Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

sø. må. ty. on. to. fr. la.
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« Nanobibelen | Main | Ramaskrik »

fredag 28. desember 2007

Å kom, bli med til Davids by. Del 3

Etter besøk på Hyrdemarkene (del 1) og i Fødselskyrkja (del 2) forlet me nå fortida og skal møta nokre av dei kristne palestinarane som bur i området i dag. Tidlegare var Betlehem ein kristen by, nå er muslimane i fleirtal. Og dei kristne blir stadig færre. Mange reiser ut for å få eit enklare liv. Den kristne kyrkja i området prøver å motverka denne tendensen, men det er vanskeleg å gjera noko med det.

026_kyrkja_og_abrahams_hus_beit_jal Dei fleste kristne palestinarane høyrer til den gresk-ortodokse kyrkja, men det finst fleire kyrkjesamfunn her. For oss er det naturleg å oppsøkja den evangelisk-lutherske kyrkja, og me finn igjen fram til ein drosjesjåfør og bed han køyra oss til Reformasjonskyrkja i Beit Jala.

Her blir me tatt godt i mot av pastor Jadallah Shihadeh, som har gode kontaktar i europeiske kyrkjer og som bl a har besøkt Bryne. Han fortel meir om den kristne delen av det palestinske folket. Dei har vore eit kristent folk sidan Paulus si tid, dei er ikkje muslimar som har blitt kristne! Vidare fortel han om den lutherske kyrkjelyden som er ein minoritet i Beit Jala med ca 500 medlemer i ein bydel med 15.000 innbyggjarar.

027_kyrkja_beit_jala_interir_a Me blir invitert med på gudsteneste med kyrkjelyden. Liturgi og preike er på arabisk, men me kjenner oss heime likevel. Og når dei hentar fram brød og vin, får me feira vår felles tru på at den Jesus som blei født i Betlehem, også lever i dag.

Etterpå inviterer presten oss inn i gjestehuset deira, Abrahams Hus. Me får høyra om visjonen: ”Det eine folket si lukke er avhengig av det andre folket si lukke.” Kyrkjelyden ønskjer å vera eit senter for kultur, samtale og forsoning, og dei arbeider for å overvinna motsetnadar og konfliktar. I denne samanhengen er dei heller ikkje redde for å knyta kontaktar med jødar og muslimar.

Turen vår rundt i Betlehem har ført oss til ein kristen kyrkjelyd i byen der Jesus blei født. Her møter me menneske som lever i ei verd full av konfliktar, og som tar Bibelens ord om forsoning på alvor. Dei har eit håp om fred på jord, og dei trur at dei som kristne har ei viktig oppgåve i å arbeida for den freden.

Comments

Post a comment

Comments are moderated, and will not appear on this weblog until the author has approved them.

If you have a TypeKey or TypePad account, please Sign In

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja