Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

fredag 28. desember 2007

Ramaskrik

28. desember blir markert som Dei uskuldige barna sin dag. Den kristne tradisjonen fokuserer denne dagen spesielt på historia om at Herodes den store drap barna i Betlehem for å rydda Jesus av vegen. Bibelhistoria finn me hos evangelisten Matteus (Matt 2,16-18):

Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene. Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:

Eit rop høyrest i Rama
gråt og høglydt klage:
Rakel græt over borna sine
og vil ikkje la seg trøysta.
For dei er ikkje meir.

Eg har lese at det kan ha vore om lag 20 barn som blei drepne i denne terroraksjonen. Dette er sjølvsagt eit høgst usikkert tal, men skal vera rekna ut på grunnlag av estimert folketal i Betlehem på den aktuelle tida (Gunnar Johnstad: Håndbok til Det nye testamentet, s 22).

Det er forresten frå denne bibelteksten me har uttrykket ramaskrik. Rama er eit gamalt bibelsk bynamn og sitatet som Matteus nyttar, er frå Jer 31,15.

Les meir om Dei uskuldige barna sin dag på Den katolske kyrkja si nettside.

Å kom, bli med til Davids by. Del 3

Etter besøk på Hyrdemarkene (del 1) og i Fødselskyrkja (del 2) forlet me nå fortida og skal møta nokre av dei kristne palestinarane som bur i området i dag. Tidlegare var Betlehem ein kristen by, nå er muslimane i fleirtal. Og dei kristne blir stadig færre. Mange reiser ut for å få eit enklare liv. Den kristne kyrkja i området prøver å motverka denne tendensen, men det er vanskeleg å gjera noko med det.

026_kyrkja_og_abrahams_hus_beit_jal Dei fleste kristne palestinarane høyrer til den gresk-ortodokse kyrkja, men det finst fleire kyrkjesamfunn her. For oss er det naturleg å oppsøkja den evangelisk-lutherske kyrkja, og me finn igjen fram til ein drosjesjåfør og bed han køyra oss til Reformasjonskyrkja i Beit Jala.

Her blir me tatt godt i mot av pastor Jadallah Shihadeh, som har gode kontaktar i europeiske kyrkjer og som bl a har besøkt Bryne. Han fortel meir om den kristne delen av det palestinske folket. Dei har vore eit kristent folk sidan Paulus si tid, dei er ikkje muslimar som har blitt kristne! Vidare fortel han om den lutherske kyrkjelyden som er ein minoritet i Beit Jala med ca 500 medlemer i ein bydel med 15.000 innbyggjarar.

027_kyrkja_beit_jala_interir_a Me blir invitert med på gudsteneste med kyrkjelyden. Liturgi og preike er på arabisk, men me kjenner oss heime likevel. Og når dei hentar fram brød og vin, får me feira vår felles tru på at den Jesus som blei født i Betlehem, også lever i dag.

Etterpå inviterer presten oss inn i gjestehuset deira, Abrahams Hus. Me får høyra om visjonen: ”Det eine folket si lukke er avhengig av det andre folket si lukke.” Kyrkjelyden ønskjer å vera eit senter for kultur, samtale og forsoning, og dei arbeider for å overvinna motsetnadar og konfliktar. I denne samanhengen er dei heller ikkje redde for å knyta kontaktar med jødar og muslimar.

Turen vår rundt i Betlehem har ført oss til ein kristen kyrkjelyd i byen der Jesus blei født. Her møter me menneske som lever i ei verd full av konfliktar, og som tar Bibelens ord om forsoning på alvor. Dei har eit håp om fred på jord, og dei trur at dei som kristne har ei viktig oppgåve i å arbeida for den freden.

torsdag 27. desember 2007

Å kom, bli med til Davids by. Del 2

020_fdselskyrkja Juleevangeliet fortel at gjetarane fekk ei himmelsk oppfordring til å gå inn i byen og finna det nyfødde barnet. Me følgjer i gjetarane sine spor, og finn ein drosje som kan frakta oss vidare inn til sentrum av Davids by, til Fødselskyrkja.

Sjåføren køyrer oss heilt inn på Krubbeplassen og stansar framfor den store bygningen. Fødselskyrkja er ei svært gamal kyrkje, den har røter tilbake til keisar Konstantin si tid på 300-talet. Her har det vore eit samanhengande gudstenesteliv i snart 1700 år! Og tradisjonane om staden går enda lenger tilbake. Det er fleire skriftlege kjelder som syner at Jesu fødestad var kjent blant dei kristne i dei første hundreåra, og det var dei lokale kristne som peika ut staden då bygginga av den første Fødselskyrkja starta i 326.

Konstantins kyrkje blei øydelagt på 500-talet, og keisar Justinian bygde då ei ny og større kyrkje. I hovudsak er det faktisk denne kyrkja som står her ennå. Interiøret er rett nok sterkt prega av korsfarartida på 1100-talet. Og muslimar fjerna på 1500-talet marmoren som dekte kyrkja, og brukte den på Tempelplassen i Jerusalem.

Men kyrkja har utruleg nok blitt spart for meir omfattande herjingar i urolege tider, for eksempel i 614 då persarane øydela mykje i denne delen av det bysantinske riket.

Mange kyrkjer blei brent, men Fødselskyrkja blei ståande. Grunnen skal vera at den persiske hæren her møtte eit stort mosaikkbilete av tre menn med gull, røykjelse og myrra, - og dei hadde persiske klede på seg! I respekt for dette møtet med vise menn frå sin eigen kultur, sparte dei kyrkja.

Fødselskyrkja har verkeleg bevart preget av å vera ein heilagdom. Sjølv om det til tider kan vera mange menneske her, opplever me at roen senker seg. Og me blir uvilkårleg dregne mot trappa ned til grotta under hovudaltaret.

017_stjerna_i_fdselsgrotta_i Fødselsgrotta er ein stad for undring og tilbeding, og svært mange som kjem hit, endar opp med å knela ned ved sølvstjerna som markerer Jesu fødestad. Me òg knelar ned, og me les innskrifta på stjerna: Hic de Virgine Maria Jesus Christus natus est (her blei Jesus Kristus født av jomfru Maria).

Besøket i Fødselsgrotta er eit høgdepunkt på turen rundt i Betlehem. Dette er ein fantastisk stad å koma! Sjølv om me har lese juleevangeliet tidlegare på dagen, tar me på nytt fram nytestamentet og les: ”Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad.”

Og etterpå fell det naturleg å syngja Brorson sin julesalme:

Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom,
der samles mine tanker som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme,
der har min tro sin skatt;
jeg kan deg aldri glemme, velsignet julenatt!

Men verda er full av paradoks. Midt i dette heilage rommet blir me minna om sølvstjerna si spesielle historie. Den blei først plassert her av katolikkane i 1717. Den gresk-ortodokse kyrkja fjerna den i 1847, men blei seks år seinare tvunge til å setja den på plass igjen av det tyrkiske (muslimske) styret.

Og denne ”stjernekrigen” var faktisk ei medverkande årsak til Krimkrigen (1853-1856) mellom Russland på den eine sida og England, Tyrkia og Frankrike på den andre sida. I dag er det den gresk-ortodokse kyrkja som har ansvar for grotta, og det verkar ikkje som om dei har nokon problem med å ha sølvstjerna her.

Hieronymus om Jesu fødestad

024_hieronymus_skulptur Hieronymus (331-419), ein av kyrkjefedrane, levde den siste delen av livet sitt i ei grotte nær Fødselsgrotta. Han var kritisk til utviklinga på staden, og sa i ei julepreike:

Hvor jeg ønsker jeg kunne fått se den krybbe der vår Herre en gang lå! Nå har vi kristne fjernet krybben av leire, og vi har erstattet den med en av sølv, angivelig for å ære ham som ble lagt der. Men for meg er den som er fjernet av større verd. For den hedenske verden samler seg gull og sølv. Men den kristne tro fortjener krybben av leire. For han som lå der forsmådde gull og sølv. Jeg forakter ikke dem som har villet ære ham og har satt opp sølvkrybben, slik jeg heller ikke har noen forakt for dem som laget gullkar til templet. Men jeg beundrer vår Herre – han som er verdens skaper, og som ikke ble født mellom sølv og gull, men som ble lagt i en krybbe av leire.

Skulpturen av Hieronymus står ved Fødselskyrkja i Betlehem.  Utdraget frå julepreika hans er sitert frå boka Barnet og byen av Ole Christian Kvarme.

 

onsdag 26. desember 2007

Å kom, bli med til Davids by. Del 1

Originalversjonen av denne artikkelen stod i papirutgåva av Jærbladet 29. desember 2006. Eg har nå bearbeidd den for bloggen, og delt den opp i tre delar. Teksten er formulert som skildring av ein dagstur til Betlehem og er skriven på grunnlag av fleire besøk i byen dei siste åra.

001_gloria Å kom, bli med til Davids by
hvor engler synger under sky!
Å la oss gå på marken ut
hvor hyrder hører nytt fra Gud!

Når me syng dette verset i julesongen Det kimer nå til julefest, er det Betlehem me syng om. Kong David kom frå Betlehem og Josef, som ”høyrde til Davids hus og ætt”, måtte i følgje juleevangeliet reisa hit for å skriva seg inn i manntalet.

Jesu fødestad har naturleg nok ein heilt spesiell posisjon i vår kristne kulturkrets. På Jesu tid var dette ein liten jødisk landsby med ei stolt historie knytt til David og med profetiar som knytte Messias til staden.

010_utsikt_fr_tantur_mot_muren I dag er Betlehem ein palestinsk by på Vestbreidda, med blanda befolkning av kristne og muslimar. Det er normalt ikkje vanskeleg for ein norsk reisande å koma inn i byen. Men for lokalbefolkninga kan det vera svært problematisk å få passera grenseposten ved den omstridde muren.

Me skal nå leggja ut på ei reise inspirert av julesongen. Det er mykje å oppleva her, og me startar rett innanfor muren med å be sjåføren i ein av dei mange drosjane køyra oss til Hyrdemarkene.

Den nøyaktige staden der møtet mellom gjetarar og englar fann stad, kan av naturlege grunnar ikkje påvisast. Men tradisjonen om englane som synte seg for gjetarar på nattevakt, har alltid vore knytt til eit dalføre aust for Betlehem, og sjåføren veit kvar han skal køyra oss.

Han set oss av ved fransiskanarane sin eigedom i Beit Sahour. Heilt opp til vår tid har det vore beitemarker her, og faktisk treff me i dag ein gjetar som er ute med saueflokken sin i området.

012_hyrdemarkene_munk Ein munk viser oss inn i ei stor naturleg grotte som i dag er gjort om til kapell. Det er ikkje så vanskeleg å sjå for seg at denne grotta i tidlegare tider kan ha vore overnattingsstad både for gjetarar og dyr.

Me finn fram nytestamentet og les: ”Det var nokre gjetarar der i området som var ute på markene og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.”

013_kapellet_ved_hyrdemarkene Munken tar oss også med inn i Englekapellet som fransiskanarane bygde på 1950-talet. Kapellet er forma som eit telt og er innvendig dominert av tre store veggmaleri som skildrar juleevangeliet. Her song englane det som har blitt utgangspunkt for lovsongen i kristne kyrkjer over heile verda: Gloria in excelsis Deo, ære vere Gud i det høgste. Forsiktig testar me den spesielle akustikken i kapellet, og her er det ikkje vanskeleg å bli inspirert til å bidra i den verdsvide lovsongen!

tysdag 25. desember 2007

Julefeiring i Betlehem

I dag på 1. juledag kjem meldingar om at det er fleire tilreisande som feirar jul i Betlehem enn det har vore dei siste åra. Det er bra!

Vårt Land skriv:

Etter flere års laber interesse opplever Betlehem et oppsving i antall pilegrimer og turister som feirer jul i Jesu fødeby.

Den israelske muren og den vanskelige sikkerhetssituasjonen ser ikke lenger ut til å skremme turistene bort fra byen på den palestinske Vestbredden.

– Mellom 25.000 og 35.000 pilegrimer og turister kommer til å være her i dag og i morgen, dobbelt så mange som i fjor. I dag har vi omtrent 60 til 70 prosent av normal turisme og pilegrimsferder til byen, sier ordfører Victor Batarseh til BBC.

Også handelsnæringen setter pris på oppgangen.

– I år er det mye bedre for turistnæringen enn de sju siste årene. Stemningen er generelt bedre. Det er relativt rolig når det gjelder sikkerhet, sier butikkmannen Jacques Aman til nyhetsbyrået AP.

BBCs reporter konstaterer imidlertid at det er langt færre turister i byen enn for noen år siden, og at de fleste som samlet seg ved Fødselskirken til messe julaften, var lokale innbyggere. (les meir)

Oppdatering: Karin Riska har i dag lagt ut bilete frå feiringa i Betlehem på bloggen sin. Bileta viser tradisjonell palestinsk julefeiring, omtrent som ein norsk 17. mai. Her er det tog med korps og speidarar, og eit yrande folkeliv. Sjå bileta hennar her.

måndag 24. desember 2007

Gjesteskribent: Matteus

Jesus blir fødd

Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son
og dei skal gje han namnet Immanuel
– det tyder: Gud med oss.

Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si. Men han levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin, og han gav han namnet Jesus.

Vismennene hyllar Jesus

Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.» Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd. «I Betlehem i Judea,» svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:

Du Betlehem i Juda land,
blant fyrstane i Juda  er du slett ikkje den ringaste.
Frå deg skal det koma ein fyrste,
ein hyrding for mitt folk Israel.»

Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg. Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.» Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.

På flukt til Egypt

Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

Frå Egypt kalla eg son min.

Barnemordet i Betlehem

Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene. Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:

Eit rop høyrest i Rama,
gråt og høglydt klage:
Rakel græt over borna sine
og vil ikkje la seg trøysta.
For dei er ikkje meir.

Frå Egypt til Nasaret

Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israelslandet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.» Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israelslandet. Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea. Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear.

Kjelde: Evangeliet etter Matteus 1,18-2,23, omsett av Den Norske Bibelselskap på www.bibelen.no

tysdag 18. desember 2007

En krybbe var vuggen

Nå når det nærmar seg jul, vil eg trekkja fram noko eg skreiv om juleevangeliet her på bloggen i jula i fjor. Eg refererte blant anna til nokre tankar om krubba i juleevangeliet, henta frå boka The Birth of the Messiah av Raymond E. Brown:

Han poengterer at krubba i juleevangeliet slett ikkje treng vera eit teikn på at Jesus var født i fattigdom i forhold til den tids levestandard, men at ho først og fremst er ei underleg og oppsiktsvekkjande plassering av eit nyfødt barn og derfor eit teikn for gjetarane. (les meir)

Betlehem i fokus

"I wanted to see where Jesus was born -- I think it's something every Christian should do," said 21-year-old Ukrainian baptist Andrew Dubovoy. "I asked the tour agency many times about safety but now I'm in the city I feel fine."

Det er nyhetsbyrået Reuters som i går skreiv om denne unge pilegrimen i artikkelen Bethlehem profits from peaceful Christmas. Mange ulike medier melder nå om at det kjem mange tilreisande til Betlehem i jula i år, noko eg også i forrige veke kommenterte her på bloggen.  Dette er godt nytt for den lidande kristne befolkninga i Betlehem.

Eit anna tema som heldigvis også får fokus nå før jul, er nettopp dei kristne palestinarane sin vanskelege situasjon, sjå t.d. denne artikkelen i det danske Kristelig Dagblad:

Hvis de kristne palæstinensere ikke er ved at pakke deres kufferter, er det, fordi de allerede er rejst. Sådan beskriver den israelske advokat Justus Reid Weiner situationen i Det Palæstinensiske Selvstyre, hvor de kristne ifølge hans overbevisning bliver trængt ud af samfundet af den tiltagende islamisme.

Det værste ved denne tendens er ifølge Weiner, at medier, menneskerettighedsorganisationer og politikere næsten alle forholder sig apatisk til den dramatiske udtømning af selvstyreområderne for kristne beboere.

Justus Reid Weiner er tilknyttet tænketanken Jerusalem Center for Public Affairs. Han er advokat med speciale i menneskerettigheder. (les meir)

onsdag 12. desember 2007

Til Betlehem i jula?

020_fdselskyrkjaReiseaktiviteten til Betlehem er visstnok på veg oppover igjen. Det har vore fleire dårlege år, og dette gjer det svært vanskeleg for byen som i stor grad er økonomisk avhengig av turismen. Nå melder Yahoo News at det er venta mange tilreisande til Betlehem i jula i år:

There's a reason for Christmas cheer in biblical Bethlehem this year — more tourists are on their way now than in any holiday season since Israeli-Palestinian fighting broke out seven years ago, the town's mayor said Tuesday. (les meir)

Eg håper det er meir enn ønsketenking!

Sjølv har eg vore i Betlehem fleire gonger dei siste åra, men aldri i julehøgtida. Biletet viser delar av Fødselskyrkja, bygd over staden der Jesus truleg blei født. Eg har skrive noko Betlehemsrelatert stoff her på bloggen tidlegare, sjå f eks dette innlegget om kristne palestinarar i Betlehem.

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja