Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

su ty on to fr la
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« juli 2007 | Main | september 2007 »

fredag 31. august 2007

Ord

"- Det er ingen som skriv som Heidi!"

Det var konklusjonen her i stova då Inger og eg las hennar siste innlegg på Andedräkt. Og det er vel nettopp derfor Heidi er henta inn som språkleg medarbeidar i gudstenestereforma i kyrkja.

Eg tillet meg å sitera noko av det ho skriv:

Nå sit eg her og prøvar å laga liturgiske bøner. Det er vanskeleg og arbeidskrevjande. Eg filer på orda. Eg stryk ut og skriv på ny. Eg flytter på eit ord og les det hundre gonger før eg skiftar det ut med eit heilt anna ord.

Orda blir så tunge når dei skal stå i ein slik samanhang. Dei blir så annleis enn dei fjørlette orda eg slynger ut frå andedrakt i store mengdar i løpet av nokre minutt.

Ord som skal talast på vegne av mange andre, og vurderast eitt for eitt av ein gjeng eksperter. Det er litt skremmande. Samtidig som det er heilt ufarleg for ord er jo til sjuande og sist ikkje meir enn ord. Og får eg ikkje til det eg prøver å få til så har eg likevel prøvd og lært... (les meir)

Odd Ivar og Kristin

Bloggen Odd Ivar og Kristin er nå oppe og går, skriven frå Tel Aviv. Eg har tidlegare nemnt om at dei skulle reisa dit som voluntørerer i Immanuelskyrkja. Nå gleder eg meg til å følgja med på koss det går med dei.

Odd Ivar og Kristin har denne herlege sjølvpresentasjonen på bloggen:

Vi er et herlig ektepar som opprinnelig bor på Bryne. For tiden befinner vi oss i Immanuelkirken i Tel Aviv - Yafo.

(via Bjørnar Tollaksen)

14. søndag etter pinse

Førstkomande søndag er 14. søndag etter pinse. Tema for dagen er utfordringa til nestekjærleik. Preiketeksten er Jesu kjente forteljing om den miskunnsame (bokmål: barmhjertige) samaritanen.

Her på Bryne skal me ha konfirmasjon for sommarkonfirmantane. Eg håper regnet gir seg før søndagen, så ungdomane kan få ein konfirmasjon i fint ver. Men mykje viktigare er likevel det som skjer i kyrkja, der forbøna for den enkelte står i sentrum.

Her er bibelteksten eg skal preika over:

Den miskunnsame samaritanen

Då steig det fram ein lovkunnig. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» «Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Kva les du der?» Han svara: « Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.» Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.» Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?» Jesus tok dette opp og sa:
        «Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød.
Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: 'Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.'
   
Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?» «Den som synte miskunn mot han,» svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.» (Luk 10,25-37)

Samaritanarane var eit folk som budde tett på jødane, men som hadde si eiga gudsdyrking. Jødane heldt dei for ureine og det var fiendskap mellom dei to folkegruppene. Ordforklaringane bak i NT05 peiker på at det var oppsiktsvekkjande at Jesus nemner samaritanarar som førebilete her i denne teksten og i Luk 17,11-19, og peiker også på at Jesus i Joh 8,48 sjølv blir kalla ein samaritan av motstandarane sine! Etter Apg 8,4-25 tok innbyggjarane i Samaria tidleg imot den kristne forkynninga.

Continue reading "14. søndag etter pinse" »

onsdag 29. august 2007

Graving på Tempelplassen

"Dei skulle brukt tannbørste, ikkje bulldosar". Det er den israelske arkeologen Gabriel Barkay som er oppbrakt og som i dag seier dette til BBC om muslimane si graving på Tempelplassen i Jerusalem (les meir).

Enda ein gong har det altså blitt uro omkring forvaltninga av denne viktige staden. Nå er det israelske arkeologar som reagerer på at muslimane graver ein grøft for å leggja ned nye straumledningar. Sist eg skreiv om slik uro, var det muslimar som reagerte på israelske arbeid i samband med bygging av ny gangbru opp til plassen (sjå her og her).

Sjølv om det først og fremst er jødane og muslimane som kjem opp i slike konfrontasjonar, er Tempelplassen svært viktig også i ein kristen samanheng. Både pga staden sin sentrale posisjon i GT og pga at Jesus var svært knytt til denne staden. I følgje NT var det først og fremst her han oppheldt seg når han var i Jerusalem. Mange tekstar i evangelia fortel om kva Jesus gjorde og sa på Tempelplassen.

Reuters skriv også om saka i dag. Her er eit utdrag:

It is appalling that in one of the most important archaeological sites in the country, heavy machinery is used in a barbaric way to dig a ditch 120 metres long and 1.5 metres deep," said Gabriel Barkay, an archaologist at Bar-Ilan University near Tel Aviv.

He and other members of the Israeli-based Committee Against the Destruction of Antiquities on the Temple Mount, have criticised Israel's Antiquities Authority for allowing the Waqf, the Muslim caretakers of the site, to conduct the work.

Dalit Menzin, a spokeswoman for the Antiquities Authority, an Israeli government agency, declined to comment.

Sheikh Abdel al-Azeem Salhab, president of the Waqf Council, which is charged with day-to-day administration of the compound, denied the digging would cause any archaeological damage. (les meir)

(via PaleoJudaica og Porten til Midt-Østen)

Oppdatering 30.01:

PaleoJudaica har ein ny artikkel med utdrag frå fleire israelske medier som omtalar gravinga, og som gir meir informasjon, f eks dette:

On Thursday, Israeli archaeologist Zachi Zweig said a tractor used to dig the trench damaged the foundation of a 7-yard-wide wall "that might have been a remnant of the Second Temple."

Zweig said his group, the Public Committee Against the Destruction of Antiquities on the Temple Mount, drew that conclusion because of the location of the damaged foundation.

"We saw the damage for ourselves and documented it," he said.

The Second Temple was built by Cyrus the Great of Persia in 515 B.C. and destroyed by the Romans in 70 A.D.

The tractor dug a trench that was 4 feet deep, Zweig said.

"The bedrock at this location is very shallow, so there is a high probability that ancient remnants were damaged," he added. (les meir)

Vern av Oljeberget

Oljeberget_oktober_2006 Biletet viser ein del av dei store områda med jødiske graver på Oljeberget i Jerusalem. Knesset arbeider for tida med tanken på å verna området, ikkje minst på grunn av alle gravene. Dette er ein tanke eg forstår godt; gamle gravstadar er viktige minnesmerke, både religiøst og kulturelt. Men eg reknar likevel med at prosjektet kan bli kontroversielt i dagens Israel sidan Oljeberget ligg i det arabiske Aust-Jerusalem.

Arutz-7 skriv:

The Knesset has taken the first step towards legislating the establishment of a new national authority that will preserve, rebuild and protect the ancient Mt. of Olives cemetery.  The bill has passed its preliminary reading, and is being prepared for its additional readings.

The legislation is sponsored by MK Aryeh Eldad (National Union). "Mt. of Olives has been a national site of the Jewish People since the days of the First Holy Temple [which was destroyed 2,500 years ago - ed.]," Eldad explained, "and continues now to be a historic and holy site of primary importance."

Without a national body coordinating efforts on the site's behalf, "there is no one to preserve it, and no one to prevent illegal construction and vandalism there." 

Mt. of Olives overlooks the Old City of Jerusalem and the Temple Mount, and its summit is crowned by the Intercontinental Hotel. An estimated 20,000 gravesites remain in the ancient cemetery, out of some 70,000 - according to the lower estimates - that were there before the Jordanians took control of the site in 1948. 

Continue reading "Vern av Oljeberget" »

søndag 26. august 2007

Konfirmantsvar til ettertanke

Sommarkonfirmantane i Bryne kyrkjelyd deltok i gudstenesta i dag, i samband med konfirmasjonen neste sundag. Desse konfirmantane har hatt mykje av opplegget sitt på KonfCampSkjærgårds i sommar. I denne samanheng må det nemnast at vêret på KonfCamp dessverre var svært dårleg, dei opplevde flaum i og rundt telta den første natta og blei derfor evakuerte til ein skule eit stykke frå festivalområdet.

Ungdomane har nå i august arbeidd skriftleg med å svara på mange spørsmål knytt til konfirmanttida og den kristne trua. Ut frå svara deira var det sett saman eit program som konfirmantane framførte i dag. Her skal eg ikkje gjengje alt det som blei sagt, bare ta med tre eksempel på svar som sette tankane i sving hos både meg og andre.

Kva var det viktigaste du lærte på KonfCamp?

- At du kan gå tusen skritt vekk frå Jesus, men det trengs bare et skritt for å koma tilbake. Og ein kan alltid få tilgivelse.

Førte det dårlege vêret til noko positivt?

- Ja, at folk fekk visa nestekjærleik!

Korleis kan me få hjelp til å leva som kristne?

- Me kan snakka med andre kristne folk og få høyra deira synspunkt og erfaringar. Me kan også få hjelp av kyrkja og Bibelen.

NT på nudansk

Eg set stor pris på den nye norske omsetjinga av Det nye testamentet (NT05). Nå melder Kristeligt Dagblad at det danske bibelselskapet om få månadar gir ut eit NT på moderne dansk, "hvor sproget er som i en almindelig bog" (les meir).

Så vidt eg forstår, går den komande danske utgåva lenger enn NT05 i moderniseringa av språket, for eksempel går ein visst vekk frå å nytta eit så sentralt bibelsk ord som nåde!

Her er Fadervår på nudansk:

”Far i himlen!
Lad dit navn blive helligt,
lad dit rige blive til virkelighed,
og lad det blive sådan som du vil have
– her på jorden ligesom det allerede er i himlen.
Giv os det brød vi har brug for i dag.
Tilgiv os vores skyld/Tilgiv os det vi har gjort forkert
ligesom vi har tilgivet andre.
Lad være med at sætte os på prøve,
men befri os fra ondskabens magt.
For du er Gud, du har magten, og vi vil altid hylde dig.
Amen”.

Continue reading "NT på nudansk" »

316 salmer og sanger

Eg har tidlegare omtalt Eyvind Skeie si planlagte salmebok. I dag lanserer han boka. På bloggen sin skildrar han følelsene då han fekk sjå det ferdige produktet:

"Straks måtte jeg krafse meg gjennom plasten og hente frem et eksemplar, snuse på det, veie det i hånden, åpne det med litt skjelvende hender og konstatere at det var fint. Ikke bare fint, forresten, men aldeles strålende, et lite grafisk smykke i blått, gull og grønt. Jeg bladet i boken og tittet på de 316 salmer, som representerer 316 ulike skapelsesprosesser og minst like mange følelser. Det var et stort og spesielt øyeblikk, med tanke på at de første av disse versene ble skrevet for nesten 40 år siden, og de siste på den andre siden av vår svinnende sommer." (les meir)

Haustferie i Jerusalem

Israel_oktober_2006_202 I tida 6.-16. oktober skal Inger og eg vera reiseleiarar for ein tur til Israel. Nå har det kome ein heil del påmeldingar, men det er ennå plass til fleire deltakarar.

Her er eit utdrag frå brosjyren for turen:

Bli med på ”ein annleis storbyferie” i Jerusalem, ein av dei mest spennande byane i verda! Byen har ei 3000-årig historie og den har ein heilt spesiell posisjon, både religiøst, politisk og kulturelt. Vi legg hovudvekta på stadar som er viktige i ein kristen samanheng og vi skal også møta menneske som står midt i eit viktig misjons- og forsoningsarbeid i regionen i dag. Vi skal bu sentralt i det jødiske Vest-Jerusalem, i gangavstand til Gamlebyen og til hovudgatene i den moderne delen av byen, og det vil også bli noko tid til å utforska sentrale delar av byen på eiga hand. I løpet av veka skal vi dessutan dra på to dagsturar, til Jaffa/Tel Aviv og Betlehem. Mot slutten av ferien forlèt vi storbyen og reiser til ørkenområdet nede ved Dødehavet. Der skal vi oppleva fascinerande natur og historie, og dessutan få høve til å bada både i det spesielle Dødehavet og i bassenget på hotellet.

Fullstendig program for turen finn du her.

laurdag 25. august 2007

Utgravingar i Tiberias

Tiberias er i dag den største byen ved Gennesaretsjøen. Byen blei grunnlagt av Herodes Antipas ca år 20 og var hovudstad i riket hans på den tid Jesus verka i området. Byen er nemnt i NT (sjå Joh 6,23), men det blir aldri sagt direkte at Jesus besøkte staden. Byen blei øydelagt i jordskjelv i 1033.

Tiberias var frå ca 235 eit viktig senter for utviklinga av rabbinsk litteratur. Men det var også kristne i byen. Eg skulle gjerne visst meir om forholdet mellom jødisk og kristen tru i byen på denne tida!

Eg syns derfor det er interessant at det nå i sommar har vore arkeologiske utgravingar i Tiberias, blant anna med funn av ei kyrkje som kan daterast til tida då den rabbinske skulen stod så sterkt i byen. Rapporten frå arkeologane hevdar at kyrkja, på grunn av korsa i mosaikken, må vera frå før år 427.

Her er ein omtale av funnet:

Three dedicatory inscriptions written in ancient Greek are incorporated in the mosaics. In one of the inscriptions, which were deciphered by Dr. Leah Di Signi of the Hebrew University of Jerusalem, is the line: "Our Lord, protect the soul of your servant..." [Our Lord=Jesus]

One of the mosaics is adorned with a medallion in which there is a large cross flanked by the letters alpha and omega, which are one of the monograms for Jesus (alpha to omega meaning from A to Z in Greek).

The church's remains were discovered adjacent to ancient public buildings among them a basilica, bathhouse, streets and shops that were exposed at the site in the past. Dr. Moshe Hartal and Edna Amos, the directors of the excavation on behalf of the Antiquities Authority, stated that this is the most ancient church to be uncovered in Tiberias and the only one that has been found in the center of the city.

According to Dr. Hartal, from the year 427 CE the Church issued a decree prohibiting the placement of crosses in mosaic floors in order to prevent them from being stepped on. "The presence of so many crosses in the floors of the church that was exposed here thus confirms the church dates to the period prior to the ban," he said.

Dei israelske arkeologane trekk også inn forholdet mellom jødisk og kristen tru i tolkinga av funna:

"The discovery of the church in the heart of the Jewish quarter disproves the theory that the Jews prevented the Christians from establishing prayer halls in the middle of the city," they added. (les meir)

Les offisiell israelsk informasjon (med eit par gode bilete) her.

Todd Bolen skriv om funnet i BiblePlaces Blog og han fortel at staden ligg sør for den moderne byen, like nord for Hammath Tiberias. Eg håper utgravingsområdet blir gjort ope og tilgjengeleg. I så fall satsar eg på å besøkja staden neste gong eg er i Tiberias!

Recent Comments

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja