Det er 100 år sidan nynorsk språk blei godkjent til bruk i Den norske kyrkja. Dei nynorske utgåvene av Tekstbok og Altarbok blei godkjende ved ein kongeleg resolusjon 28. oktober 1907, fortel Avisa Hordaland.
Eg har (sjølvsagt) fått tak i dette via BlixBlog, bloggen som er tileigna han som meir enn nokon annan arbeidde for nynorsken i kyrkja.
For å markera dei 100 år på liturgisk vis, tar eg med den nynorske teksten til Den apostoliske truvedkjenninga, ein viktig liturgisk tekst:
Eg trur på Gud Fader, den allmektige,
som skapte himmel og jord.Eg trur på Jesus Kristus,
Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den Heilage Ande,
fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde og vart gravlagd,
fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå
og døma levande og døde.Eg trur på Den Heilage Ande,
ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen
og evig liv. Amen.
Den norske kyrkja er nå inne i ei omfattande gudstenestereform som vil gje oss nye liturgiar, sjølvsagt også på nynorsk.
Comments