Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

må. ty. ons to. fr. la.
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« Viktor Sparre (1919-2008) | Main | Den stille veka »

måndag 17. mars 2008

Ein betre vår ein gong

Anders Aschim, som eg har mykje felles med (gamal speidar, prest og bloggar på BlixBlog), har nå fått ferdig Blixbiografien sin, Ein betre vår ein gong. Eg er litt seint ute med å gratulera, men gjer det likevel.

Gratulerer så mykje, Anders!

Det er flott at boka har fått strålande omtale, sjå f eks Bjørn Kvalsvik Nicolaysen si melding i Dag og Tid:

Meisterleg om salmemeisteren

God sakprosa, eller litteratur i det heile, får vi når den som skriv, orkar å tenkje og skjønar at tenking er arbeid. Biografien om Elias Blix (1836–1902) er resultatet av hardt arbeid, men framlagt på ein leikande lett måte som gjer boka kjekk å lese, og svært opplysande, både for næmingar og dei som kjenner perioden godt. Her er det ei mengd nytt stoff, som vert sett inn i ei forklårande forteljing så det vert greitt å forstå både kva inntrykk Blix tok av om­­veltingane i samtida, og kva for påverknader han sjølv stod for. Det er meisterleg gjort, ikkje mindre enn eit kunststykke, å få den store mengda av nye opplysning­ar til å føye seg inn i eit stort heilskapsbilete, utan at framstillinga løyser seg opp i fragment og digresjonar og utan at det kjem trøyttande oppattakingar. (les meir)

Dagbladet har også melding av boka, sjå her.

Comments

Mange takk, Arne. Eg kan røpe at eg har ei halv avtale med ein bokhandel nær deg mot slutten av august, eit føredrag om "Elias Blix og Arne Garborg", eksklusivt for Bryne.

Anders: Flott at du kjem til Bryne med foredrag. Det blir spanande! Kva dato er det?

Verify your Comment

Previewing your Comment

This is only a preview. Your comment has not yet been posted.

Working...
Your comment could not be posted. Error type:
Your comment has been saved. Comments are moderated and will not appear until approved by the author. Post another comment

The letters and numbers you entered did not match the image. Please try again.

As a final step before posting your comment, enter the letters and numbers you see in the image below. This prevents automated programs from posting comments.

Having trouble reading this image? View an alternate.

Working...

Post a comment

Comments are moderated, and will not appear until the author has approved them.

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja