Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

sø. må. ty. on. to. fr. la.
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« Advent | Main | Chanukka »

søndag 2. desember 2007

St. Petri

Img_4173 Det var ei stor oppleving å vera på gudsteneste i St. Petri kyrkje i Stavanger i dag. Den store kyrkja frå 1866 har vore gjennom snart tre års restaureringsarbeid, og blei nå gjenopna med festgudsteneste. Og i kveld er det stort kulturarrangement i det som skal vera byens kulturkyrkje.

Kyrkja var fullsett i føremiddag. Då eg kom, var det så vidt eg fekk plass nede i kyrkjeskipet. Eg blei sitjande ute på sida under galleriet, men fann heldigvis ein plass der eg såg godt mellom søylene. Under gudstenesta kjente eg sterkt på kor mykje St. Petri betyr for meg. For det første fordi det var der eg blei døypt inn i Guds kyrkje då eg var liten. For det andre fordi denne kyrkja, då eg var tenåring, var ein samlingsstad for kristne ungdomar frå heile byen. Her hadde presten Sindre Eide og tensingkoret Skysing faste ungdomsgudstenester på søndagskveldar. Me danna vel det som i dag ville vore kalla ein ungdomsmenighet. Dette var eit miljø som betydde utruleg mykje for meg gjennom fleire år.

Img_4175 Bileta tok eg under kyrkjekaffien. Det første viser den store Kristusfiguren framme i kyrkja, ein kopi av Thorvaldsens skulptur i København. Det andre biletet er tatt bakover i kyrkja, og viser kor flott interiøret har blitt. Kyrkja har nå fått tilbake dei lyse fargene. I eit par generasjonar har ho hatt mørke og sterke fargar innvendig.

Biletet gir også eit inntrykk av dimensjonane i det store bygget. Då kyrkja blei bygd, var det dimensjonert for 1500 sitjeplassar. Nå er den annleis innreia, og kan ikkje ta så mange. Under orgelgalleriet bak er det sett opp ein glasvegg og innreia eit kulturtorg, ein kafé for kyrkjekaffi og andre arrangement.

Og namnet? Det er ein rest av latinsk påverknad. Petri er ein genitivsform og dette er altså ei Peterskyrkje like mykje som det meir kjente bygget i Roma.

Kyrkja skal nå vera kulturkyrkje for heile byen og samtidig soknekyrkje for St. Petri menighet. Eg håper det er ein kombinasjon som vil fungera godt i praksis!

Comments

Så spennande med kulturkyrkje! Eg trur eg må få med meg eit arrangement der før eller seinare!

Post a comment

Comments are moderated, and will not appear on this weblog until the author has approved them.

If you have a TypeKey or TypePad account, please Sign In

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja