Sukk, kjedebreva eksisterer også i bloggeverda, i denne omgang i form av tikken. Eg blei nyleg tikka av Bjørnar, som heller ikkje likar denslags, men som til nøds sender leiken vidare pga det positive trekket at den som deltar, skal skriva seks rare ting om seg sjølv. Eller for å bruka hans formulering: "juicy historier om sine merkelige og ofte skjulte sider."
Eg likar ikkje kjedebrev og har ikkje lyst til å senda slikt vidare til mine kontaktar på nettet. Det har eg felles med Bjørnar. Eg vel derimot ei anna løysing på saka: Eg deler gjerne nokre historier, men lar dette vera eit sidespor og sender derfor ikkje tikken vidare frå denne bloggen!
Femti år med levd liv gir sjølvsagt utgangspunkt for ei uendeleg rekke med historier. Eg vel å avgrensa meg til eit utval grunnleggjande historier frå barne- og ungdomstida.
- Eg var i dårleg fysisk form i fleire år i barndomen og i dei første tenåra. Då eg gjekk ut av barneskulen, fekk eg Ng i gymnastikk. Speidararbeidet i 25. Stavanger KFUM redda meg frå eit liv i sofaen. Då eg begynte i speidartroppen var eg tung og rund. Beina sleit med å bera både meg og ryggsekken. I løpet av tenåra blei friluftsliv ein viktig del av livet mitt og eg reiste på turar i helgene og om sommaren. Men eg blei aldri noko vintersports-menneske!
- Eg meldte meg inn i Rogaland Historie- og Ættesogelag då eg var 11 år og har sidan vore medlem. Eg var blitt interessert i slektsgransking gjennom besøk hos slektningar som hadde ei omfattande slektstavle på veggen. Sidan sat eg mykje på lesesalen på Statsarkivet og forska på slektsopplysningar i gamle kyrkjebøker, folketeljingar osv. Eg opplevde det som om eg var det einaste medlemet under pensjonsalderen, men det gjorde ikkje noko. Då eg skulle ut i arbeidsveka i ungdomsskulen, spurte eg om å få vera på Statsarkivet. Resten av ungdomstida hadde eg sommarjobb + kveldsarbeid på arkivet.
- Eg vaks opp med bokmål som skriftspråk, men gjorde opprør mot den språklege undertrykkinga mens eg gjekk på gymnaset. Ungdomsopprøret mitt bestod i å gå over til å bruka nynorsk med utgangspunkt i slagordet Snakk dialekt, skriv nynorsk. Dette var ikkje eit heilt vanleg val i Stavanger, heller ikkje på den tida.
- Eg var som 17-åring med på ein speidartur som enda med leiteaksjon. Fem ungdomar frå førarpatrulja i 25. Stavanger KFUM gjekk over fjellet frå Jørpeland til Bratteli. Då me ikkje kom heim med rutebåten frå Lysefjorden søndag ettermiddag, blei det sett igang leiteaksjon. Dagen etter blei me "funne" av politiet. Sjølv hadde me heile tida visst kor me var, men pga tåke brukte me lenger tid enn planlagt på turen og me nådde derfor ikkje båten på Bratteli. Leiteaksjonen blei sett igang frå Jørpeland, men ingen kom på å sjekka det som var målet for turen vår. Me greidde å få gitt beskjed om at me var i live via ein privat telefonlinje (les: ståltråd) frå Bratteli til Bakken, der den siste fjellbonden i Lysefjordområdet framleis levde. Han hadde kontakt med omverda gjennom vanleg telefon.
- Eg begynte så smått å røyka då eg var i 18-års alderen, sjølv om eg frå barndomen hadde vore innbitt motstandar av at far min røykte. Så traff eg Inger og blei kjærast med henne. Ho gav meg eit klart og tydeleg val: Anten henne eller røyken! 30 år seinare er eg uendeleg glad for at eg valde henne.
- Eg tar også med nokre grunnleggjande punkt i trushistoria mi: Då eg var tre månadar, blei eg døypt til den kristne trua i St. Petri kyrkje. I barneåra lærte mor meg å tru på Jesus. Men det var ein periode dette betydde lite for meg. Eg fann vegen tilbake til ei bevisst kristen tru i løpet av konfirmasjonstida i Hinna kyrkje. Heldigvis hadde eg på den tida også speidarleiarar som på ein sunn måte utfordra meg til å leva i tru og teneste. Det var i dette speidarmiljøet eg møtte tanken på å studera teologi, men før eg begynte studiet var eg "eittåring" i Klepp KFUK-KFUM. I løpet av året på Klepp knytte eg også kontaktar som førte meg tilbake til Jæren etter at eg var ferdig utdanna prest.
Dette var skikkelig bra lesestoff, Arne!
Håper å få høre flere historier etter hvert :)
Posted by: Harald | måndag 12. mars 2007 at 10.39
Ja, passe juicy historier ;-)
Posted by: Heidi: | måndag 12. mars 2007 at 20.52