Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

sø. må. ty. on. to. fr. la.
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« Kristi openberringsdag | Main | Jesus-debatt i Dagbladet »

tysdag 8. januar 2008

Kirkenorge.no

Logo_kirkenorge_1 Nettsida Kirkenorge.no blei presentert i Vårt Land (papirutgåva) i går. Det er kapellan Trond Laksaa i Narvik som står bak prosjektet. Eg har nå vore innom nettstaden for første gong. Sida presenterer seg sjølv slik:

Kirkenorge.no er en ressursside for alle. Her finner du blant annet bilder av kirker, prekener og andre taler, bokanmeldelser, konfirmantopplegg, omtale av menighetsblad, liturgier med mer. I tillegg finner du linker til alle norske menigheter som har egne nettsider.

Ein sjekk på kva kirkenorge.no skriv om mi eiga kyrkjelyd her på Bryne, fortel meg at sida truleg framleis er under oppbygging. Omtalen av Bryne kyrkje er kort. Det er ikkje bilete av kyrkja. Kyrkjelydsbladet vårt, Helgedagen, er ikkje vurdert. Men det er ein link til heimesida vår (som rett nok i si nye form også er ufullstendig!).

Sjølv om dei lokale opplysningane er mangelfulle (kanskje eg burde hjelpa til med å senda noko inn?), ser eg at det her er lagt planar for noko som kan bli veldig bra. Info om kyrkjer kan vera interessant, men dette krev nok meir innhald før det triggar meg. Liturgiar finn eg like godt på kirken.no. Eg syns likevel det er flott med alle som tar jobben med å samla kyrkjeleg stoff på nettet. Ikkje minst treng me gode samlingar med ressursmateriale for forkynning og undervisning i ein norsk samanheng. Eg kjem heilt sikker tilbake.

Comments

Post a comment

Comments are moderated, and will not appear on this weblog until the author has approved them.

If you have a TypeKey or TypePad account, please Sign In

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja