Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

må. ty. ons to. fr. la.
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« Biskop Bjørn Bue | Main | Pavens bok om Jesus »

fredag 13. april 2007

Prest på nettet

- Bør prester henvende seg mer til folk på nettet? Burde enhver menighetsprest hatt sin egen blogg, for eksempel?

- Ja, jeg mener det. Men det krever at du går ned fra prekestolen. Du må være åpen for at det kommer synspunkter som ikke er politisk korrekte. Fra nettkirken.no får jeg et daglig åndelig budskap. De beste av disse tar utgangspunkt i hverdagen min, og så klarer de å "løfte opp" det til et budskap som betyr noe.

- Hva med å legge ut prekener?

- Det er helt greit. En skal bare være klar over at nettet har en annen form. En god preken egner seg i et kirkerom. Det er en en-til-alle-greie. På nettet er det i utgangspunktet korte tekster, mer rett på sak, det du lykkes med er det som har med dialog å gjøre. Tenk på You Tube. For to år siden var det ingen ting, nå er det verdens mest besøkte nettsted. Det handler om at folk gjerne vil dele med hverandre, det er mye viktigere enn å bli snakket til.

Det er Bjørn Tore Stig, "en ekte markedsfører", som uttaler dette i eit intervju om kommunikasjon, prestar og kyrkjelydar på nettet. Intervjuet står i Inter Collegas nr 2/2007, medlemsbladet til Presteforeninga.

Tidlegare denne veka hadde eg ein samtale med ein god ven og kollega om bloggen min. Kva skriv eg eigentleg om og korfor skriv eg om akkurat dette? Vel, det er ikkje så greit å svara heilt klart på det. For det første er det viktig å seia at eg trivst med bloggen og med skrivinga. Elles hadde eg ikkje brukt tid på dette. Eg skriv sjølvsagt om ting som opptar meg, men langtfrå om alt som opptar meg. Nokre ting skriv eg om fordi eg trur det interesserer andre. Men det hender vel også eg skriv om ting som kanskje først og fremst interesserer meg sjølv?

Det er i alle høve heilt sikkert at det er svært mykje eg ikkje skriv om. Eg ønskjer ikkje at bloggen skal vera privat og familiær, sjølv om det at eg er ein mann som lever i ein familiesamanheng, godt kan koma fram ein gong i blant. Eg skriv også relativt lite om prestetenesta i Bryne kyrkjelyd, fordi eg vil unngå at folk som eg arbeider blant, skal føla at dei blir omtalt på nettet. Men kanskje eg likevel kunne funne ein form for småartiklar om prestetenesta, der eg oftare kunne skriva om ting som opptar meg utan om å omtala andre?

Du som er lesar, vil ha oppdaga at eg skriv mykje om den faglege interessa mi for bibelsk arkeologi, historie og geografi. Dette er stoff som eg koplar av med å arbeida med, og som eg sjølv føler eg lærar mykje av å skriva om. Dessutan er det jo fint å oppdaga at det faktisk er mange som les dette stoffet og syns det er interessant, sjølv om tekstane ikkje alltid er korte.

Comments

Det er jo interessante problemstillingar. Er visjonen din først og fremst at du skriv som prest? På bloggen min er det ikkje naturleg å tenkja at eg skriv som lærar, men det blir liksom noko heilt anna. Eg er forresten relativt redd for å trekkja inn ting som skjer i den utrulege levande delen av livet mitt som heiter jobb, fordi eg føler eg må halda meg trygt unna det som kan koma i konflikt med teieplikta. Sjølv er eg glad i å lesa bloggar, og eg deler gjerne med meg av mitt liv som menneske, sjølvsagt innan grenser eg må definera for meg sjølv.
Kva skal ein dela med andre og ikkje? Det kan vera vanskelege å vita, synest eg, sidan livet mitt akkurat som ditt er tett hekta opp i andre sine liv. Dette er ting det hadde vore spennande å diskutera med andre bloggarar.

I presentasjonen øvst til venstre er eg ganske tydeleg på at eg er teolog og prest. Setninga om at "bloggen er ei blanding av ein fagleg blogg og ein meir personleg blogg", formulerte eg for lenge sidan og eg trur påstanden framleis gir eit rett bilete av bloggen.

Teieplikta er heilt grunnleggjande også i mitt yrke. Men det er likevel mange problemstillingar knytt til prestetenesta eg kunne ha skrive om, utan at det trengte bli problematisk. Inntil nå har eg likevel heller skrive popularisert fagleg stoff enn tekstar direkte knytt til den konkrete tenesta eg står oppe i. Og eg trur ikkje eg er innstilt på å endra profilen på bloggen radikalt.

Ja, eg mistenkte deg ikkje ein augneblink for å ta lett på teieplikta. Og eg trur det trengst prestar på nettet. Og andre vaksne. :-)

Verify your Comment

Previewing your Comment

This is only a preview. Your comment has not yet been posted.

Working...
Your comment could not be posted. Error type:
Your comment has been saved. Comments are moderated and will not appear until approved by the author. Post another comment

The letters and numbers you entered did not match the image. Please try again.

As a final step before posting your comment, enter the letters and numbers you see in the image below. This prevents automated programs from posting comments.

Having trouble reading this image? View an alternate.

Working...

Post a comment

Comments are moderated, and will not appear until the author has approved them.

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja