Joel hadde preika då eg var på gudsteneste i Immanuelskyrkja i Tel Aviv for få veker sidan. Nå kjem han hit og skal tala på møte på Fredheim Arena i Sandnes onsdag 31.10 kl 19.00.
Det var spennande å høyra Joel si forkynning og å få eit møte med han etter gudstenesta. Joel var tidlegare ortodoks jøde. Nå er han messiansk jøde. Han opna seg for trua på Jesus som Israels Messias gjennom lesing av GT! I dag arbeider han i organisasjonen Jews for Jesus. Dessutan er han med i leiinga i den messianske forsamlinga i Immanuelskyrkja.
Preika eg fekk med meg, tok utgangspunkt i Matt 22,34-46. Han hadde følgjande disposisjon:
- What Jesus asks of us - a relationship with God - So what ...?
- Who Jesus Messiah is - both Lord and Son - So what ...?
- How Jesus reveals Himself - So what ...?
Eg skulle gjerne ha vore på Fredheim Arena denne kvelden. Dessverre kolliderer det med at eg er på landsstyremøte i Sandefjord! Men eg vil svært gjerne anbefala møtet for lesarar i Stavanger / Sandnes / Jærregionen.
For dei som kjenner Kristin og Odd Ivar (biletet) vil eg seia at møtet er eit must! Biletet av dei to, som nå arbeider i Immanuelskyrkja, er frå ei samling gruppa vår hadde saman med dei i parken i Gamle Jaffa etter den nemnte gudstenesta. Der fortalde dei to om korfor dei er i Tel Aviv og om kva oppgåver dei har i kyrkja.
Comments