Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« august 2007 | Main | oktober 2007 »

søndag 30. september 2007

Om englar og mikkelsmess

Mikkelsmess er alle englars dag i kyrkjeåret. Det har vore mykje snakk om engletru dette året, etter at prinsessa sin såkalla engleskule blei kjent. "Trur du på englar?" spurte VG lesarane i sommar, og så vidt eg huskar svara 40 % av "det norske folk" ja på dette. Men kva betyr det eigentleg å tru på englar?

Eg trur på englar. Eg trur at dei er himmelske vesen som kan bli synlege når Gud har noko viktig på gang. Og eg har mi personlege englehistorie som eg stort sett held for meg sjølv som ein verdifull skatt i mi eiga livs- og trushistorie.

Men viktigare enn dette er dei bibelske historiene om englane si oppgåve som bodberarar for Gud. Tenk f eks på englane sin plass i forteljingane om Jesu fødsel og om hans død og oppstode. Og tanken på at englane har med Guds omsorg å gjera, er heilt naturleg ut frå Bibelen sin tankegang.

Jesus sa: Ta dykk i vare så de ikkje ser med forakt på ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Dei har sine englar i himmelen som alltid ser andletet til min himmelske Far. (Matt 18,10)

Den norske kyrkja har dei seinare åra tatt fram igjen markeringa av Mikkelsmess som alle englars dag. Den gamle festdagen blei ikkje avskaffa i reformasjonen, men faktisk under ein statleg reduksjon av kristne heilagdagar i 1770. Den eigentlege datoen for Mikkelsmess er 29. september, og dei kyrkjelydane som ønskjer å markera dagen, gjer dette på den søndagen som fell nærast, altså i dag.

"- Når kirken ønsker å fornye tradisjonene med Mikkelsmess, er det ut fra en tro på englene som Guds budbærere til oss mennesker, sier Åge Haavik, Kirkerådets rådgiver for liturgiske spørsmål. - Englene fortjener oppmerksomhet når Guds virkelighet skal utfoldes for menigheten gjennom kirkeåret. Mikael-skikkelsen har i den kristne tradisjon stått som frontfigur for kampen mot ondskapens krefter."

(...)

"- I vår tid ser vi en sterk oppblomstring av interesse for engler både i litteratur og film, sier Åge Haavik. - Men da har man ofte forlatt det bibelske materialet som utgangspunkt for tanker og forestillinger. Her er interessen for engler noe som fyller tomrommet etter et hundreårig rasjonalistisk kvelertak på den vesterlandske kultur. I og med bortfallet av Mikkelsmess kommer englenes rolle svært sjelden til uttrykk i forkynnelsen. Englenes verden hører åpenbart med til det bibelske verdensbildet, selv om dette er en skjult del av virkeligheten. Likevel er dette en del av virkeligheten som kirken lenge har overlatt til andre å si noe om. Dermed ligger feltet åpent for alskens spekulativ overtro." (Les meir)

tysdag 25. september 2007

Ei natt i Troas

Når eg les dagens bibelord, ser eg for meg eit varmt lokale med mykje folk, sterke kjensler og tett os frå mange oljelamper. Teksten gir eit uventa glimt inn i den første kristne misjonsverksemda. Me møter Paulus som forkynnar (med lange talar) og som omsorgsfull kristen leiar, på gjennomreise i Troas i dagens Tyrkia.

Teksten fortel om kor opptatt Paulus var av å forkynna Ordet og å samla sine medkristne rundt Bordet (nattverdsmåltidet). Eg trur både han og tilhøyrarane hans gløymde tid og stad den kvelden og natta. Og den unge Evtykos hadde nok funne den beste plasseringa av alle, der han sat i vindauget og trakk frisk luft. Bare så synd at han somna og fall ned tre etasjar ...

Teksten fascinerer meg. Den seier meg noko om intensitet og fellesskap blant dei første kristne. Og midt i dette får me høyra om eit fantastisk Guds under, på gata i Troas.

Her er teksten:

Første dagen i veka var vi samla for å bryta brødet. Paulus tala til dei, og han heldt på heilt til midnatt, sidan han skulle reisa dagen etter. Det var mange lamper i den salen ovanpå der vi var samla. Ein ung gut som heitte Evtykos, sat i vindauget. Då Paulus tala så lenge, fall han i djup søvn og datt ut gjennom vindauget frå tredje høgda. Han var død då dei tok han opp. Men Paulus gjekk ned, bøygde seg over han, slo armane kring han og sa: «Ver ikkje redde! Det er liv i han.» Så gjekk han opp att, braut brødet og åt, og tala endå lenge, heilt til det lysna. Då drog han av stad. Dei leidde guten heim i live, og det var til useieleg trøyst for dei. (Apg 20,7-12)

måndag 24. september 2007

Herodes sitt steinbrot

001_vestmuren Arkeologar meiner dei har funne eit steinbrot som blei brukt då Herodes den store bygde tempelet og tempelplassen i Jerusalem. Dette blei offentleggjort i israelske medier i går. Steinbrotet ligg ca 4 km nordvest for Gamlebyen i Jerusalem.

Herodes sitt tempel blei øydelagt då romarane tok Jerusalem i år 70. Men dei nedre delane av muren rundt tempelplassen ligg framleis der og viser dei enorme dimensjonane det var over staden. Biletet viser Vestmuren ("Klagemuren"), som er ein del av desse murane.

Tempelet og tempelplassen spelar ei viktig rolle i NT. Dette var arena for det meste av Jesus si verksemd i Jerusalem, og det var også ein samlingsstad for apostlane og den første kristne kyrkja.

Her fortel arkeologen Yuval Baruch om steinane som blei hogd ut i steinbrotet:

The quarry's pristine white rock, which resembles marble, and its huge, five-to-seven-ton blocks "are unprecedented and similar to those of the Temple Mount," he said.

The huge stones were likely transported to the area of the Temple Mount by horses, camels, or masses of slaves, Baruch said, noting that part of an ancient main road to Jerusalem which was used for the immense operation was recently uncovered just 100 meters from the site of the quarry.

The use of these enormous high quality stones during the construction of the Temple Mount compound is what maintained the stability of the structure over thousands of years, without requiring the use of plaster or cement. (les meir)

(via BiblePlaces Blog)

Oppdatering 25.09: Sjå foto frå steinbrotet her. (via PaleoJudaica)

laurdag 22. september 2007

Jom Kippur

Jødane feirar i dag Jom Kippur, den store forsoningsdagen. Dette er kanskje den aller viktigaste heilagdagen deira. Bakgrunnen finn me blant anna i 3 Mosebok 16:

Dette skal vera ei evig lov for dykk: Den tiande dagen i den sjuande månaden skal de fasta og ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd og fostra i landet, eller innflyttaren som bur mellom dykk. For den dagen skal det gjerast soning for dykk, og de skal reinsast for alle syndene dykkar, så de vert reine for Herren. (3 Mos 16,29-30)

I bibelsk tid var offertenesta svært viktig i jødisk tru. Øvstepresten gjorde daglege offer for folket, og på Jom Kippur gjekk han inn i det aller heilagste og skvetta blod på "soningsstaden". På denne dagen blei også folket sine synder lagt over på ein bukk som blei sendt ut i ørkenen som syndebukk! Sjølv om desse skikkane er borte i moderne jødedom, er Jom Kippur framleis ein svært viktig dag i jødisk tru og tradisjon, med vekt på faste og bøn.

Dei messianske jødane (jødar som trur at Jesus er Messias) markerer også den store forsoningsdagen, og dei nyttar høvet til å forkynna at forsoninga har fått ein heilt ny dimensjon gjennom Jesu død og oppstode.

Continue reading "Jom Kippur" »

17. søndag etter pinse

Førstkomande søndag er 17. søndag etter pinse. Denne søndagen blir ofte kalla hausten sin påskedag. Temaet for dagen er oppstoda til nytt liv. Preiketeksten for dagen er fortellinga i Johannesevangeliet om då Jesus vekte opp den døde vennen Lasarus.

Denne teksten inneheld desse orda som Jesus seier til Marta, Lasarus si syster: "Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?"

Continue reading "17. søndag etter pinse" »

fredag 14. september 2007

16. søndag etter pinse

Israel_oktober_2006_072 Førstkomande søndag er 16. søndag etter pinse. Preiketeksten er henta frå den delen av Matteusevangeliet som blir kalla Bergpreika (kap 5-7). Teksten handlar om at me gjennom trua på ein omsorgsfull Gud skal få sleppa å vera urolege for morgondagen.

Biletet er henta frå Saligprisingskyrkja på eit høgdedrag over Gennesaretsjøen.

Her er preiketeksten frå Matt 6,24-34:

Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon. Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! Difor må de ikkje vera urolege og seia: 'Kva skal vi eta?' eller 'Kva skal vi drikka?' eller 'Kva skal vi kle oss med?' For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.

Dei to andre bibeltekstane som høyrer til 1. tekstrekke for denne søndagen, er 1. Kong 17,8-16 og Gal 5,25-6,5.

onsdag 12. september 2007

Stiftskapellan/rådgjevar

Eg har denne veka begynt i vikariatet som stiftskapellan/rådgjevar i Stavanger bispedøme. Dei næraste dagane skal eg vera med på visitas i Dalane prosti. Vikariatet varer i fem månadar og eg har permisjon frå soknepreststillinga på Bryne i denne perioden.

måndag 10. september 2007

Ehud Netzer om Herodes' grav

Herodes den store si grav blei, som tidlegare omtalt, funne på Herodion tidlegare i år (sjå her). Utgangspunktet for leitinga har vore dei skriftlege kjeldene (Josefus) og det store bygningskomplekset som ligg ute i ørkenen sør for Jerusalem.

Josefus skriv:

Han sparte ingenting når det gjaldt farens begravelse. Katafalken var av gull med innlagte edelsteiner, og legemet var kledt i fiolett. En gullkrone stod på hans hode, og han hadde et septer i sin høyre hånd. Omkring katafalken marsjerte Herodes´sønner og hans tallrike slektninger. De ble fulgt av vaktene, fremmede tropper og hæren. Foran dem gikk hærførerne og offiserene. Fem hundre tjenere som bar velluktende urter, fulgte etter i toget mot Herodion der begravelsen fant sted. (Sitert frå Paul L Maier: Josefus hovedverk s 256).

Etter fleire års leiting kunne den israelske arkeologen Ehud Netzer 8. mai i år kunngjera at grava var funnen i restane av eit mausoleum i det øvre Herodion. Teamet som har arbeidd på staden, har gått ut frå at han var gravlagt ein stad på det nedre Herodion, og først for omlag eit år sidan begynte ein å sjå etter kor grava kunne liggja viss den låg i den øvre delen av det enorme anlegget.

Her kan du lesa eit ferskt intervju med Ehud Netzer om det interessante gravfunnet.

Continue reading " Ehud Netzer om Herodes' grav" »

søndag 9. september 2007

Gamaltestamentleg honning

Eg likar honning! Dette har eg truleg felles med folket som levde i Israel for snart 3000 år sidan. I sommar har arkeologar funne bikuber frå ca år 900 f. Kr. i utgravingane i Tel Rehov i nærleiken av Bet Shean. Dette er truleg dei eldste bikubene som nokon gong er funne, og dei viser at folket den gong dreiv med avansert birøkt.

Continue reading "Gamaltestamentleg honning" »

Imponerande dreneringskanal

Det har i dag blitt kjent at eit lengre stykke av ein imponerande dreneringskanal frå tida før år 70 er oppdaga under Davidsbyen i Jerusalem. Byen har verkeleg hatt ein godt utbygd infrastruktur! Sjå eit flott bilete her.

Dei omfattande underjordiske dreneringskanalane er kjent frå Josefus si skildring av beleiringa i år 70 i Den jødiske krig. Han fortel at mange søkte tilflukt i dreneringssystemet før dei greidde å flykta gjennom den sørlege byporten.

Continue reading "Imponerande dreneringskanal" »

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja