Eg har i mange år meint at statskyrkje-ordninga bør avviklast. Nå har eg også, gjennom Bryne sokneråd sitt arbeid med ein høyringsuttale, hatt høve til å vera med og uttala meg om saka. Bakgrunnen er at eit offentleg utval (Gjønnesutvalet) har lagt fram NOU-en Staten og Den norske kirke, og departementet har sendt ut ei brei høyring der blant anna alle kommunar og sokneråd er bedne om å uttala seg. Du finn mykje stoff om denne saka her.
La det vera sagt med ein gong: eg ønskjer at me skal ha ei folkekyrkje også i framtida. Men for meg er det bindinga mellom kyrkja og folket som er viktig, ikkje mellom kyrkja og staten. Og eg syns det er prinisippielt uheldig at Stortinget, regjeringa og departementet har viktig innflyting på kyrkjeordninga og ved tilsetting av leiarar i eit kristent kyrkjesamfunn.
Men la det også vera sagt at eg meiner spørsmålet om kyrkjeordning ikkje er eit vedkjennings-spørsmål. Eg kan leva med ei statskyrkjeordning også i framtida, sjølv om eg meiner at ei anna ordning hadde vore betre. Den norske kyrkja er, også som statskyrkje, ein del av Jesu Kristi kyrkje på jorda. Og ingen har nokon gong hindra meg i å "forkynna evangeliet reint og forvalta sakramenta rett" (frå ordinasjonsliturgien) innanfor dagens ordning.
Det var litt spenning i lufta då Bryne sokneråd skulle drøfta denne saka! Eg trur fleire enn meg rekna med at det kunne bli ei sak med mange og sterke synspunkt i fleire ulike retningar. Det viste seg at me, etter ein interessant samtale, kunne vedta ein einstemmig uttale, der punktet om framtidig kyrkjeordning blei formulert slik:
Bryne sokneråd støttar fleirtalet i utvalet om ei lovforankra folkekyrkje. Noverande reglar om statskyrkja i grunnlova vert oppheva. DnK får eit større sjølvstende som trudomssamfunn, og blir ”herre i eige hus”, noko som er lettare å forsvare reint teologisk. Samstundes kan ein halde på den historiske kontinuiteten som folkekyrkje. Ein slik prosess vil over tid vere meir samlande enn eit klart brot mellom stat og kyrkje. DnK får ei særleg tilknyting til staten ved at Stortinget vedtek ei eiga rammelov/kyrkjelov for DnK. Vi ser på ei lovforankra folkekyrkje som ei avvikling av statskyrkja.
Elles uttalte soknerådet blant anna at Den norske kyrkja framleis bør ha ansvar for gravferdsforvaltninga og at ein gravplass som ligg i nær tilknyting til eit kyrkjebygg, framleis bør kallast kyrkjegard! Gjønnesutvalet "anbefaler at begrepet kirkegård erstattes av den nøytrale betegnelsen gravlund eller gravplass i lovverket".
Comments