Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

fredag 4. april 2008

NB: Bloggen har flytta til WordPress

Frå i dag har bloggen flytta over til WordPress og du finn nå alt det gamle innhaldet, i tillegg til nye innlegg, på nettsida arneberge.wordpress.com

Grunnen til at eg skifter beite, er at WordPress er ei gratisteneste som, så vidt eg kan sjå, leverer like godt produkt som TypePad. Når det i tillegg var mogleg å importera alt stoffet her frå bloggen over i den nye, var det ikkje så vanskeleg å bestemma seg.

Bloggen har vore i drift her på TypePad sidan januar 2005. Det har vore tilsaman i overkant av 43.000 sidevisningar på bloggen. Du står for ein av desse, akkurat nå!  Og det er altså mogleg å følgja med også i tida framover, men då på den nye adressa. Takk for meg, her på denne staden!

Biblical Studies Carnival

Biblical Studies Carnival XXVIII blei nyleg publisert på Thoughts on Antiquity.

Sjå òg heimesida til Biblical Studies Carnival.

søndag 3. februar 2008

Biblical Studies Carnival XXVI

Biblical Studies Carnival XXVI er nyleg publisert på biblicalia. Dette er ein vegvisar til artiklar skrive på forskjellige bibliobloggar den siste månaden.  Søren Holst på PergaMent omset det til Det omrejsende Bibel-tivoli 26 og foreslår at du gjer klar ein kopp te før du opnar sida. Sjølv vil eg heller satsa på ei kanne med kaffi. Men det får bli etter at flyttesjauen er over!

fredag 4. januar 2008

Biblical Studies Carnival XXV

Biblical Studies Carnival XXV blei i går publisert på Targuman.

Sjå òg heimesida til Biblical Studies Carnival.

tysdag 1. januar 2008

PergaMent

Eg har (via PaleoJudaica) kome over ein dansk biblioblogg nå i romjula; Søren Holst på Københavns Universitet skriv bloggen PergaMent om bibelforskning og det der ligner.

Eg vil i denne omgang anbefala eit par artiklar på bloggen hans:

fredag 7. desember 2007

Om bloggen i Jærbladet

Bloggen du les, er nemnt i Jærbladet (papirutgåva) i dag. Lokalavisa har eit intervju med meg i samband med at eg har slutta som prest i Bryne og at det skal vera avskjedsgudsteneste på søndag. Eg hadde nyleg besøk av journalisten Erlend Skarsaune, og etter at han ein stund hadde prata med meg om prestetenesta, overraska han meg med å vera godt orientert om bloggen.

Her er aktuelle utdrag frå intervjuet:

Prest forlater post

Flere har forandret seg siden sogneprest Arne Berge begynte på Bryne for 14 år siden. Ungdom er blitt mer åpne for Jesus og presten er blitt en blogger.

Continue reading "Om bloggen i Jærbladet" »

måndag 1. oktober 2007

Biblical Studies Carnival XXII

Biblical Studies Carnival XXII er i dag publisert av Tim Bulkeley frå New Zealand på SansBlogue. Sjå òg heimesida til Biblical Studies Carnival.

måndag 30. april 2007

Prest med blogg

Eastermessage Eg har tidlegare sitert han som meinte at alle prestar burde ha sin eigen blogg.

Eg er ikkje sikker på om det er eit stort poeng, men eg trur det finst mange skriveglade prestar som kunne ha glede av og som kunne gleda andre med eit liv i blogosfæren.

Men sidan alt bør brukast med fornuft, tar eg med denne teikninga som ei venleg helsing til meg sjølv og andre bloggarar.

(via Euangelion)

fredag 13. april 2007

Prest på nettet

- Bør prester henvende seg mer til folk på nettet? Burde enhver menighetsprest hatt sin egen blogg, for eksempel?

- Ja, jeg mener det. Men det krever at du går ned fra prekestolen. Du må være åpen for at det kommer synspunkter som ikke er politisk korrekte. Fra nettkirken.no får jeg et daglig åndelig budskap. De beste av disse tar utgangspunkt i hverdagen min, og så klarer de å "løfte opp" det til et budskap som betyr noe.

- Hva med å legge ut prekener?

- Det er helt greit. En skal bare være klar over at nettet har en annen form. En god preken egner seg i et kirkerom. Det er en en-til-alle-greie. På nettet er det i utgangspunktet korte tekster, mer rett på sak, det du lykkes med er det som har med dialog å gjøre. Tenk på You Tube. For to år siden var det ingen ting, nå er det verdens mest besøkte nettsted. Det handler om at folk gjerne vil dele med hverandre, det er mye viktigere enn å bli snakket til.

Det er Bjørn Tore Stig, "en ekte markedsfører", som uttaler dette i eit intervju om kommunikasjon, prestar og kyrkjelydar på nettet. Intervjuet står i Inter Collegas nr 2/2007, medlemsbladet til Presteforeninga.

Tidlegare denne veka hadde eg ein samtale med ein god ven og kollega om bloggen min. Kva skriv eg eigentleg om og korfor skriv eg om akkurat dette? Vel, det er ikkje så greit å svara heilt klart på det. For det første er det viktig å seia at eg trivst med bloggen og med skrivinga. Elles hadde eg ikkje brukt tid på dette. Eg skriv sjølvsagt om ting som opptar meg, men langtfrå om alt som opptar meg. Nokre ting skriv eg om fordi eg trur det interesserer andre. Men det hender vel også eg skriv om ting som kanskje først og fremst interesserer meg sjølv?

Det er i alle høve heilt sikkert at det er svært mykje eg ikkje skriv om. Eg ønskjer ikkje at bloggen skal vera privat og familiær, sjølv om det at eg er ein mann som lever i ein familiesamanheng, godt kan koma fram ein gong i blant. Eg skriv også relativt lite om prestetenesta i Bryne kyrkjelyd, fordi eg vil unngå at folk som eg arbeider blant, skal føla at dei blir omtalt på nettet. Men kanskje eg likevel kunne funne ein form for småartiklar om prestetenesta, der eg oftare kunne skriva om ting som opptar meg utan om å omtala andre?

Du som er lesar, vil ha oppdaga at eg skriv mykje om den faglege interessa mi for bibelsk arkeologi, historie og geografi. Dette er stoff som eg koplar av med å arbeida med, og som eg sjølv føler eg lærar mykje av å skriva om. Dessutan er det jo fint å oppdaga at det faktisk er mange som les dette stoffet og syns det er interessant, sjølv om tekstane ikkje alltid er korte.

torsdag 8. mars 2007

Biblical Studies Carnival XV

Biblical Studies Carnival XV blei for ei tid sidan publisert på bloggen Awilum.com.

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja