Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

sø. må. ty. on. to. fr. la.
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« Kyrkjefedrane | Main | Stoltenberg på heilag grunn »

torsdag 14. desember 2006

Veien til Betlehem

I kveld har eg vore og sett filmen Veien til Betlehem. Jesu barndomshistorie er ei veldig kjent og viktig forteljing, og eg syns det var spennande å sjå koss denne forteljinga var blitt behandla som film.

Det er mykje bra å seia om filmen. Spesielt blei eg imponert over Josef, spelt av Oscar Isaac. Tolkninga av Josef fekk fram mange flotte trekk ved denne bibelske personen. Det var også fint å sjå koss livet i Nasaret var skildra. På mange måtar minna bygningane og miljøet meg om Nazareth Village som eg besøkte tidlegare i haust. Eg syns scenene med daglegliv frå Nasaret verka sannsynlege og ekte.

Filmen set også Jesu kome inn i ein større samanheng. Slik sett er det verkeleg ein film for adventstida. Det heile byrjar med eit sitat frå profeten Jeremia (23,5-6) der det står om dagar som skal koma då ein rettferdig spire skal veksa fram i Davidsætta. Det blir gjort klart at den messianske forventninga låg som eit bakteppe i Galilea i tida rundt Jesu fødsel. Samtidig kjem det fram kor annleis Jesu fødsel var i forhold til dei mange forventningane som fanst. Det var slett ikkje venta at Messias skulle koma som eit barn!

Eg syns den delen av filmen som handla om Betlehem, var den svakaste. Dessverre, må eg seia, for dette skulle jo vera høgdepunktet! Josef og Maria kom i følgje filmen fram om natta og han hadde det meir travelt enn eg har forestilt meg med å finna husly før fødselen sette igang. Det var ingen andre menneske ute då dei kom til Betlehem. Jo forresten, det var visst ein mann der, som lot dei få ta inn i grotta der dyra hans var. Men eg fekk heller ikkje seinare inntrykk av at det var levande liv i byen der Jesus blei født! Den nyfødte Jesus fekk besøk av gjetarar og vismenn (samtidig!) og Josef flykta med Maria og barnet til Egypt i siste liten. Alt dette skjedde i rask rekkefølgje, - eg fekk mest inntrykk av at det skjedde i løpet av ei natt ...

Herrens engel som kom med viktige bodskap, var fint framstilt. Men kvar blei det av den store himmelhæren som song Gloria på markene utanfor Betlehem?

«Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jord
blant menneske som Gud har glede i!»

Trass dette hadde eg alt i alt ei god oppleving i kinosalen. For meg fungerte det som ei annleis levandegjering av den store juleforteljinga. Og dette er jo bibelstoff eg sjølv arbeider mykje med  for tida, gjennom adventsgudstenester og andre samlingar, og gjennom førebuing til julehøgtida i kyrkja.

Oppdatering 15.12: Sjå også Peter T. Chattaways vurdering av filmen på Christianity Today Movies (via NT Gateway Weblog).

Comments

Fin blogg!

Ja, denne filmen har fått veldig ulik mottakelse rundt omkring. Jeg har for eksempel sett slakt i filmblader, men voldsom ros i Vårt Land.

Selv syntes jeg ikke filmen var det helt store, som du også kan lese mer om i bloggen min om du vil... Men det var jo en hyggelig liten førjulssak likevel! :)

Post a comment

Comments are moderated, and will not appear on this weblog until the author has approved them.

If you have a TypeKey or TypePad account, please Sign In

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja