Det har dei siste vekene vore uro omkring Tempelhøgda i Jerusalem. Israel har starta arbeid med å rekonstruera gangbrua opp til Mughrabiporten, som er den einaste israelsk-kontrollerte inngangen til Tempelhøgda, og har i samband med dette også sett igang arkeologisk arbeid rett utanfor muren ved denne gangbrua.
Kort fortalt er situasjonen og maktfordelinga i dette området slik i dag: Etter at Israel tok Gamlebyen og Aust-Jerusalem i krigen i 1967, har muslimane fått halde på kontrollen over Tempelhøgda der det idag står store og viktige muslimske heilagdomar (Al-Aqsa og Klippedomen). Israel held på kontrollen over Mughrabi-porten for at ikkje muslimane skal kunne stengja Tempelhøgda fullstendig. Den gamle gangbrua opp til porten blei øydelagt i uver for få år sidan, og dette er bakgrunnen for det israelske arbeidet som nå er sett igang.
Arbeidet har ført til høglydte muslimske protestar. Det blir hevda at Israels mål er å øydeleggja grunnen under Al-Aqsa-moskeen. Men arbeidet foregår utanfor murane. Tvert imot er det muslimane sjølve som har arbeidd mykje under overflaten av sjølve Tempelplassen, i samband med at dei har bygd ein stor moske i dei underjordiske romma kalla Salomos staller.
Nettsida Porten til Midt-Østen skriv om striden og bakgrunnen for konflikten i artikkelen Kampen om Mugrabi-porten. Denne nettstaden blir driven av organisasjonen Med Israel for fred, som ønskjer å formidla informasjon frå Midt-Austen slik israelarane sjølve vurderer situasjonen (les meir).
Den som er arkeologisk interessert, vil sikkert like å lesa nettmøtet Q and A on the Temple Mount with Dr. Eilat Mazar frå Jerusalem Post. Eilat Mazar er ein anerkjent israelsk arkeolog. Elles følgjer bloggen PaleoJudaica dagleg med på stoff om det arkeologiske arbeidet og om konflikten under overskrifta Temple Mount Watch, sjå f eks dagens artikkel (her) der blant anna nokre av Mazars svar blir kommentert.
Israelarane har denne veka sett opp webkamera for å visa kva som skjer på staden. Arkeologane er i aktivitet frå søndag til torsdag kl 06.30 - 14.00.
Comments