein annan by og skriv brev til dei kristne i Filippi:

Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. Og alltid, i alle mine bøner, bed eg for dykk alle med glede. For frå første dagen og til no har de stått saman med meg i arbeidet med evangeliet. Og eg er trygg på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne - heilt til Jesu Kristi dag. Med rette tenkjer eg slik om dykk alle, for eg ber dykk i hjartet. Både når eg er i lenkjer og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, har de alle fellesskap med meg i nåden. Ja, Gud er mitt vitne, eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag. (Fil 1,3-8)

Kyrkjeruinar i Filippi

Filippi1010186_img1_1 Det er i dag ruinar etter fleire store kyrkjer i Filippi. Dei er frå ca år 300 – 500. Spesielt ein av ruinane har høge murrestar, og gir eit godt inntrykk av kor stor og flott kyrkja har vore. Andre ruinar er meir låge murar som viser omrisset av kyrkjene. Kyrkjeruinane er med og peiker på det som historikarane veit frå andre kjelder: at Filippi var ein viktig by for den kristne kyrkja i denne delen av Europa i dei første kristne hundreåra. (Foto: Gabriel Tengsareid).

Å reisa til Filippi

Filippi ligg ca 15 km frå hamnebyen Kavalla langt nordaust i Hellas. Den næraste storbyen med internasjonal flyplass er Thessaloniki, ca 3 timars køyring lenger vest.

Eg syns det var fantastisk å besøkja Filippi. Det var så mykje å sjå. Bibeltekstane frå Apostelgjerningane og Filipparbrevet blei så levande då me var på staden. Eg reiser gjerne tilbake!

Relaterte artiklar:

måndag 10. januar 2005

Paulus som misjonær

Paulus var født omtrent samtidig med Jesus. Han var først ein motstandar av dei som trudde på Jesus, men begynte sjølv å tru etter at han møtte Jesus i eit syn utanfor Damaskus ca år 33, ikkje så lenge etter Jesu død, oppstode og himmelfart. Paulus blei snart ein strategisk misjonær i den tidlege kristne kyrkja, og han er ein sentral person i Det nye testamentet. Han reiste mykje og grunnla nye menighetar, først og fremst i det som idag er Tyrkia og Hellas. Eg liker å reisa til slike stadar som er omtalt i Bibelen. Seinare skal eg skriva om slike reiser og om det eg har opplevd der.

Me har to hovudkjelder som gjer at me kan vita noko om Paulus. For det første Apostelgjerningane (Apgj), som er skrive av Lukas. For det andre Paulus sine eigne brev. Apgj gir oversikt, mens breva gir situasjonsbestemt og personleg forkynning og skildring. Sjølv om Apgj gir oversikt, er ikkje skriftet ein biografi i moderne forstand. Lukas er mest opptatt av å skriva om enkelthendingar og enkelttalar, og gir dette relativt stor plass.

Generelt kan me seia at Paulus la hovudvekt på å etablera misjon i det som den gong var storbyar, truleg fordi dei var viktige senter for kommunikasjon og handel. Efesos, Filippi, Tessaloniki og Korint er eksempel på slike byar.

Det var nokre viktige forutsetningar som gjorde det muleg å driva misjon i Romarriket. Det greske språket var fellesspråk, som engelsk er det idag. Romarane hadde bygd opp eit godt kommunikasjonsnett og det var relativt trygge forhold for dei mange reisande langs dei romerske vegane. Derfor var det eit ganske "internasjonalt miljø" i byane rundt i Romarriket, og Paulus var ein av dei mange som var på reisefot.

Me er vant med å dela Paulus si reiseverksemd i tre misjonsreiser og ei siste reise til Roma. Det er dei reisene som er omtalt i Apgj, og dei foregjekk i perioden ca år 45-60. I tillegg var han truleg på nye reiser i Hellas ca år 65. Lukas gir forresten inntrykk av at Paulus stadig var på reisefot, men han var nok lenger på kvar plass enn det inntrykket Apgj gir.

Paulus har fått stor betydning for den kristne trua. Viktige tema i hans forkynning finn me i bibelavsnitt som framleis betyr mykje for oss som er kristne. F eks når han skriv slik om grunnlaget for å vera kristen: "For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve." (Efesarbrevet 2,8)

Relaterte artiklar:

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja