Velkomen!


  • Bloggen er nå flytta til arneberge.wordpress.com. Her er det ny aktivitet i tillegg til at alt dette stoffet er flytta over dit. Notata på denne bloggen er ofte relatert til Bibelen. Spesielt er eg interessert i arkeologi, historie og geografi knytt til Det nye testamentet. Elles skriv eg blant anna om reiseliv, friluftsliv, kyrkjeåret, israelsmisjon og om den kristne trua sine historiske røter. Bloggen er skriven frå Bryne. Enkelte notat har eit visst lokalt tilsnitt!

april 2008

sø. må. ty. on. to. fr. la.
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      

« Mysterium | Main | Godt nytt år - Anno Domini 2007 »

søndag 31. desember 2006

Født i Betlehem eller i ...?

Denne jula har det vore ei rekke medieoppslag om kvar Jesus "eigentleg" blei født. Det viser seg å vera godt stoff. Men det er viktig å vera merksam på at me finn heile spekteret frå fagleg interessante artiklar til det eg vågar å kalla useriøs vidareformidling (kvitvasking?) av heller tvilsame teoriar.

Stavanger Aftenblad har i papirutgåva 29.12 den interessante kronikken Født i Betlehem eller Nasaret? Det er Fartein Valen-Sendstad som skriv, og han går gjennom historiske argument for og mot det tradisjonelle synet som seier at Jesus blei født i Betlehem i Judea. Han peiker blant anna på at profetien i Mika 5,1 ff truleg ikkje var så viktig i jødisk tru på Jesu tid og meiner det er meir sannsynleg at den har kome inn som skriftbevis i ettertid enn at denne profetien er kjelda til Jesu fødestad. Han avsluttar med å seia at me historisk sett ikkje kan konkludera og seia "her var det!", men at det er mogleg å seia at det er gode argument som peiker i retning av Betlehem.

Dagsavisen har julaftan artikkelen Et barn er født i ..... hvor? skriven av Roger Hercz. Han har intervjua ulike fagfolk og kyrkjeleiarar i Jerusalem og Betlehem om temaet, og presenterer teoriane om Nasaret, evt landsbyen Betlehem i Galilea, som interessante alternativ til bibelforteljingane om Jesu fødsel i Betlehem i Judea. Han vinklar det heile slik at diskusjonen får eit aktuelt tilsnitt: kanskje er det i historia om Jesu fødsel ein hemmelighet som kan hjelpe oss til å forstå vår fleirkulturelle verd anno 2006. Litt søkt, spør du meg, men la gå!

Det oppslaget som blei sitert oftast (pga NTB), var også det mest useriøse. Den danske avisa Kristelig Dagblad hadde rett før jul ein artikkel med tittelen Ny debat om Jesu fødested. Dette var ein reportasje frå den israelske landsbyen Betlehem i Galilea (altså ikkje Betlehem i Judea) om den israelske arkeologen Aviram Oshri som hevdar at Jesus blei født denne staden. Journalisten fekk det til at "flere og flere" forskarar støttar dette synet og siterer Oshri slik: "Fra et rent videnskabeligt synspunkt peger alt på, at Jesus er født i Galilæas Betlehem og ikke i det kendte Betlehem syd for Jerusalem"! Vidare står det at denne teorien får "bred anerkjennelse" og avisa nemner til og med namnet på ein amerikanske teolog (Bruce Chilton) som bevis for denne anerkjenninga ...

Eg tvilar ikkje på at den israelske arkeologen er overbevist om sitt syn og at han kjempar for sin "baby". Men eg syns Kristelig Dagblad er useriøs i si vidareformidling av dette. Dei smører på med velvillig omtale som om dette er ein akseptert teori, og stiller ikkje eit einaste kritisk spørsmål.

Eg var blant dei som las dette på Kristelig Dagblad si nettside før jul, utan at eg blei særleg imponert. Men NTB opplevde "nyheten" som godt stoff, og dermed fekk mange norske avislesarar lesa om arkeologen som nå fekk støtte av "fleire og fleire" forskarar, sjå f eks her og her.

Sjølv har eg fleire gonger vore i Fødselskyrkja i Betlehem i Judea, og eg har ingen problem med å rekna dette som Jesu fødestad. Ut frå historiske forskningsmetodar, kan det sjølvsagt ikkje bevisast at Jesus blei født på denne staden. Slik sett formulerer Fartein Valen-Sendstad eit historisk syn på ein grei måte. Men det synspunktet som støttar seg på bibeltekstane og på den kristne tradisjonen, står faktisk framleis svært sterkt, også i møte med ei historisk tenkning! Det er slett ikkje slik at dei alternative teoriane har fått "bred anerkjennelse".

Me kan følgja historia så langt tilbake som mogleg, og seia at

  • Evangelistane Matteus og Lukas skriv så tidleg som ca år 70-80 e Kr om Jesu fødsel i Betlehem i Judea, og dei har tydelegvis kvar sine kjelder for det dei skriv.
  • Tradisjonen om at Jesus blei født i grotta som i dag ligg under Fødselskyrkja i Betlehem, kan følgjast tilbake til dei første kristne hundreåra, og den byggjer truleg på dei lokale kristne sin kunnskap om saka. Kanskje kan me slå fast at tradisjonen kan førast heilt tilbake til ca 135 e Kr, då keisar Hadrian bevisst vanhelga grotta ved å leggja ein heidensk offerlund på staden.

Comments

Post a comment

Comments are moderated, and will not appear on this weblog until the author has approved them.

If you have a TypeKey or TypePad account, please Sign In

flickr


  • www.flickr.com
    Arne27's photos More of Arne27's photos

Dagens greske

Familie

Kyrkja