Det er evangelisten Lukas sin dag i dag. Kvar evangelist har si vinkling på forteljinga om Jesus. Eg vil i kveld bare peika på eit par innhaldsmessige særtrekk ved Lukasevangeliet:
Lukas er for det første spesielt opptatt av å fortelja om Jesu kjærleik til dei som fall utanfor det gode selskap. Han er den evangelisten som skriv om koss Jesus tilgav kvinna som levde eit syndefullt liv (7,36-50). Han gjengir Jesu forteljing om den ventande faren sin kjærleik til den bortkomne sonen (15,11-32), han er den som tar med historia om Jesu møte med tollaren Sakkeus (19,1-10) og om røvaren som i siste stund på korset fekk løfte om bli tatt inn i Guds rike (23,39-43).
Lukas er for det andre spesielt opptatt av å visa at Jesus gjennom heile livet var prega av eit tillitsfullt forhold til Gud som Far. Han fortel om at Jesus alt som 12-åring kjente på behovet for å vera "i huset åt Far min" (2,49). I lidingshistoria møter med dette forholdet først i Getsemane (22,42), vidare i bøna då han blei korsfesta: "Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer" (23,34). Til sist døyr Jesus med orda "Far, i dine hender gjev eg mi ånd" (23,46).
Comments