Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

tysdag 12. februar 2008

På plass i nytt hus

Eg har visst ikkje kome så langt at eg har nemnt det her på bloggen. Den tidlegare omtalt flyttesjauen førte til at me frå sist laurdag har ny adresse her på Bryne: Kong Magnus gate 44. Framleis ryddar me i gamlehuset. Framleis er mykje av det me til vanleg omgir oss med, trygt plassert i bananesker rundt omkring i det nye huset. Men det gjer ikkje så mykje. Det er ein god kjensle å ha kome så langt, og ein vakker dag har me kanskje greidd å tøma alle eskene!

Oppdatering: Les også Påls versjon av flytteprosessen.

laurdag 2. februar 2008

Travel flytteperiode

Her i huset er me midt i ein travel flytteperiode. Neste laurdag går flyttelasset til huset som me har kjøpt i nabolaget her på Bryne. Alt skal i esker, og det er ikkje lite! Akkurat nå synest mengda med bøker og papir uhorveleg! Vel, det skal nok gå godt. Me har fått og får god dugnadshjelp av familie og venner. Takk!

Bloggen blir det mindre tid til for tida. Men eg satsar på å koma sterkare tilbake.

søndag 4. november 2007

Allehelgensdag

Img_4124Eg har hatt ein fin og innhaldsrik Allehelgensdag i dag. Fekk med meg Egil Hovlands Allehelgensmesse i Domkyrkja i føremiddag, der Inger var med og song. Det var ei god oppleving. Ein av bibeltekstane i messa var denne bøna frå Jesu munn:

"Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi du elska meg før verda vart grunnlagd." (Joh 17,24).

På veg heim var me innom mors og fars grav på kyrkjegarden på Hinna.

Og i kveld var eg på Allehelgenssamling i Hinna kyrkje med blant anna lystenning og opplesing av namn på dei døde det siste året. Deriblant mor som døydde 1. januar i år.

Continue reading "Allehelgensdag" »

onsdag 15. august 2007

Fjelltur i sol og skodde

Sandvatn Sist veke var Inger og eg nokre dagar i fjellet igjen. Me måtte utnytta den siste ferieveka mi på best mogleg måte. Turen blei verkeleg eit familieprosjekt, for to av ungdomane i familien fekk til å bli med mellom jobbing, reising og militærteneste.

Me la ikkje opp til dei store fysiske utskeiingane. Første dagen gjekk me inn til Sandvatn, ein av yndlingsstadane mine i fjellet. Der låg me frå torsdag kveld til laurdag morgon. Fredagen tilbrakte me med lesestoff i sol og varme på plattingen utanfor hytta, som ligg 900 moh. Herleg!

Fr_fidjadalen Laurdag gjekk me vidare til Blåfjellenden. Første delen av denne løypa går høgt og fritt, og frå toppen kunne me sjå ned på skodda som låg i dalsøkka. Litt seinare gjekk me sjølve inn i tåkeheimen, og nede i Fidjadalen var alt kvitt. Men litt tåke øydelegg ikkje ein fjelltur, - det gir bare heilt andre stemningar! Det er forresten interessant å merka seg koss opplevinga av avstand og retning forsvinn i tåken!

Blfjellenden Hyttene på Blåfjellenden låg som du ser godt innhylla i tåke. Biletet viser gamlehytta. Me la oss inn i den nye (frå 2006), der det var betre plass. Det er flott at STF nå nærast har fordobla kapasiteten på denne staden, der det mest alltid er mykje folk. Me hadde forresten gjort vårt for å trekkja fjellvandrarar til Blåfjellenden denne helga; me hadde avtalt å møta ein annan familie der. Dei fekk si første oppleving av livet på ei turisthytte (bading, kortspel, henta vatn i elva, leik, prat og mat, ikkje minst store mengder pannekaker) og så vidt eg forstår gav det meirsmak. Me hadde det flott saman, - det blei ein kjekk og livleg kontrast til dei rolege dagane på Sandvatn!

onsdag 8. august 2007

Sju av Nordlands underverk

Lofotkatedralen Framleis ligg bunken med bøker, kart og brosjyrar frå ferien i Nordland framme her i heimen. Eg syns det er kjekt å sjå i dei og i bileta som me tok undervegs. Me kom heim med svært mange bilete på pc-en, truleg eit par tusen. Nokre av desse er nå sletta, nokre er lagt ut på flickr og der vil eg nok leggja ut nokre til.

Biletet eg tar med her, tok eg ein flott morgon i Kabelvåg. Lofotkatedralen ser fin ut på avstand. Men eg nemner bare at vedlikehaldet av den store kyrkja har vore eit hett tema denne sommaren.

Sjølv om eg framleis blar i bøker og brosjyrar, avsluttar eg med desse linjene serien Sommarminne frå Nordland. Alt har si tid, og sju er jo eit passande tal. Serien, som eg då kan kalla Sju av Nordlands underverk, består av desse innlegga: Torghatten, Vega, Dønnes kyrkje, Skulpturlandskap Nordland, Svartisen, Midnattssol og Langt til havs.

onsdag 18. juli 2007

Torghatten

Sommarminne frå Nordland I

Torghatten Eg syns det var mektig å gå gjennom hòlet i Torghatten. Og det var spesielt å kunne gjera det seint på kvelden, ved midnatt. Dette var første kvelden vår i Nordland, og sjølv om staden ikkje ligg så langt nord at det er midnattssol, var det heilt lyst då me gjekk opp ca kl 23.00.

Her står Inger i opninga ut mot havet, mens eg tar biletet inne frå hòlet. Som du ser er det store dimensjonar over hòlet gjennom fjellet. Det er 166 meter langt, gjennomsnittleg 18 meter breitt og høgda varierer mellom 28 og 75 meter.

Segna seier at det var Hestmannen sin pil som skapte hòlet. Nyare undersøkingar fortel oss at det er isen som som har vore på ferde. Uansett har hòlet alltid gjort inntrykk og det har blitt kommentert av mange skribentar, f eks Petter Dass, Fritjof Nansen, Karel Capek og Arne Garborg (les meir).

Sjå òg omtale på Wikipedia.

søndag 15. juli 2007

Heime igjen

Vega_og_alstadhaug_030I kveld har eg kome heim frå tre flotte veker på ferie. Etter dagane på Helgelandskysten var Inger og eg nokre dagar i Lofoten. Framleis med sol både dag og natt.

Det blei totalt 428 mil i bil, nokre mil på sykkel, ein dag på Hurtigruta, mange ferjeturar og ein flott dag på "Sea Bird Safari" med båt til Skomvær fyr, langt ute i havet utanfor Røst. Kvar dag var fylt av kjekke opplevingar, både når me var undervegs og på våre utallige stopp her og der.

Etter 12 fantastiske dagar i Nordland reiste me lange dagsetappar sørover mot Bryne. Ferien var rett og slett slutt for denne gang.

Den flotte reklamen for Nynorsk vekeblad fann eg på eit museum på Vega. Det vil nok likevel ikkje bli noko stoff frå ferien min verken i Nynorsk vekeblad eller i andre blad. Men eg kjem truleg tilbake med meir stoff her på bloggen! Då riktignok med meir fokus på natur- og kulturopplevingar enn på kjærleiken.

fredag 6. juli 2007

Sommar på Helgelandskysten

Alstadhauggildeskl_055 Eg har denne veka hatt flotte og innhaldsrike dagar på Helgelandskysten. For meg er dette ein ny og ukjent del av landet. Men eg må jo innrømma at det er eg som ikkje er oppdatert, her har det trass alt budd folk i tusenvis av år.

Til ei forandring har eg reiseleiar med meg på denne ferien. Som nokre av lesarane av bloggen veit, sykla Inger Norge på langs for to år sidan. Det lesarane truleg ikkje veit, er at ho sidan har lagt skumle planar for koss ho skulle få meg med på ein ny tur, denne gong med fokus på Nordland. Dette var nemleg fylket som gjorde sterkast inntrykk på henne på sykkelturen. Denne sommaren er eg altså offer for planane hennar. Og eg angrar slett ikkje på at eg blei med på notene, for me har det herleg og eg har fått med meg utruleg mykje flott natur, verdifull kultur og eit fantastisk sommarver! Natur- og kulturopplevingane er stort sett nøye planlagt av reiseleiaren, veret er ein ekstra bonus for alle som ferierer i Nord-Norge for tida.

Biletet viser overnattingsplassen vår på Bjørnsøya på Dønna.

Eg nemner bare nokre foreløpige høgdepunkt her: Tur opp til holet i Torghatten ved midnatt, sykkeltur på Vega (eit øysamfunn som er med på UNESCOs World Heritage List), overnatting på ein gamal gard der den første biskopen i Nord-Norge budde, besøk på Alstadhaug, omvisning i Dønnes kyrkje og mausoleum, tur til Svartisen og sist, men ikkje minst: Jakt på skulpturar finurleg plassert ute i naturen (Skulpturlandskap Nordland). Kanskje det her på bloggen kjem meir stoff om noko av dette på eit seinare tidspunkt? Eg har i alle høve opplevd så mykje at det kan bli mange bloggartiklar, om eg skulle bli overmanna av skrivelyst og ledig tid.

søndag 24. juni 2007

Rjukan

Rjukan_001 Herleg å vera på ferie igjen. I dag har Inger og eg pakka bilen og tatt ut på tur. Syklane er også med. Første stopp er Rjukan, ein liten og fascinerande by nede i ein trong dal.

Det er første gong eg er her. Naturen er bare heilt enorm! Dersom sikten er god, tar me ein tur opp på Gaustatoppen i morgon føremiddag. Fjellet er 1883 m.o.h. og det blir sagt at ein kan sjå 1/6 av Norge frå toppen! Men først skal me overnatta her i hytta (biletet) i Rjukan hytteby.

søndag 20. mai 2007

Kristent ungdomsarbeid for 80 år sidan

Gabriel_olsens_bibelklasse_ca_1927 Dette biletet fortel ei historie som eg syns fortener å koma fram. Me ser her "Gabriel Olsens bibelklasse" på Storhaug i Stavanger ca 1927. Gabriel Olsen, som sit midt i biletet på fremste rad, samla denne ungdomsgruppa i heimen sin kvar laurdag kveld!

Faren min, Trygve Berge (1912-2001), gjekk i bibelklassen. Han står lengst til venstre i den midterste rekka. Han fortalde meg fleire gonger om at han hadde gått i bibelklassen då han var ungdom, og han omtalte alltid Gabriel Olsen med stor respekt.

Viss du klikker på biletet, får du sjå det i større format. Biletet har kome fram fordi eg denne våren har vore med og rydda i papir, bilete og mykje anna etter at mor døydde i vinter.

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja