Eg kom dessverre ikkje opp på tempelplassen i Jerusalem denne gongen. Staden var bare open for muslimar den veka eg var i byen, så vidt eg forstod på grunn av heilagdagar i samband med avslutninga av ramadan.
Viss tempelplassen hadde vore open, skulle me gått opp den midlertidige rampen som er vist på biletet. Den blei sett opp etter at den gamle gangbrua på staden for få år sidan blei øydelagt i uver. Brua går opp til Mughrabiporten, den einaste israelsk-kontrollerte inngangen til tempelplassen, og også den porten som er open for ikkje-muslimar.
Det er planar for ei ny permanent gangbru opp til porten. The Jerusalem Post skreiv denne veka om desse planane (her).
Eg har tidlegare i år skrive om uroen som har vore omkring gangbrua og om dei arkeologiske utgravingane som pågår rundt den (her og her). I forrige veke kunne eg sjølv sjå staden og tok blant anna desse bileta. Det første biletet viser den midlertidige rampen som går opp til porten. Dei arkeologiske utgravingane pågår under den mørke teltduken. Det andre biletet viser kor mykje (eller lite) det foreløpig er mulig å sjå av desse utgravingane.
Comments