Jerusalem må vera ein av dei mest spennande byane i verda! Byen som ligg oppe i fjella i Israel, 800 meter over havet, har ein heilt spesiell posisjon både religiøst, politisk og historisk. Den har ei 3000-årig historie. For meg er den delen av historia som er knytt til NT mest interessant.
Gamlebyen er utruleg fascinerande. Ein by i byen på ein kvadratkilometer, tettpakka med folkeliv og heilage stadar, mura inne av bymurar frå 1500-talet. Gamlebyen er delt i fire kvarter: det muslimske, det kristne, det jødiske og det armenske. Utanfor murane er byen kulturelt delt mellom det jødiske Vest-Jerusalem og det arabiske Aust-Jerusalem.
Biletet viser delar av Gravkyrkja, som ligg midt inne i den
uoversiktlege Gamlebyen. Kyrkja er bygd over Golgata og Jesu grav.
Biletet har eg tatt oppe frå tårnet i den lutherske Redeemer Church,
som ligg like ved.
Eg er interessert i historie, ikkje minst i den historia som er knytt til NT og dei første kristne i Jerualem. Gamle kyrkjer og heilage stadar er tiltrekkjande for meg. Eg les om bakgrunnen, brukar augene og kameraet og syns det er fantastisk å oppleva så mykje spennande.
Men enda viktigare er dei levande steinane, dei menneska som er med i fellesskapet rundt Jesus. Gjennom Den Norske Israelsmisjon kan me vera med å gjera ein innsats for å støtta den kristne minoriteten i Det heilage landet og vera med og bidra til at fleire kan oppdaga at Jesus er Messias. Israelsmisjonen er med i eit viktig misjons- og forsoningsarbeid. I Jerusalem er det Caspari Center som er utgangspunkt for dette arbeidet. Det er bare ein forsvinnande liten del av det jødiske folket som veit kven Jesus er. Og dei kristne er også ein minoritet i det palestinske folket.
I morgon reiser eg til Jerusalem. Haustferien kjem til å bli full av inntrykk, det er eg sikker på. Og eg kjem nok tilbake med meir stoff frå turen etter kvart.
Recent Comments