Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« september 2007 | Main | november 2007 »

søndag 28. oktober 2007

Ein tur i Davidsbyen, del 2

Img_3967 "Du veit, Arne har ein spesiell interesse for det underjordiske!" Det var ein av dei eg reiste saman med, som sa dette med eit smil til ein kjenning han traff under reisa heim. Ja, det kan nok vera det var deltakarar som syns eg drog dei ned i vel mange tunnelar og grotter!

Men turen gjennom Davidsbyen inneheldt sjølvsagt ei vandring gjennom den kjente underjordiske Warren's sjakt (Warren's Shaft). Sjakta har fått namn etter arkeologen Charles Warren som oppdaga den i 1867. Dei eldste delane av dette underjordiske sjakt-systemet er truleg frå ca 1800 f. Kr. og dei har heilt opplagt hatt ein funksjon når det gjaldt forsyninga av vatn til det gamle Jerusalem. Vidare veit me at systemet for tilførsel av vatn blei utvida av kong Hiskia ca år 700 f. Kr.

BiblePlaces.com skriv slik (og har også gode bilete):

The system by this name consists of four parts: the stepped tunnel, the horizontal curved tunnel, the 14 meter vertical shaft and the feeding tunnel. Scholars have long debated the date and function of this system.

What is clear is that this system was used to access the city's supply of water (the Gihon Spring) from inside the safety of the city walls.  (les meir)

Kong David og mennene hans tok byen frå jebusittane ca år 1000 f. Kr. Dei lurte innbyggjarane ved å ta seg "opp gjennom vassberarsjakta" (2. Sam. 5,8). Med dette uttrykket er det nok anten meint dei lange tunnelane eller til den 14 meter vertikale sjakta som går rett ned til Gihonkjelda.

Nå gjekk i alle høve me nedover gjennom desse underjordiske tunnelane på vår tur gjennom Davidsbyen. For meg er dette ein verkeleg spennande stad. Ein kan sjå på dette først og fremst som viktig kulturhistorie frå gamaltestamentleg tid, eller ein kan fokusera på at dette er svært gamal og imponerande ingeniørkunst.

Langt, langt nede høyrde me heile tida rennande vatn. Og me gjekk ned mange og bratte trapper, heilt ned til Gihon-kjelda. Denne kjelda har sikra livsviktig vatn til byen i krig og fred gjennom årtusenar. Kjelda har også ein plass i den bibelske historia, ved at det var her kong Salomo blei salva til konge:

Så sa kong David: «Kall presten Sadok, profeten Natan og Benaja Jojadason hit til meg!» Då dei kom fram for kongen, sa han til dei: «Ta med dykk kongsmennene! Lat Salomo, son min, ri på mitt eige muldyr og før han ned til Gihon-kjelda! Der skal presten Sadok og profeten Natan salva han til konge over Israel. Og de skal blåsa i horn og ropa: Leve kong Salomo! Så skal de fylgja han opp att. Og når han kjem hit, skal han setja seg på kongsstolen min og vera konge i min stad; for det er han eg har etla til fyrste over Israel og Juda.»

Då tok Benaja Jojadason til ords og sa til kongen: «Ja, så skal det vera! Gjev Herren din Gud må stadfesta det du seier, herre konge! Gjev Herren må vera med Salomo som han har vore med deg, og gjera hans kongsstol endå større enn din, herre konge.»

Så gjekk dei ned, presten Sadok, profeten Natan, Benaja Jojadason og livvakta. Dei lét Salomo ri på muldyret åt kong David og førte han ned til Gihon-kjelda. Presten Sadok hadde teke med seg oljehornet frå Herrens telt, og no salva han Salomo. Dei bles i horn, og alt folket ropa: «Leve kong Salomo!» Så fylgde heile hopen han opp att. Dei spela på fløyte og jubla høgt. Det var så jorda reint ville rivna av lyden. (1. Kong 1,32-40)

Sjå også

Nynorsk liturgi i 100 år

Det er 100 år sidan nynorsk språk blei godkjent til bruk i Den norske kyrkja. Dei nynorske utgåvene av Tekstbok og Altarbok blei godkjende ved ein kongeleg resolusjon 28. oktober 1907, fortel Avisa Hordaland.

Eg har (sjølvsagt) fått tak i dette via BlixBlog, bloggen som er tileigna han som meir enn nokon annan arbeidde for nynorsken i kyrkja.

For å markera dei 100 år på liturgisk vis, tar eg med den nynorske teksten til Den apostoliske truvedkjenninga, ein viktig liturgisk tekst:

Eg trur på Gud Fader, den allmektige,
som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus,
Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den Heilage Ande,
fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde og vart gravlagd,
fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå
og døma levande og døde.

Eg trur på Den Heilage Ande,
ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen
og evig liv. Amen.

Den norske kyrkja er nå inne i ei omfattande gudstenestereform som vil gje oss nye liturgiar, sjølvsagt også på nynorsk.

torsdag 25. oktober 2007

Joel

Joel Joel hadde preika då eg var på gudsteneste i Immanuelskyrkja i Tel Aviv for få veker sidan. Nå kjem han hit og skal tala på møte på Fredheim Arena i Sandnes onsdag 31.10 kl 19.00

Det var spennande å høyra Joel si forkynning og å få eit møte med han etter gudstenesta. Joel var tidlegare ortodoks jøde. Nå er han messiansk jøde. Han opna seg for trua på Jesus som Israels Messias gjennom lesing av GT! I dag arbeider han i organisasjonen Jews for Jesus. Dessutan er han med i leiinga i den messianske forsamlinga i Immanuelskyrkja.

Preika eg fekk med meg, tok utgangspunkt i Matt 22,34-46. Han hadde følgjande disposisjon:

  • What Jesus asks of us - a relationship with God - So what ...?
  • Who Jesus Messiah is - both Lord and Son - So what ...?
  • How Jesus reveals Himself - So what ...?

Odd_ivar_og_kristin_i_gamle_jaffa_2 Eg skulle gjerne ha vore på Fredheim Arena denne kvelden. Dessverre kolliderer det med at eg er på landsstyremøte i Sandefjord! Men eg vil svært gjerne anbefala møtet for lesarar i Stavanger / Sandnes / Jærregionen.

For dei som kjenner Kristin og Odd Ivar (biletet) vil eg seia at møtet er eit must! Biletet av dei to, som nå arbeider i Immanuelskyrkja, er frå ei samling gruppa vår hadde saman med dei i parken i Gamle Jaffa etter den nemnte gudstenesta. Der fortalde dei to om korfor dei er i Tel Aviv og om kva oppgåver dei har i kyrkja. 

onsdag 24. oktober 2007

Kristne i Tyrkia

Eg har tidlegare skrive om kristne sin situasjon i Tyrkia. Her kjem fersk informasjon, henta frå Dagen:

– De kristne i Tyrkia blir ikke utsatt for angrep, forsikret landets president, Abdullah Gul i en tale til Europarådet 3. oktober. Virkeligheten de kristne opplever er imidlertid en langt annen.

– Det siste året har det vært enormt med trusler mot de kristne menighetene og kirkene i Tyrkia, heter det i en rapport fra den tyrkiske alliansen av protestantiske kirker. (les meir)

Jesus and Archaeology

Moderne arkeologi kan fortelja oss svært mykje om den verda Jesus levde i. Lesarar av denne bloggen vil vita at eg er opptatt av kva arkeologien kan seia oss, og at eg syns dette både er interessant og viktig. Derfor las eg med interesse Christianity Today si bokmelding A Grounded Faith, der NT-professor Gary M. Burge melder boka Jesus and Archaeology (red: James Charlesworth).

Boka grev djupt (!) for å gje bibelsk innsikt, skriv Burge, og konkluderer slik:

Charlesworth does not address the Cameron film, but he does show us what applied New Testament archaeology really looks like and how it can be of genuine use to interpreters of the Bible. No, this is not a book for beginners. However, those with some background will find it a gold mine of cultural information that will mentor them in reading the Gospels contextually.

laurdag 20. oktober 2007

Martyren Rami

For to veker sidan blei leiaren for Bibelselskapet sin bokhandel i Gaza kidnappa og drept. Rami Ayyad (30) blei drept for si kristne tru og han er såleis ein martyr i vår tid. Dette er eit hardt slag for den kristne minoriteten i dei palestinske områda og spesielt for Det Palestinske Bibelselskapet. Aller verst er det sjølvsagt for den hardt ramma småbarnsfamilien som sit igjen etter ugjerninga! 

Dagen etter at det var skjedd, var eg på gudsteneste i Immanuelskyrkja i Tel Aviv. Der blei det informert om drapet og det var forbøn for og kollekt til familien hans. Det er fint å oppleva at det er kontakt og omsorg mellom messianske jødar og kristne palestinarar!

Seinare i veka hadde gruppa vår eit møte med Karin Riska, som er norsk utsending (frå Frikyrkja) og som arbeider i Det Palestinske Bibelselskapet. Det blei eit sterkt møte med henne. Me fekk høyra meir om kva som var skjedd og om koss dette påverkar arbeidet i Bibelselskapet. Elles fekk me høyra meir om det viktige arbeidet deira i Gaza, i Aust-Jerusalem og på Vestbreidda.

Karin skriv på bloggen sin:

Vi er i sjokk og kan ikke annet enn å vende oss til Gud med vår sorg, fortvilelse og mange spørsmål. Rami var en trofast Guds tjener i Gaza, han spredde rundt seg med fred, håp, varme, lys og glede, i et område som ellers er sterkt preget av mørke. Hans kjærlighet og nød for Gazas befolkning var stor. Han var også en svært god familiemann. Han etterlater seg en gravid kone og 2 sønner på 10 mnd og 2 1/2 år. Vær med og omslutt dem i bønn. (les meir)

Det Palestinske Bibelselskapet skriv på nettsida si:

Rami Ayyad, 30, manager of the Bible Society bookshop in Gaza, was kidnapped on Saturday near his home in Gaza City. His body was later found near the Islamic University on Sunday morning.

It is not known who is responsible for the killing. The attack comes six months after the Palestinian Bible Society bookshop was bombed, causing significant damage.

Mr Ayyad leaves a pregnant widow, Pauline, and two children; George (2yrs) and Wisam (9months).

The staff at the Palestinian Bible Society work against a constant backdrop of violence and conflict. They face the threat of attack daily. But they are dedicated to demonstrating the Bible’s life-changing message to the Palestinian people.

Rami was no different, and the bookshop he ran was an oasis in Gaza City. His death is a tragedy. During the last two months, Rami received direct threats to his life, and was challenged to refuse his faith. (les meir)

Gangbrua til Mughrabiporten

Rampen_opp_til_mughrabiporten_09102 Eg kom dessverre ikkje opp på tempelplassen i Jerusalem denne gongen. Staden var bare open for muslimar den veka eg var i byen, så vidt eg forstod på grunn av heilagdagar i samband med avslutninga av ramadan.

Viss tempelplassen hadde vore open, skulle me gått opp den midlertidige rampen som er vist på biletet. Den blei sett opp etter at den gamle gangbrua på staden for få år sidan blei øydelagt i uver. Brua går opp til Mughrabiporten, den einaste israelsk-kontrollerte inngangen til tempelplassen, og også den porten som er open for ikkje-muslimar.

Det er planar for ei ny permanent gangbru opp til porten. The Jerusalem Post skreiv denne veka om desse planane (her).

Utgravingar_ved_mughrabiporten_12_2 Eg har tidlegare i år skrive om uroen som har vore omkring gangbrua og om dei arkeologiske utgravingane som pågår rundt den (her og her). I forrige veke kunne eg sjølv sjå staden og tok blant anna desse bileta. Det første biletet viser den midlertidige rampen som går opp til porten. Dei arkeologiske utgravingane pågår under den mørke teltduken. Det andre biletet viser kor mykje (eller lite) det foreløpig er mulig å sjå av desse utgravingane.

fredag 19. oktober 2007

Ein tur i Davidsbyen, del 1

The_stepped_stone_structure_2 Turen rundt i Davidsbyen sist søndag var svært interessant. Eg hadde vore der ein gong før, men då gjekk eg gjennom området utan guide og utan å ha lese meg opp på staden. Nå var eg betre førebudd og hadde dessutan Birre, vår gode guide, med.

Biletet viser det som arkeologane kallar The stepped stone structure i det bratte henget på austsida av Davidsbyen. Denne enorme støttemuren er frå jebusittisk tid (truleg ca 1200 f. Kr.) og den stod altså der allereie då David inntok byen:

"Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen. (...) David slo seg ned i borga og kalla henne Davids-byen." (2. Sam 5,7 og 9).

"Veit arkeologane nå kvar kong David sitt palass låg?" spurte eg. "Ja, dei reknar med at dei har funne det", fekk eg til svar. Dei siste åra har det vore omfattande utgravingar rett ovanfor The stepped stone structure, under bygningane du ser på biletet. Eg såg så vidt inn under det brune huset, og såg rett inn i utgavingsområdet. Brosjyren over Davidsbyen fortel at desse utgravingane har pågått sidan 2005 og at dei er leia av dr. Eilat Mazar. Det går nok enda ei god tid før arkeologane er ferdige med arbeidet og kan opna området for publikum. Det faktum at det framleis bur folk i området, gjer også at ein ikkje kjem til alle stadar.

Før me begynte turen rundt i Davidsbyen, gjekk me forresten opp på utsiktspunktet på taket av Beit Hatsofeh. Her var det god oversikt. Etterpå gjekk me inn i bygningen og såg 3D-film over byen si utvikling. Fascinerande!

Davidsbyen

Jerusalemsmodellen Den eldste delen av Jerusalem blir kalla Davidsbyen. Kong David inntok byen (som alt då var fleire hundre år gamal) ca år 1000 f. Kr. og gjorde den til hovudstad i riket sitt. Jødane har altså ein 3000-årig historie i Jerusalem. I dag er det stor arkeologisk aktivitet i denne delen av byen, og det blir gjort viktige funn som viser koss byen fungerte og såg ut i gamaltestamentleg tid.

Biletet viser Jerusalemsmodellen som er plassert på Israel Museum. Modellen viser byen på Jesu tid. Davidsbyen ligg på høgdedraget som kjem mot oss, rett nedanfor tempelet som ligg sentralt i biletet. (Biletet blir større viss du klikkar på det).

Den offisielle brosjyren for Davidsbyen ønskjer velkomen til staden på denne måten:

Welcome to the City of David National Park

You are about to enter the ancient heart of Biblical Jerusalem, where the Kingdom of Israel first emerged onto the stage of history. We will roam among the walls and towers of the city of David and recall King David's exciting conquest of the city from the Jebusites. At the Gihon Spring we will see the site where the great Solomon was anointed and where Hezekiah cut the remarkable Siloam tunnel out of the rock. If you listen carefully, you may hear the words of the prophets Isaiah and Jeremiah whispered among the ruins, their ideas of justice and morality echoing through time. The area you are entering is relatively small, but remember: Biblical Jerusalem has had more impact on mankind than any other city in the world! The City of David is the place where it all began ...

Sjå òg nettstaden til The City of David.

torsdag 18. oktober 2007

Evangelisten Lukas

Det er evangelisten Lukas sin dag i dag. Kvar evangelist har si vinkling på forteljinga om Jesus. Eg vil i kveld bare peika på eit par innhaldsmessige særtrekk ved Lukasevangeliet:

Lukas er for det første spesielt opptatt av å fortelja om Jesu kjærleik til dei som fall utanfor det gode selskap. Han er den evangelisten som skriv om koss Jesus tilgav kvinna som levde eit syndefullt liv (7,36-50). Han gjengir Jesu forteljing om den ventande faren sin kjærleik til den bortkomne sonen (15,11-32), han er den som tar med historia om Jesu møte med tollaren Sakkeus (19,1-10) og om røvaren som i siste stund på korset fekk løfte om bli tatt inn i Guds rike (23,39-43).

Lukas er for det andre spesielt opptatt av å visa at Jesus gjennom heile livet var prega av eit tillitsfullt forhold til Gud som Far. Han fortel om at Jesus alt som 12-åring kjente på behovet for å vera "i huset åt Far min" (2,49). I lidingshistoria møter med dette forholdet først i Getsemane (22,42), vidare i bøna då han blei korsfesta: "Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer" (23,34). Til sist døyr Jesus med orda "Far, i dine hender gjev eg mi ånd" (23,46).

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja